Las Vegas og the Freemont Street Experience

Utkanten av Las Vegas

I Las Vegas, men 32 kilometer frå hotellet vårt! Stor by!

Etter tre-fire timar over fjella og forbi Mohaveørkenen frå Los Angeles byrja ljoset frå Sin City å kome til syne på ein lett disig nattehimmel. I det vi kom inn i tettbusetnaden fortalde dama i navigasjonssystemet vårt at det var 32 kilometer(!) att til hotellet vårt. Eg hadde inntil då trudd at Las Vegas var ein by som berre bestod av casino og spelebuler – ikkje eitt sekund hadde eg førestelt meg kor mykje folk som faktisk bur og lever i verda sin pengespelhovudstad.

Freemont Street Experience

Skiltet som fortel at du er i ferd med å oppleve “Freemont Street Experience”.

Eg har vore på danskebåten, eg har vore i Monte Carlo og eg har vore i Estoril – men Las Vegas var eg ikkje budd på. I Lonely Planet sin USA-guide hadde eg lese at hotellet vårt, Four Queens Hotel & Casino, låg like ved noko som kallast the Freemont Street Experience som eg ikkje hadde ringaste idé om kva var. Det fann eg ut då vi runda hjørnet av hotellet og kom inn på Freemont Street, ei overbygd gate kringsett med så mange neonskilt at eg sjølv utan epilepsi vart svimmel.

Best som eg trudde at eg hadde akklimatisert meg, byrja det å låte frå kjempehøgtalarar oppunder taket – og før eg visste ordet av det kom 12,5 millionar små LED display til live i takhimmelen og heile det 500 meter lange taket synte seg å vere ein videoskjerm. Etter å ha stege som fjetra og glodd i taket i ti minutt var eg så rysta at eg ikkje visste betre enn å få meg ein drink.

Freemont Street, downtown Las Vegas

Freemont Street rommar ei 500 meter lang overbygd gate der heile taket er ein videoskjerm og der ti saman 550 000 watt med høgtalarar brummar ned mot deg under multimediashowa som vert synte kvar kveld.

På Freemont Street sel dei 0.7 liters drinkar i souvenirglas som ser ut som amerikanske fotballar. Eg kjøpte ein Frozen Margerita og kjende meg klar for litt seriøs gambling – det vil seie, så veldig seriøs gambling vart det vel ikkje, eg heldt meg til automatar: slotmaskinar og videopoker. Idar fylgde mitt eksempel når det galdt val av drikke og kan nok tilskrivast mykje av æra for at eg kom ut av kvelden med 20 dollar i gevinst i staden for 200 dollar i tap.

Vi tok kvelden omlag klokka fire på natta, då var det framleis fullt liv i casinosalen – når vi stod opp for å ete frukost klokka 10 neste føremiddag var casinoet fullsett med spelelystne, spelegalne, bedmidla og ubemidla, halvgamle og heilgamle. Mang ei trygd og pensjon fann nok vegen frå trengande spelarar til umettelege spelemaskinar denne morgonen, og den neste, og den neste.

Speleautomatar på Four Queens Hotel & Casino

Four Queens Hote & Casino er heimstaden til verdas største slotmaskin. Her ein liten detalj frå det 5 500 kvadratmeter store spelearealet til casinoet.

Eg tok meg ei fotorunde på morgonkvisten, tykte ikkje at Las Vegas var staden for å gå og veive med eit kamera på nattestid, difor er alle bileta frå Freemont Street tekne i dagsljos. I det vi sette forlet byen, i retning Arizona og the Grand Canyon, vart eg vár enno ein ting eg ikkje hadde sett ved Las Vegas, nemleg at byen ikkje låg midt ute på eit tom og aude sandslette slik eg hadde førestelt meg, men at den var omgjeven av fjell.

Parkeringsplass i Las Vegas

Utsikt frå parkeringsplassen utanfor eitt av Wal-Mart sentra i Las Vegas. Byen ligg ikkje midt på ei endelaus sandslette, men er omgjeven av fjell på fleire kantar.

One Comment

Comments are closed.