Kven er (Stein) Runar Bergheim?

Eg, innehavaren av denne nettstaden, held til i ein omfangsrik skrott som i daglegtale lyder namnet Runar. Eg er vaksen opp hjå – og går dermed utifrå at eg er son av – Asgjerd og Rasmus Bergheim og er følgjeleg bror til den andre sonen deira, Kjetil. I følgje kjelder som står meg nær har eg vore dette sidan 11. Desember 1974.