Al Ain Palace

Al Ain Palace, det eldste hotellet i Abu Dhabi. Ein gong palasset til Sheik Zayed bin Sultan al Nahyan – no tilhaldsstad for brunstige tyskarar og kvinnelege småentreprenørar. I bakgrunnen, Le Royal Meridien med den roterande takrestauranten sin.

Grunna innrykk av feriegjester vart leilegheita til Oskar midlertidig overfylt og som sist ankomne nordmann i Abu Dhabi vart det mitt lodd å forflytte meg til Al Ain Palace for nokre dagar. Her fekk eg oppleve ei ny side av Abu Dhabi. Eg hadde eigentleg forestilt meg at dette emiratet, som er strengt religiøst, ville vere litt restriktivt når det kom til slike ting som omsetning og konsum av alkohol og seksualtenester, men det var feil; på Al Ain Palace var omsetninga av båe varekategoriar i full gang allereie i sekstida på kvelden når eg kom attende frå arbeid.

Dei to fyrste nettene hadde eg den tvilsame gleda av å ha ein tyskar på naborommet. Klokka sju om kvelden var han i gong med det eg trur må ha vore dagens fyrste runde med “kinesisk take-away” som småentreprenørane vert kalla her nede. Hadde det vore jentene som laga ein så fælsleg lyd som eg høyrde frå naborommet hadde eg ringt politiet. Det var imidlertid tyskaren sjølv som stod for lydane; det må venteleg ha vore uttrykk for noko han tykte om, men det høyrdest knappast slik ut for utanforståande eller -liggande.

Men det er ikkje nok med det. På hjørnet av Al Ain Palace ligg eitt ulovleg men “akseptert” alkoholutsal. Her kjem ikkje-heilt-rettruande muslimar i bilar med sota ruter og kjøper brennevin i diskret forpakning som vert plassert rett i bagasjerommet, teke imot betaling for gjennom ei smal glipe i bilvindauget og sidan aldri meir spurd..

Det mest underlege ved dette er at Al Ain Palace det eldste hotellet i Abu Dhabi, og at det tidlegare har vore palasset til den mykje omtykte Sheik Zayed, grunnleggjaren av UAE. Såleis burde alt liggje til rette for at hotellet kunne ha vore mykje meir attraktivt enn det er i dag – om det berre hadde gjort litt meir ut av historia si og litt mindre ut av ekstratenestene som vert selde på staden.

One Comment

Comments are closed.