Å verne om heimen

Inne i Sogn har eg ein kollega som for nokre år sidan vart kalla inn til øving i Hans Majestet Kongens Heimevern. Han vart tildelt eit relativt lågt embete i ei gruppering som hadde til føremål å øve vern mot pansra køyrety – i Luster.

Tenk etter, kor mykje skal ikkje ha gått gale før det kjem pansra køyrety med negative grunnhaldningar og fiendtleg innstilling til Luster? Eller Gloppen for den slags skuld.

Eg seier ikkje at Heimevernet er utan funksjon. På mange måtar er det ein hendige ting å ha om ein må ut og leite etter villfarne bærplukkarar eller om det krevst folk til å lempe sandsekkar eller sløkkje skogbrann. Og om nokon treng ein lett motvilljug dugnadsgjeng til eit idrettsarrangement er Heimevernet staden å gå. Men då må ein også øve på dette.

Om sjølvaste fienden står i ferjekø på Lote ein dag – og den norske Hæren har kasta inn handduken – er det vel lita von om at Nordstrandske løytnantar eller andre bygdekrigarar vil ha nokon avgjerande innverknad på utfallet.

Skulle eg prøve å ta til motmæle ville eg i alle fall ikkje ty til våpen. Eg ville ha teke fram ein sjudukar, knappa den i hop og synt fienden korleis vi bur i Heimevernet. Så ville eg ha falle kontrollert til høgre og ropa “Hjelp jeg faller” på mitt beste riksmål – og håpt på medkjensle.

I mellomtida søv eg godt om natta i vissa om at ikkje så godt som ei panservogn vil kunne ta gjennom Hafslo utan å bli sprengd i lufta av ein elitestyrke beståande av mellom anna kollega Idar, som kvar haust ligg oppe i skogbrynet med skarp ammunisjon og øver på nett dette.

Det kjennest trygt – trur eg.

2 Comments

  1. asgjerd bergheim

    Har eg kommentert dette før tru??

    Svært bra!!

    Undrar stadig på korleis eg kan ha fått, (avla) ein so skrievfør son……………..som aldri (svært sjeldan) let høyre frå seg til ho gamle mor.

  2. asgjerd bergheim

    Fjorten heile dagar gjekk……………i vona om at sonen er inne å granskar sidene sine så feistar eg gje meg til kjenne her….

    Eg er eit gamalt menneskje som bur heilt åleine på ein aude plass i skogen…..ikkje so godt som eit lite heimevern til verje for meg og mine tre firbeinte….
    Snart er det jonsoke, regn ,regn og meir regn men det gjer ikkje noko
    Sola skein i heile går, kvar ho kom frå er ei gåte……so som med heimevernet. Kvar vart det av det? Var det opp i Hyen det for tru??

Comments are closed.