Den etiopiske kaffiseremonien

– “Skal vi gå og ta ein kaffi før vi dreg attende til leilegheita?”, spurde eg Tor Gunnar etter å ha klemt meg ut døra frå det uvanleg trange lokalet til Abu Dhabi New Tailors.

Som sagt så gjort; etter å ha konstantert at det var fullt på det næraste etablissementet Juice & Refreshments sette vi oss ned hjå nabo og konkurrent Aman Refreshments.

Denne serveringsstaden vart etter det vi kunne sjå driven av – eller i alle fall betjent av – nokre unge jenter, og i det dei vart vare oss nådde stemninga nye høgder ute på kjøkenet. Dei fniste voldsomt, og frå tid til tid stakk eitt nytt hovud fram i døropningen for å sjå på oss; noko som utan unntak resulterte i meir fnising.

Vi vart oppvarta av ei ung jente som opna med å handhelse på oss, noko som sette oss båe ut av spel allereie før vi hadde fått bestilt. Eg undra om ho hadde kaffi, det hadde ho, og Tor Gunnar bestillte juice. Det varte og rakk før drykken kom på bordet, men det er mykje som er verre enn å sitje og slappe av på ein fortausrestaurant i Abu Dhabi, ein vinterkveld i 20 varmegrader.

Så kom jenta attende med juicen og kaffien.

Kaffikanna som vart sett framfor oss var ulik alle dei kaffikannene livet hadde bydd på så langt, og vi var svært usikre på korleis vi skulle angripe dette for ikkje å gjere det alt for tydeleg at dette var upløgd mark. Attmed kaffikanna stod det ein, to… øøøh… tre hjarteforma koppar. Etter å ha deponert denne anretninga på bordet, trakte jenta fram ein stol og sette seg ned hjå oss.

Ho gjorde ikkje noko teikn til å skjenke kaffi eller prate eller noko, ho berre sat der og smilte – og i skarp kontrast til nordmennene ho no hadde føre seg, var ho ikkje redd for å møte blikket deira. Pulsen min auka og svetten melde sin ankomst oppunder hårfestet. Slik åtferd var heilt utan presedens og ein rikhaldig flora av framandfrykt og fordomar, samla opp gjennom eit langt liv i relativ isolasjon, melde sin entre.

Etter å ha gjenvunne 5% av fatninga freista eg å spørje korleis vi skulle gå fram for å iføre oss kaffien på rett måte – korpå jenta gav meg beskjed om at dette var “etiopisk kaffi”. Det var eit anvendeleg svar som ho nytta også på dei fem neste spørsmåla eg stilte.

Til slutt valde Tor Gunnar å skjenke sjølv. Han skjenkte imidlertid ikkje i meir enn to av koppane – i frykt for at det å skjenke kaffi til ei ung etiopisk jente var jamgodt med eit ekteskapsløfte. Dette virka likevel ikkje til å ta luven frå borddama vår.

Etter at vi hadde fått i oss litt kaffi, og skrytt meir over kor velsmakande denne var enn det strengt take var grunnlag for, opna jenta for kommunikasjon. Engelsken hennar synte seg å vere langt betre enn dei innleiande rundane hadde indikert og ho tilkjennegav eit breitt register av kunnskap om både eitt og hitt. Etterkvart våga eg meg til å skjenke i den tredje koppen.

Jenta og familien hennar hadde kome over frå Etiopia for fem år sidan og dei dreiv no denne vesle kafeen i eitt lokale der nokre marokkanarar tidlegare hadde selt hamburgarar. Ein svær burgar pryda framleis skiltet over inngangsdøra sjølv om vareutvalet no var avgrensa til juice, kaffi og shisha (vasspiper). Det var så dyrt å skifte skilt at dei hadde valt å behalde både namnet og burgaren frå den tidlegare eigaren. Dette i skarp kontrast til Asplan Viak som med jamne mellomrom, og utan noko openbar årsak, skiftar logo og “grafisk profil”.

Var vi i ferd med å inngå eit giftarmål? Hadde jenta tapt eit veddemål ute på kjøkenet? Var ho ganske enkelt ei hyggjeleg jente som ville prate? Spørsmåla var mange, men i det enno ei jente ankom kafeen og avleverte eit faretruande breitt smil til Tor Gunnar fann vi at tida var inne for å bryte opp.

Med lovnader om å kome attende etter fyrst å ha lese meir om Etiopia på Internett gjekk vi attende til bilen så fort vi kunne utan at det skulle sjå mistenkjeleg ut.

I dag søkte eg som lova på Internett: Det synte seg (nok ein gong) at det var egoa våre som hadde spela oss eitt puss. Det vi hadde vore med på var ein tradisjonell etiopiske kaffiseremoni. Kaffi står i ei særstilling i Etiopia og vert innteken tre gonger dagleg: morgon, middag og kveld. Kaffimålet er ein viktig sosial institusjonen i landet og er bakteppet for informasjonsutveksling om stort og smått.

Kaffien skal tilvirkast av ei ung jente etter ein omstendeleg framgangsmåte. Vi skulle ha venta til ho skjenkte opp, vi skulle umiddelbart ha bydd ho kaffi, vi skulle ha lovprist kaffien vel og lenge – og det var eit grovt feilgrep å dra rett før tredje koppen. I følgje etiopiarane skal kaffi inntakast i tre rundar: “Abol”, “Tona” og “Baraka”. Gjennom å fullføre desse rundane skal ein oppnå velsigning og sjeleleg fred.

Det kan stemme godt. Før eg las denne artikkelen hadde eg nemleg ikkje mykje sjeleleg fred.

2 Comments

  1. Anders A Fitje

    Det var spanande og interessant å lese denne øvinga i moderne sosialantropologi, Bergheim. Spanande av fleire grunnar; ville kaffirasten resultere i internasjonale relasjonar av fjerde grad, mellom unge etioparar og unge buktarar, ville de vakna opp utanfor lokalet fleire timar seinare og utan kaffi og lommebøker, og kvifor får ein etiopisk kaffi i Abu Dhabi utan vidare, og ikkje Abu Dhabisk kaffi??

    Dette får ein til å tenkje. Kva må ikkje etioparar som kjem til Bukta tenkje om Buktisk kaffi?

  2. Når ein stansar opp og studerar si eiga framandfrykt som ein uavhengig tredjeperson kan ein sjå mykje artigt!!!

    I motsetning til folk frå etiopia sel ikkje buktarar kaffi til “non-whites” – difor får vi truleg aldri svar på siste spørsmålet ditt. Truleg tenkjer dei lite om buktakaffien, omlag slik folk austanifrå gjer.

Comments are closed.