Ei ny helg står for døra i Abu Dhabi

Balladia

Biletet ovanfor syner kommunehuset i Abu Dhabi der eg arbeider. Det er noko meir “grandiost” enn kommunehusa heime – men så har då også kommunen 1 694 000 fleire innbyggjarar!

Forrige helg gjekk med til å pleie helsa etter at eg vart slegen ut av feber fredag ettermiddag. Dermed fekk eg ikkje utforska Abu Dhabi slik eg hadde sett føre meg – ei heller Al Ain-oasen eller nabobyen Dubai. Det lyt vere til seinare vitjingar. No er helsa oppe der den brukar å vere att, det vil seie, i botnsjiktet, og ei ny helg står for døra; alt skulle såleis vere duka for noko større opplevingsrikdom denne helga!

2 Comments

  1. Asgjerd Bergheim

    Ser flott ut og håpar det har vert mest positivt å vere der.
    Gledar meg til å få høyre meir ved heimkomst.
    Her har vert ragnarokk i fleire dagar, alt stengt aust/vest!

Comments are closed.