Nokre få ord om Dubai

Burj al Arab sett frå souqen Madinat Jumeirah. Ikkje tvil om at det er eit storflott bygg, men er det ein turistattraksjon dersom ein ikkje bur der?

Etter å ha forbrote meg mot Sabbaten på fredag og arbeidd mesteparten av dagen tok eg og kolleaa Mike oss fri laurdag for å ta ein kikk på Dubai. I motsetnad til Abu Dhabi er Dubai velkjent for folk. Folk som ikkje har vore i Dubai trur gjerne at alt der dreiar seg om off-shore båtrace; om luksushotell; om raske bilar; og om søkkrike sjeikar – noko som forsåvidt stemmer godt overeins med røyndomen.

Mike delar mi interesse for å farte kringom med svære, dyre kamera som tek bilete som til forveksling er like dei bileta ein kan ta med knøttsmå billegkamera – såleis levna det liten tvil om at vi må ha sett ut som om vi var råka av eitt alvorleg tilfelle turisme, der vi stod og fotograferte alt som fotograferast kunne. Det er ein del det, i Dubai.

Det er litt underleg at ein så stor by som Dubai vert berømt for noko så ubetydeleg som eitt hotell. Det er ikkje til å stikke under ein stol at Burj al Arab er ein markant bygning – men eg tykkjer hysteriet om denne overnattingsinstitusjonen er sterkt overdrive. Likevel måtte eg naturlegvis ta eit bilete av stasen (over).

På Madinat Jumeira Souqen kan ein få oppjustert vasspipesamlinga si. I dag tek eg den raude vasspipa, takk!

Eit fossefall i ørkenen. Som alt anna i Dubai; kunstig – men fint likevel.

Imponerande takboge i Mall of the Emirates. Truleg ikkje dimensjonert for store snømengder på taket…

…men like fullt dimensjonert for store snømengder inni! Ski Dubai: ein 400 meter lang skibakke med 150 meters høgdeforskjell inne i Mall of the Emirates.

One Comment

  1. asgjerd bergheim

    Veidig imponert her eg kjem frå gjebussen til Korken og rett inn i utaskjærsk atmosfære…så langt frå det fryktelege uveirsråka Vestland det går å kome.
    Kjenne det varma langt inni sjæla….meir av dette kjære son!

Comments are closed.