Veslejulaftan, 5. januar 2008

Frå venstre: Are Frode, Eirik, Runar, Kåre, Kjetil og Anders

Gjengen samla utanfor Bar & Cigar i Oslo, 5. januar 2008. Frå venstre: Are Frode, Eirik, meg sjølv, Kåre, Kjetil og Anders.

Anders, Are Frode, Eirik, Kjetil, Kåre og eg sjølv, byrja i 1988 å samlast på Veslejulaftan for å røyke sigarar, utveksle gåver og elles oppsummere året vi hadde vore gjennom. Samlinga oppstod som ein reaksjon på at Anders eitt år var så oppteken med å bruke opp dei tredve sølvpengane sine at han let ein fotegåande, Kjetil, stå att i snøslapset i vegkanten på Ytre Fitje, medan han sjølv køyrde forbi i bil, på veg til Sandane. Kjetil var då på veg heim frå Bjørkestad etter å ha overrakt Anders julegåva si.

Samlingane fann frå starten av stad hjå Anders på Bjørkestad. I fyrstninga var mor til Anders, Kjellrun, kokke og vertinne. Seinare, når Anders si matlagingslyst – og evne – kom i bløming (i den rekkefølgja og med berre eitt års mellomrom), tok Anders over denne oppgåva sjølv.

Ettersom tida gjekk, vart laget flytt frå Bjørkestad til det gamle gardshuset på Kvia, der det vart arrangert kvart år fram til 2006, då Anders måtte sone jul hjå svigerfamilien sin austanfor, og såleis ikkje kunne vere tilstades. Samlinga vart det året avvikla på Arnestad, i huset til fader Rasmus. Maten fall i kvalitet men auka i volum – og trass den openbare mangelen på Anders, vart også den samlinga vellukka.

Med åra har vi alle fått meir ansvar og fleire oppgåver, såleis vert det stadig vanskelegare å samlast på sjølve Veslejulaftan. Anders og Kåre har båe gifta seg og vil måtte pårekne alvorlege sanksjonar om dei uteblir frå heimen på Veslejulaftan. Kjetil er så godt som gift, og Eirik er småbarnsfar i dei djupe svenske skogane. Are Frode på si side, hevdar å vere ein fri agent, men driv omfattande pollineringsarbeid i musikk-Noreg.

Det var klart for oss at 2007 kom til å bli eit skjebneår for tradisjonen, og vår siste bastion innan initiativtaking, Kjetil, hadde nær gjeve opp heile greia då vi kom til slutten av november.

Anders, Kjetil og eg sjølv rådslo, og kom til at noko alvorleg måtte gjerast. Også ved tidlegare høve hadde vi måtta ty til radikale grep, som å flytte Veslejulaftan frå 23. desember til andre datoar, for å tilpasse oss motstridande kalendrar og interesser.

Andre nemneverdige avvik har inkludert gjesteopptrednar av representantar frå to andre land – og tre andre kulturar: fyrst ute var Michael, studiekameraten til Are Frode frå Sør-Afrika, dernest kom Hege frå Bærum som var medvertinne på Kvia i 2005 – og same år Aline frå Brasil, som imponerte den faste besetninga med å drikke si eiga vekt i kvitvin – for deretter å tilkjennegje alle teikn på ei som nett hadde drukke si eiga vekt i kvitvin.

Det 19. arrangementet i rekka vart avvikla i Oslo, 5. januar 2008. Aperitifar vart inntekne i baren Summit 21 på SAS-hotellet og sjølve middagen på restauranten “Hos Thea”. Påfølgjande sigarrøyking fann stad på utestaden Bar & Cigar. Med unnatak av eit dårleg marknadstilpassa kulturinnslag, som involverte ein hordalending som gjorde seg skuldig i aktlaust dikt til den umiskjennelege lyden av hardingfeleøving, var kvelden suveren.

9 Comments

  1. Anders A

    Denne opphavshistoria må reviderast litt. Det er rett at eg køyrde forbi Kjetil i vegkanten, men det var far min som køyrde, eg sat bak i baksetet. Kjetil var på veg heim etter å ha vore ut til meg med julegåva, og vi passerte karen ved Storebrua, på veg heim frå Sandane. Men eg vinka til han gjennom bakvindauget. Eg smilte til han også, og det var meint som eit venleg smil. Kanskje vart det ikkje oppfatta slik der i slapset.

    Det er denne episoden som altså har resultert i 19 år med harde økter ved grytene, det er det verd å merke seg. Likeeins at ein skal passe på å ikkje forurette Kjetil, det kan få konsekvensar.

  2. Kjetil Reite

    Dette er nokså nær det som skjedde ved Storebrua vesle julaftan 1987, men ikkje heilt slik eg hugsar det. Anders sat i baksetet på Opelen til Audun Fitje. Då han såg meg, vinka han slett ikkje, men gjorde i staden ein merkeleg grimase og trekte i halsen på genseren. Desse faktene virkar det som om han hadde lært i Donald eller andre teikneseriar.

    Eg meinte det var naturleg for Anders å stanse, men gjengen (Anders, Kristen og Audun) køyrde berre vidare.

    Hvis dei hadde stansa, hadde vi truleg ikkje hatt nokon tradisjon for å markere vesle julaftan. Så omsider har eg lært at det kom noko bra ut av hendinga like vel.

    Men Anders lærte absolutt ingen ting om å ikkje forurette Kjetil etter denne episoden ved Storebrua 23. desember 1987.

