SAS: "Beklager, nødutgangen er i Economy Flex"

Då eg Onsdag morgon sjekka inn i Oslo freista eg å godsnakke med boardingstaben ved utgong 32 med det føremål å bli plassert i eit sete med toleleg beinplass. Dette er ein strategi som frå tid til tid virkar – men som er heilt avhengig av at den ein snakkar med forstår problemet. Forbausande ofte gjer dei ikkje det. (Om nokon som ikkje kjenner meg skulle lese dette så er problemet som følgjer: eg er 197 cm høg, er korresponderande breid og har lange bein.)

– “Beklager, du sitter for langt bak i flyet til at jeg kan gi deg nødutgang”, sa karen bak skranken.

– “Hæ…”, sa eg undrande – “koreleis då”?

– “Nødutgangen er i Economy Flex ser du, da måtte du ha kjøpt en bedre billett”, sa han med eit smil som han openbart hadde venta lenge på å få avlevere.

– “Det stod ikkje noko om at dette var ein spesielt dårleg billett då eg kjøpte den på nettet”, svara eg. “Det einaste som stod var at den ikkje var ombookbar”.

– “Beklager, men det hjelper ikke”, sa han på ein måte som gjorde det heilt klart at dette var noko i alle fall han ikkje tykte var beklageleg.

Harm som eg var tenkte eg å lese opp nokre IATA-reglar for han: “Du er klar over at flyet ikkje har lov til å ta av med mindre alle passasjerane er i stand til å sitje i krasjlandingsstilling?”, spurde eg sarkastisk.

– “Alle kan det ser du”, sa han og smilte.

Eg beit i meg resten av orda – dersom eg hadde gått vidare og prova poenget mitt hadde eg berre blitt sett att i Oslo. Sete ved nødutgangen hadde eg i alle fall ikkje fått.

Den interessante lærdomen frå denne morgontimen på Gardermoen var følgjande: nødutgangen er ikkje noko som er installert på flyet for å gjere passasjerar i stand til å ta seg ut av flyet på alternativ måte i tilfelle ei ulukke skulle inntreffe. Nødutgongen er noko som er installert for at passasjerar i Economy Plus skal kunne få strekkje på føtene sine.

Om eg hadde trykt meg ned i ein koffert og sjekka meg sjølv inn som bagasje ville eg ha fått den plassen eg trengde; når eg sjekkar inn som passasjer får eg eit sete som er laga for akkurat å kunne romme ein person av 175 cm lengde som veg 75 kg og følgjeleg kan sitje på tvers eller i Lotus-stilling om situasjonen skulle krevje dette.

Ja, ja… Ein ny dag i mi eiga vesle luftfartshistorie.

6 Comments

  1. Arne Glenn Flåten

    Har eit tips til deg; neste gong lyt du seie du har litt klaustrofobi og at du av den grunn ofte vert uvel og lyt ete på nytt etter du har landa. Den prøvde eg på Air France heim att frå New York ein gong, og det virka:-)

Comments are closed.