Yosemite Valley og Mariposa Grove Sequoias

Dette skulle ikkje verte ein vanleg bytur med ende- og mållaus gatevandring fjorten dagar til ende, difor tok vi for to dagar sidan vegen til Sierra Nevada. I denne fjellkjeda, som skiljer Nevadaørkenen frå Californiadalen, ligg mellom anna nasjonalparkane Lake Tahoe, Yosemite, Kings Canyon og Sequoia.

Sidan eg var liten, og såg eit bilete av fossen Bridalveil Fall i bestefar si “Jorden Rundt med Det Beste”-bok, har eg alltid hatt lyst til å sjå Yosemite. Difor var det Yosemitedalen som var målet når vi svinga utpå ei av bruene over San Francisco Bay og sette kursen austover i vår nyleigde, burgunderraude Ford Fusion. Turen frå San Francisco til Yosemite tok omlag fire og ein halv time.

Yosemitedalen sett frå Valley View

Ved innkøyrsla til Yosemitedalen var dette eitt av dei fyrste syna som møtte oss: Den massive fjellveggen El Capitan til venstre og Cathedral Rocks til høgre. Fossen Bridalveil Fall er nesten tørr på denne tida av året men er framleis synleg (til høgre på biletet). I kveldssola speglar dei bratte fjella seg i Mercedelva (i forgrunnen).

Yosemitedalen frå austenden av Wawonatunnelen

Idar speidar utover Yosemitedalen frå Tunnel View, utsynet er mykje likt det dei må ha sett dei fyrste som kom her – så seint som midt på 1800-talet.

Meg sjølv ved Glacier Point, Half Dome i bakgrunnen

Meg sjølv ved Glacier Point framom den karakteristiske profilen til Half Dome. Postiuren er diverre ikkje like luftig som den ser ut til.

Idar i bil ved Glacier Point

…og turen opp til Glacier Point er heller ikkje så slitsom som den kan sjå ut til på det føregåande biletet.

Etter å ha lagt bak oss Yosemitedalen køyrde vi vidare langs vestsida av Nevadafjella i retning Wawona. Her, i Mariposa Grove, ligg ein av dei siste få Sequoiaskogane i USA – med ein bestand på omlag 500 av dei kjempesvære trea som kan bli over 100 meter høge og 6-7 meter i diameter ved rota.

2 x Bachelors and 3 x Graces

Meg sjølv framom fire gigantiske Sequoiatre: “Bachelor and Three Graces”, står det på skiltet i Mariposa Grove. “Two Bachelors and three Graces” står det i denne biletteksten.

Idar med konglar frå Mariposa Grove

Alt er større i USA. Merkeleg nok er det den heller moderate konglen til venstre på biletet som stammar frå gigant-Sequoiaen – ikkje den store konglen til høgre som kjem frå eitt av dei “relativt små” grantrea innimellom.

Meg sjølv framom eit rotvelt Sequoiatre: The Fallen Monarch

The fallen Monarch er eitt kjempetre som rotvelte for mange år sidan og som idag ligg like ved parkeringsplassen i Mariposa Grove. Med over 80 meters lengde og kring fem meter i diameter er det eit dugeleg tre – sjølv attåt meg.

One Comment

Comments are closed.