Sana'a (Jemen) August 2008

To karar som ser betydeleg skumlare ut før du ser at det er luftgevær dei held på...
To karar som ser betydeleg skumlare ut før du ser at det er luftgevær dei held på...

Kven: Oskar Henriksen og meg sjølv.

Kva: Vitjing i Sana’a (Jemen).

Kvar: Sana’a og det nære omlandet.

Når: Slutten av August 2008.

Med omsyn til tradisjonar og levemåte er Jemen truleg eitt av dei mest “autentiske” landa på den Arabiske halvøya. Medan levemåten i kongedømet Saudi og UAE har blitt revolusjonert grunna rike oljefunn har ikkje jemenittane andre løysingar på vanskane sine enn å setje seg ned, ta seg ei god tugge med khat og tygge på den i fire timar – kvar dag.

No er det ikkje det at Jemen ikkje har endra seg. Landet er den einaste av statane på halvøya som har eitt sekulært, ikkje-Islamsk styresett. Det har tidlegare også lefla med kommunisme og vert i dag som dei siste 30 åra styrt med mange ord, men ikkje så alt for stø hand, av tidlegare feltmarskalk Ali Abdullah Saleh. I kraft av at landet mest stadig er herja av interne konfliktar av borgarkrigsproporsjonar fungerar det også som frihamn for mange uynskte samfunnselement som knappast bidreg til å betre renomeet til staten.

Likevel er Jemen fascinerande. Attåt kulturen (og spaninga ved lett å kunne bli kidnappa) har landet ein storveges natur som spenner frå høge fjell og grøderikesletter til kystområda og den store sandørkenen som ein gjerne assosierar med Arabia.

Kollega Oskar Henriksen og eg la vegen til Jemen ei helg i slutten av august 2009 for å ta hovudstaden Sana’a og tilliggjande attraksjonar i nærare augesyn. I løpet av denne turen – som gjekk innom det som må vere dei verste turistfellene i landet – møtte vi til saman mindre enn ti andre utanlandske turistar.

Denne sommaren hadde det vore mykje oppstyr om ein eksil-jemenitt som hadde teke seg umaken med å strype ei jente frå Oslo etter eitt lag borte i London. Følgjeleg hadde karen teke beina på nakken og rymt attende til Sana’a der han gjekk i dekning på hotellet til far sin. Dette hotellet heitte Taj Sheba Hotell – og det var her eg og Oskar hadde innlosjert oss for anledninga.

Dette var eit komfortabelt om enn noko nøytralt femstjernershotell som ikkje kunne få gjort stort nok poeng av at dette var det einaste hotellet i Sana’a som hadde badebasseng. Dei hadde imidlertid ikkje vatn i bassenget når vi var der.

Mest oppsiktsvekkjande for ein fredsæl vestlending var det imidlertid at det var ein metalldetektor ved inngongen til hotellet der hotellbeteninga orsaka eventuelle ulemper som måtte følgje av at skytevåpen ikkje var tillatne inne på hotellet. Dette galdt imidlertid ikkje dei svære dolkane som alle jemenittane går og ber på til ei kvar tid.

Vi beklagar ulempa: ingen skytevåpen inne på hotellet
Vi beklagar ulempa: ingen skytevåpen inne på hotellet

Til siktsjåinga hadde vi skaffa oss ein lokal guide. Som så mange av sine landsmenn var han utstyrt med det fortreffelege namnet Mohammed i tillegg til ein noko aldrande Toyota Landcruiser. Mohammed var ein artig kar som skreiv og framførte eigne erotiske tekstar til tradisjonelle jemenittiske folketonar. Han talte også varmt om kamelmelka sin innverknad på “yteevna”, det fortreffelege ved å ta seg midlertidige andrekoner oppe i fjella og kor ubrukeleg bylivet i Sana’a eigentleg var.

Mohammed skulle ta oss med på ei runde til nokre av dei mest vidgjetne attraksjonane i omlandet til Sana’a og fyrste stasjon på turen var Wadi Dahr og palasset til Imam Yahia, tidlegare øvste leiar i Jemen. Imampalasset var eit høgt smalt pepparkakehus som ruva på toppen av ei svær klippe i botnen av Wadi Dahr. Oppnamnet bergpalasset (the Rock Palace) var velfortent og passande. Frå taket hadde ein fortreffeleg utsyn over omlandet og det må i si tid ha vore ein meir enn allminneleg staseleg residens for Imamen.

Det var no byrja å li framunder middagstid og for ein jemenitt med respekt for seg sjølv tydde dette at det no var på høg tid å byrje førebuingane til kvelden sin khat-rus.