    Andre detaljar kring vesle julaftan:
    – Rå eggeplomme vart servert ved feiringa i 1991
    – Kjellrunn vart etter dette henta inn att som kokke, før Anders overtok att seinare ut på 90-talet.
    – I 1991 eller 1992 brukte Are-Frode og Anders kvelden på å diskutere skilnaden mellom kitsch og camp.
    – Eirik deltok ein gong på vesle julaftan på Fitje. Det var truleg i 1990, og kvelden gjekk med til å prate om Sasja. “Du må snakke med Jostein” var ein av Anders sine flittig brukte kommentarar denne kvelden.
    – Underteikna prøvde saman med vert Anders A. Fitje å innføre underhaldningsinnslag i 1993. Mellom anna med ein heimelaga song.

  3. Ved ei av dei tidlegaste samlingane vart det også teke opp litt video. Denne dokumentaren syner mellom anna utøving av “Jenka”, i noko som sikkert er meint å vere 2/4-dels takt, i kjellaren på Bjørkestad.

    Alle deltakarane er ikledd konfirmasjonsaktige dressar som anten heng alt for laust (Anders sin) eller sit noko tettare enn skreddaren nok hadde sett føre seg (min).

    Når det gjeld dei underhaldningsinnslaga frå 1993, så hadde desse neppe sluppe gjennom PFU i dag. Eg meiner å hugse at dei fleste av songane dykkar, om dei ikkje hadde injurierande kraft, i alle fall hadde injurierande intensjon. Og det er, som de veit, tanken som tel!

  4. Kjetil Reite

    Det stemmer nok. Songen ville knapt ha sleppt gjennom som debattinnlegg på dei minst etterrettelege nettsidene i landet. Her er verset om Anders:

    Eg er Anders Fitje eg er odelsgut
    og eg jobbar hardt for ikkje å slite meg ut.
    Men i dag så har eg malt ein kjøkkenvegg
    for å kunne investere i eit stereoanlegg.

  5. Dette minner meg om ei tekstmelding eg mottok hausten 2007 frå ein som skal forbli namnlaus. Den var nøktern, kortfatta og presis, men oppsummerte heile problemet med norsk arbeidsmoral i ei enkel setning:

    “Har heimekontor, legg fliser på badet”

    Jau…

  6. Solfrid

    Ang.det å levere julegåve til Anders,så kan faktisk eg og sei ein heil del om det visst eg ville. Men det vil eg ikkje, eg vil heller stå på god fot med Anders.
    Eg tykkjer det er fantastisk godt gjordt å greie halde på ein sånn tradisjon i så mange år.Litt av årsaka er nok slik som i mange andre samanhengar, at det står mødre bak. Det gjorde det i allefall, det kjem jo tydeleg fram heldigvis. Sjølv om ikkje eg er nemt vil eg berre få sagt at eg har stroke skjorte, pussa sko,lånt bort bilen o.s.v.i samband med denne lisjejulaftatradisjonen.
    Elles vil eg og sei det er ei viktig sak å ta vare på vener. Og dette er jo ein måte å gjere det på.Eg synest det er ein traust gjeng og eg håpar det går bra med dokke alle saman fram til neste samling.Hugs eg har kjent dokke fra de var små og eg kunne fortelje mangt visst eg ville, men det vil eg ikkje.Eg vil heller at Runar skal kome på besøk i Porsvegen slik som før.
    Godt vi mødre endeleg fekk eit betre innblikk i denne tradisjonen. Heretter vil eg nok vere meir forståelsefull kvifor dette er så viktig.
    Lukke til med neste samling.

  7. Vi “hine” har naturlegvis aldri mistenkt skjortestryking og skopuss for å vere mellom dei elles mange positive sidene til Kjetil; vi har derimot mistenkt det du her stadfestar. Utanom ein gong, då Kåre og Are Frode kjende på stoffet i dressane til kvarandre, har ikkje tekstilpleie vore oppe som diskusjonsemne. Mysteriet har difor fått leve.

    Vi er fullt klare over at samlinga vår mang ein gong har medført forsaking av heimlege ynskje og tradisjonar – samt at all logistikken i stor grad har vore mødrebasert. For dette vil vi gjerne rette dykk alle ei stor takk!!!

    Elles må du ikkje brenne inne med alt dette som du har å fortelje om oss – “om du ville”. Eg kjem gjerne ein tur i Porsvegen for å verta opplyst 🙂

  8. Solfrid

    OK då…
    Det hadde seg slik at det for ein god del år sidan levde ein skytebas i bygda. Han meinte at vi innflyttarane i Åsen burde gjere eit forsøk på å bli betre kjent med bygdafolket. For ein ting hadde vi jo felles og det var at vi hadde bygd husa våre på fjell.
    Eg tenkte at dette kunne han ha heilt rett i og bestemte meg for å begynne på Kleiva. Det skulle vise seg at det kanskje ikkje var så lurt. For ein liten kjekk og triveleg kar som budde i huset nekta plent å helse på meg.Eg har spekulert mykje på kva grunnen kunne vere. Var det fordi det borti Åsen gjekk ein anna liten kjekk og triveleg kar rundt i bunaden som han sjølv hadde vokst ifra eller var det fordi han var så framsynt at han skjøna at her har vi ein lefsekunde ho mor aldri blir kvitt? Var han kanskje redd for propellen i bakvinduet på Saaben min eller såg vi innflyttarane annaleis ut enn glopparane? Dette får eg nok aldri svar på. Det vil nok vere eit av dei mange ubsvart spørsmåla i livet.

Comments are closed.