Med sykkel og kabelvogn…

Inntil i går kveld hadde eg eit grunnleggande positivt syn på kabelbanene som San Francisco er så kjend for gjennom talrike reiseprogram og spelefilmar. Vognene tek seg fram ved at dei hektar seg fast på eit “eviggåande” kabelsystem som er bygd inn i metallskinner i vegen. Det er heller ikkje til å nekte for at vognene ser fine ut – så lenge ein ikkje er ombord.

Kabelbana mellom Hyde og Powell

Kabelbanevogn på Hyde Street

Etter kring tre kvarter i kø saman med (andre) ekle turistar fekk vi endeleg klemt oss ombord i ei vogn. Eg posisjonerte meg heilt bak på vogna – i håp om å kunne klemme av eitt og anna bilete langsmed vegen. Slik skulle det ikkje bli. Ein surmaga konduktør jaga meg inn i vogna der eg vart ståande klemt saman med dei andre uheldige passasjerane. Idar var på dette tidspunktet minimalt interessert i å sjå noko som helst og hadde sikra seg eit sete. Med mi høgde kunne eg ikkje sjå noko anna enn asfalten rett utanfor glaset når eg stod oppreist. Om eg bøygde meg for å sjå ut, invaderte eg nærgrensa til ein aldrande, kvinneleg, tysktalande turist, så det var ikkje det aktuelt heller.

Snuing av kabebanevogn på Hyde Street

Vognene er retningsbestemte og vert snudde med handemakt på spesielle plattformar i enden av bana.

At kabelvognene er i feil ende av evolusjonen når det gjeld offentlege kommunikasjonsmiddel rår det ikkje lenger tvil om hjå meg. At dei er bevarte i San Francisco reflekterar nok i større grad at dei trekkjer turisthordar enn at dei er komfortable og effektive.

Idar på sykkel framfor Alcatraz

Ein syklande Idar tek ein pust i bakken på stranda under Golden Gate-brua, Alcatraz i bakgrunnen.

Sjølv om det strir mot både Idar og min natur å øyde for mykje kaloriar på fysisk fostring var det konsensus om at vi skulle leige syklar og krysse Golden Gate-brua til Sausalito med muskelkraft, ein svært overkomeleg tur på litt under to mil. Eg er imidlertid styrkt i trua på at sykkelsete er ikkje nokon ynskjeleg sitjestad over tid.

Golden Gate

Golden Gate-brua sett frå sørsida, merk containerskipet som ser ut som ein robåt der det passerer under brua.

I andre enden av Golden Gate-brua ligg Sausalito, eit slag San Francisco Bay Area sitt svar på Solvorn. Her ligg villaer og fritidsbustader tett i tett innimellom yachtklubbar, gullsmedforretningar og “fiine” restaurantar.

2 Comments

  1. asgjerd bergheim

    Flotte greier . Har skrive ut sidene så din gamle far kan få nyte godt av ameruikaturen og.
    Synd at du må heilt til Amerika for å få deg ein sykkeltur.
    Set stor pris på alle meldingar, må seie du overaskar meg gledeleg
    Tross alt er det ferietur

  2. Anders A Fitje

    Med tanke på din sykkelturhistorikk, må eg seie du er dristig. Men du føl vel berre tradisjonen sidan du tek laust med sykkel i landet til dei brave og frie. Fine bilete så langt! Imponert over vegetasjonen.

Comments are closed.