Røyking er farleg

Harald på Jensbakken, som no er både røykfri og fråhaldsmann, var ein føregangsmann innan alkohol og nikotin i Bukta. Sjølve innføringa var det vel helst Håvard i Gunnja som tok seg av, men introduksjonen for substansane skal Harald ha æra for. Dette skjedde då eg var omlag 10-12 år gamal.

Eg og Anders i Kvia hadde på den tida falle litt bakom sosialt og levde ikkje opp til dåtida sitt dampande ideal, der vi gjekk og sparka i grusen, medan kameratane våre allereie bles både skyer og ringar.

Ein dag vart presset for stort og vi tok syklane fatt til Sandane Camping, den næraste niktonkjelda for røykelystne Fitjarar som var ivrige etter å kome igong. På same tid hadde bror Kjetil og Håvard lenge stole tobakk frå sigarettmaskina til Anders Labakken, men dette var noko vi ansåg for å vere langt farlegare og i alle fall ein meir akutt måte å døy på, enn lungekreft.

Aldersgrenser var berre rettleiande på Sandane Camping og etter ei kort forhandlingsrunde var vi på veg fram Fitjedalen til Veslevatnet. Fyrst vel ute i båten var det trygt å plukke fram sigarettpakken som for alltid skulle forandre liva våre, gjere oss vaksne, gjere oss mogne.

Vi gløtte nervøst over skuldrane på både oss sjølve og kvarandre og når vi var trygge på at vi var dei einaste i dalen plasserte vi nølande kvar sin sigarett i munnen. Etter berre to drag vart det imidlertid for mykje for Anders, han stumpa sigaretten sin, mumla noko eg ikkje forstod og kasta resten av sigarettane overbord.

Han var “redd for å verta avhengig”, sa han, når eg spurde kva han dreiv med. Eg var samd. Det var til det beste.

I dag er det berre bror Kjetil som røyker fast. Anders og eg røyker sigarar, men då mest kring juletider og som måten er med sigarar, utan å inhalere.

2 Comments

  1. Anders A

    Det må vel seiast at dette forsøket nok besto meir av trim enn av nyting av rusgifter. Sykletur til campingen, tur opp til Veslevatnet og roing til midt utpå, for ikkje å snakke om alt adrenalinet vi mobiliserte av frykt for å verte tekne; alt i alt var vel cellenedbrytinga mest av det godarta slaget denne ettermiddagen?!?

Comments are closed.