Mohammed gjekk til innkjøp av ein svær bunke med khat-kvistar på marknaden utanfor Imampalasset. Desse oppbevarte han i ein brødpose som han hadde liggande i fanget medan han køyred. Han fyllte munnen med store mengder khatblad og små kvistar og så togg det beste han vann. Etterkvart som khaten vart melen opp plasserte han den grøne massen ut i eine kjaken – og la så innpå meir.

Slik heldt han fram inntil det såg ut som han hadde eit moge vestnorsk eple inne i eine kjaken. Slik heldt forøvrig alle andre vi møtte på også. Menn, kvinner og barn – soldatar, politifolk og handelsmenn. I khaten var dei alle sameinte.

Det tek omlag tre timar å tygge igong ein khat-rus. Den jamne jemenitten tygg difor khat i fire timar kvar dag for å få seg ein rus og for at verknaden skal halde seg utover kvelden. Det er ikkje til å stikke under ein stol at dette har ein viss innverknad på nasjonaløkonomien. Fire timar av arbeidsdagen til einkvar arbeidsfør jemenitt vert beslaglagt av arbeidet med å skaffe seg ein etterlengta khat-rus.

Ein annan av attraksjonane i omlandet til Sana’a er landsbyen Thula som er ein autentisk liten steinlandsby som daterer attende til omlag år 300 e. Kr. Byen ligg ved foten av eit borgsett fjell og ser utover eit gøderikt sletteland. Byen er framleis heim til omlag 15 000 menneske som bur som dei har gjort i 1700 år men som på vegen har fått seg rennande vatn, elektrisitet og souvenirbutikkar.

Det vart etterkvart klart for oss at sjølve guidekostnadene kom til å bli marginale i høve alle dei souvenirane vi ville måtte kjøpe under turen. Kvar vi kom hadde Mohammed ein kamerat som skulle syne oss ikring. Denne kameraten hadde utan unntak ein souvenirbutikk. I Thula hadde guiden Mohammed ein kamerat med namnet Sami som var svært karismatisk, svært irriterande og heilt omogleg å riste av seg. Til alt overmål hadde han ikkje berre ein men TRE souvenirbutikkar – og ein talrik kameratflokk der alle hadde minst ein souvenirbutikk kvar.

Under ei enkel dagsreise lukkast det jemenittane å påføre meg følgjande artesanaliar:

  • Eit autentisk stempel som hadde vore nytta av dronninga av Saba sjølv
  • Ein oljelampe som utan tvil ville nulle ut ei kvar moderne innbuforsikring
  • Eitt par av desse sjala som arabarane turbanar av og som der virka lurt å kjøpe der og då
  • Eitt sølvsmykke laga av jødiske sølvsmedar som no var kjeppjaga frå landet
  • Eitt skjerf som visstnok skulle vere heilt unikt (men som truleg var laga i Kina)
  • Ein svær krum sølvdolk av det slaget Jemenittane ber overalt der dei går – mest truleg aluminiumsfolie
  • Ein heilt urimeleg dyr plastboks med myrra som eg ikkje veit heilt kva eg skal gjere med

Mat må ein ha – og lunsjen vart innteken i den sjaremerande men ikkje så alt for ryddige vesle landsbyen Shibam ved foten av Kawkaban. Byen delar namn men lite anna med Shibam i Wadi Hadhramaut som eg har lagt meg for minnet at eg ein eller annan gong skal vitje.

Mohammed bukserte oss inn nokre bakgater, forbi eit gassdrive industrikjøken som høyrdest ut som ein jetmotor og opp tre etasjar til ei stor teppelagd stove der det låg jemenittar strødd langs veggane og togg khat, åt honning og venta på lunsj.

Eg trur ikkje at verken denne serveringsverksemda eller mattilsynet ville ha overlevd om dei to hadde møtst – men Oskar og eg er laga av grovare materiale og eventyrlystne som vi var sette vi oss ned langs veggen i påvente av oppdekninga. Denne kom i form av ei rekkje rettar som eg ikkje er sikker på om eg skal vere glad eller lei meg for at eg ikkje visste kva var. Det einaste som eg klarte å identifisere – men langt frå det verste – var geitelever.

På ein fjelltopp – like bak Shibam ligg byen Kawkaban på toppen av eit svært fjell. Denne uinntakelege kringsette byen er ein av dei få byane i Jemen som aldri har vore beseira av fiendtlege styrkar. Det er berre ein einaste port i bymuren og denne er bevakta heile døgeret den dag i dag. Som med dei andre stadane vi hadde vore var det ikkje mykje Mohammed fortalde oss om verken kultur eller historie. Han krydra imidlertid køyreturen med å fortelje om ymse single europeiske damer som han hadde guida på same turen medan han smilte lurt så khaten kom til syne i munnvikane.

