Sand, sand, sand…

Sanddyne i ørkenen mellom Abu Dhabi og Al Ain i låg kveldssol

Handling er ein fin ting, men det finst grenser for kor lenge ein kan rusle kringom i Abu Dhabi og handle. Ein kan naturlegvis variere med å ta seg ein tur til Dubai for å handle. Men det er, når alt kjem til alt, ikkje så veldig annerleis å handle i eitt stort kjøpesenter enn det er i eitt anna. Eitt populært alternativ er å køyre ut i ørkenen med ein firehjulsdriven bil og la trafikkreglane bli att på vegen.

Å køyre i sanden er ein kunst arabarane kan. Det viktigaste er å ikkje stanse, men heile tida halde bilen i rørsle. For å få betre grep i den lause sanden tappar ein også gjerne ut noko lufta or dekka. Deretter køyrer ein som ein villmann i sanddynene utan overdriven respekt for liv og helse hjå passasjerar eller andre bilistar.

Onsdagsettermiddagen la Tove, Jorunn, Jens, Mike og eg ut på tur saman med ein halvgalen indisk sjåfør for å prøve oss på sanddynene mellom Abu Dhabi og Al Ain. Bileta over/under var tekne på denne turen. Det var ein langt tryggare tur enn dei eg har prøvd før i Brasil, men likevel tilstrekkeleg til å byggje opp atskilleg adrenalin i skrotten.

På vegen ut til dynene var vi innom ein kamelfarm. Her kunne ein kjøpe seg ein ordinær kamel for mellom 1 000 og 2 000 DHS. Det vart ikkje kjøpt noko denne dagen.

Arabarar i Land Cruiserar leikar seg i sanden.

Det er vanskeleg å skjøne kvifor bilane ikkje kvelvar slik det vert køyrt. Det er enno vanskelegare å skjøne når ein sit inni.

Medan det framleis er lyst like etter solnedgong får sanddynene ein mjuk, fløyelsaktig utsjåand.

One Comment

  1. asgjerd bergheim

    Eit etterlengta livstegn, som med respekt å melde kan bidra til at mor kjenner seg “viss” på at sonen bevegar seg i “trygge omgjevnader”.

    Vonar dette er sendt etter turen!

Comments are closed.