Los Angeles: ein bilby der du til ei kvar tid er 7 miles unna dit du skal

Hollywoodskiltet

Hollywoodskiltet måtte fotograferast men var litt oppskrytt der det låg oppe i ein tørr skrent, det tykte no i alle fall eg…

Det suspekte namnet “Americas Best Value Inn” fører tankane raskt hen på eit lugubert overnattingsetablissement med større fokus på fauna og artsmangfald enn på reinhald og trivsel men, som grunna dette, er umåteleg billeg. Trass namnet var Americas Best Value Inn i Los Angeles både reint, triveleg – og relativt dyrt.

Det var få englar og enno ferre fotgjengarar å sjå i “englane sin by”. I Los Angeles er det bil, bil og meir bil som gjeld, andre kan sjå til å pakke seg vekk, noko dei også såg ut til å ha gjort. Det var truleg lurt av dei – ettersom underteikna si køyreopplæring på Sandane på byrjinga av ’90-talet ikkje dekka verken 12-felts motorvegar, sjekking av blindsoner eller døgntrafikk på meir enn 2-3 bilar pr veg. Legg til ein fotgjengar i den likninga og det hadde fort enda med bildrap.

Men: utstyrt med bil, oppdagarlyst og rikeleg tolmod er det mogleg å få med seg ganske mykje på tre dagar i Los Angeles; vi var gjennom det meste av det som vart anbefalt for ein vekestur i ei reisebok eg kjøpte:

  • omsyning hjå Universal Studios,
  • køyretur til utsiktspunkta langs Mulholland Drive,
  • middag på Santa Monica Pier,
  • spasertur på Venice Beach,
  • stjernegloing langs fortauet på Hollywood Walk of Fame,
  • fotografering framfor Hollywoodskiltet,
  • natteliv på Sunset Strip
  • deltaking som “levande studio publikum” under innspeling av eit TV-program (som for vårt vedkomande vart “Late Late Show” med Craig Ferguson hjå CBS Studios).
  • karusellkøyring i den originale Disneylandparken i Anaheim

Den viktigaste lærdomen frå Los Angeles er at dette er ein STOR by. Alt virkar til å ligge 7 miles eller lenger frå kvarandre – og å ta seg fram til fots er bere å gløyme fyrst som sist. Byen virkar ikkje til å vere basert på nokon plan som er openbar for ikkje-planleggjarar.

At dette er hovudstaden til underhaldningsindustrien i USA er det liten tvil om. Heller ikkje at det er industri det er snakk om – i minst like stor grad som underhaldning. Det virkar som om det for kvar “stjerne” er minst 500 usynlege “industriarbeidarar”.

Disnelyand var forbløffande likt Euro-Disney – om det var nokon skilnad var faktisk parken utanfor Paris noko større. I alle fall er karusellane i Euro-Disney mindre sedate enn sine brør og systre i Anaheim. Likevel: det var kjekt å ha vitja staden der “eventyret” byrja.

Walt Disney si stjerne på Hollywood Walk of Fame

Walt Disney si stjerne på Hollywood Walk of Fame

Bileksplosjon i Universal Studios

I filmbyen står spesialeffektar i sentrum. Her ein Bileksplosjon frå settet til the Fast and the Furious i Universal Studios

Idarnator på motorsykkel i Terminator 2 kulissar

Idar på motorsykkelen til Terminator frå Terminator 2-filmen. Terminator sjølv treng ikkje sykkelen lenger då han no er guvernør i California.

Runar møter sin overmann

Meg sjølv og ein stor, grøn, aggresiv og ulikeleg type (t.v.) i Universal Studios

Flykrasjsett frå Universal Studios

Flykrasjsett frå Universal Studios. Det tok uendeleg lang tid å byggje men vart nytta i berre fem minutt i filmen War of the Worlds.

Runar hoppar på Liberace si stjerne i villt raseri

Av mangel på eit betre hatobjekt hoppar eg her opp og ned på stjerna til Liberace i vilt raseri. Til venstre kan ein sjå ei undrande Hollywood-dame som lurer på kvifor ein 2 meter høg svartkledd kar står og klampar opp og ned på fortauet medan ein annan underleg skrue tek bilete av det heile.

One Comment

  1. asgjerd bergheim

    Takk forat du delar dine opplevelsar med meg. ser fram til eit møte og ei meir utfyllande samtale om alle dine opplevingar

Comments are closed.