Oskar poserar med den mest sjuskute jaktfalken i Sana'a og det nære omlandet
Oskar poserar med den mest sjuskute jaktfalken i Sana'a og det nære omlandet

Oskar er ein mann som kjenner folk overalt. Folk som har helsa på Oskar har det heller ikkje med å gløyme han og såleis var det at vi i kveldinga hadde avtala å møte Nasher, den gamle forretningsagenten til Blom som budde i Sana’a.

Nasher dukka opp på hotellet vårt, vart ekstatisk over å sjå Oskar og gjekk så inn i ein lengre periode med intense mobiltelefonsamtalar. Etter å ha fullført desse proklamerte han at vi i morgon tidleg hadde møte med tre ulike ministerium og at viseministeren for planlegging i Jemen hadde gjeve oss audiens klokka 10:00.

Slik endra turen karakter frå ein avslappande ferie til ein ubudd salsturné i ukjende omgjevnader.

Nasher ville også ta oss med ut på middag. I eitt neonbelyst gatekjøkenlokale med trebenkar lik dei vi finn på norske rasteplassar inntok vi eitt måltid beståande i sin heilskap av medium-rå geitelever og fisk som var tilberedt ved svært høg varme. Den siste var svært velsmakande, den fyrste meir smakande enn vel. Som aperitif vart det servert eitt halvlitersglas med gulrotjuice som jemenittane meinte passa godt saman med geitelever.

Ein dag som turist i det jemenittiske byråkratiet var uventa men ikkje utan interesse. Det var ikkje så mange internasjonale konsulentselskap i Jemen. Vi vart difor mottekne med stor velvilje. Vi hadde ikkje eingong visittkort med oss – ingen presentasjonar- og ikkje noko å gje frå oss. Dette virka ikkje til å gå inn på jemenittane. Turnéen tok oss innom Finansdepartementet, Planleggingsdepartementet og eitt direktorat for sosial utvikling før vi endeleg kunne trekkje i turistrolla att.

Hovudattraksjonen i Sana’a er nettop Sana’a. Hovudstaden i Jemen har ein gamleby som eksklusivt består av trange gater med pepparkakehus som spenner mellom tre og sju etasjars høgde. I kjellaren er det gjerne ei kamelkvern – som vert nytta til å presse olje utav sesamfrø og som vert driven av ein stakkars kamel med skylappar som går rundt og rundt og rundt – medan møllaren ligg langsmed veggen og tygg khat.

Sana’a er i tillegg til sin særprega arkitektur kjend for den store marknaden sin der ein må ha med lokalkjende for i det heile teke å finne vegen utatt. Inngongen til souqen går gjennom Bab al Yemen (Jemenporten). Oskar kjøpte med seg litt krydder frå ein apatisk khat-tyggande kar – elles heldt vi eitt ekstra godt tak i lommebøkene under denne rusleturen.

Saddam Hussein virka ikkje til å ha lide noko popularitetsnederlag i Jemen etter å ha blitt hengd til verda si skue kort tid før. Det var såleis ei rekkje souvenirar, plakatar og trykk ein kunne få kjøpt som var pryda av biletet til den forgangne diktatoren. Så er då også Jemen sjølv i ein slags borgarkrig mellom Shiamuslimar i den nordlege Sa’ada provinsen og Sunniar i dei tilliggande områda.

Då vi skulle til å reise kom Nasher med noko som minnte om ein postkasse i tungt treverk. Denne, sa han, inneheldt ni liter sidrhonning som vi kunne setje i oss når vi kom til Abu Dhabi. Trekassen hadde til og med ein hengelås – og den står framleis uåpna i kjøkenet eitt år etter – når denne artikkelen er skriven. Sidrhonning, har eg fått høyre, er noko med det gjævaste ein kan få av honning og den vert omsett i supermarknadane i Abu Dhabi for omlag 150 AED pr kvart liter. Nasher var ein gåvmild mann.

Det er ei lita moglegheit for at eg vart lurt med omsyn til autentisiteten til nokre av souvenirane eg kjøpte på denne turen – men ein unik ting fekk eg med meg, nemleg boka “The Virtues of Polygamy” som eg plukka opp på flyplassen frå eitt stativ med gratislitteratur for vantru som vil lære om Islam medan dei er ute og flyg.

Eg las heile denne boka på flyet attende til Dubai.

Karen som sat ved sidan av meg var polygamist. Han reiste med to koner og eit ukjent antal ungar. Han hadde ein bunke med boardingpass så tjukk som ei stortingsmelding og såg slett ikkje ut som om han hadde det så godt. Eg baud han ikkje låne boka mi – men tenkte mitt. Det gjorde nok han også.

Det er synd at Jemen er så krigsherja som det er. Utan tvil er dette det vakraste av landa eg har vitja her i Arabia og eg SKAL attende. Neste gong til Wadi Hadramauht og Dronninga av Saba sitt rike.