Dei Austerrikske Alpane (Austerrike) Juni 2009

Kven: Harald (Slettvoll), Øyvind (Heimset Larsen) og meg sjølv

Kva: Bil- og fjelltur i Alpane

Kvar: Munchen, Bad Reichenhall, Berchtesgaden, Gosau, Hallstattersee, Bischofshofen, Bad-Gastein, Heiligenblut, Grossglockner, Krimml, Zillertal, Neuschwanstein, Munchen

Når: Juni 2009

IMG_3547_5_6

Utsikt vestover frå Kehlstein Haus nær Berchtesgaden

Dagen starta uvanleg tidleg i baksetet på ei drosje i Abu Dhabi, den heldt fram med ei mellomlanding og ein kaffitår i Doha før eg midt på dagen var framme i Munchen der eg skulle møte mine faste turkameratar Harald og Øyvind for ein vekelang og ikkje så alt for godt planlagt tur i Austerrike.

Eg landa ein god del tidlegare enn dei to andre og nytta tida til å prokurere nytt fotty for fjellvandringsføremål. Etter å ha nytta heile våren i Abu Dhabi hadde eg ikkje anna enn nokre fillete tysko til “offroad” føremål. Til fjellvandring på snødekke var dette til liten nytte.

Etter ein grundig nettstudie identifiserte eg to verksemder som var spesialierte på obskøne storleikar når det galdt sko og klede. Her fekk eg akkvirert fjellsko og unngjekk med eit naudskrik å kjøpe meg ein bayersk ølbunad, komplett med lederhosen og tova ulljakke. Dette kunne ha gjort kål på eventuelle gjenverande delar av mitt ein gong så gode omdøme.

Edy frå Bad Reichenhall

Etter at eg hadde plukka opp dei hine på flyplassen la vi i veg i retning Bad Reichenhall som Harald hadde plukka ut som overnattingsstad fyrste kvelden. Her kom vi til stengde dører – men musikk som var lystigare og hadde høgare volum enn den var vakker indikerte at det i alle fall var folk i andreetasjen.

Ikkje mykje å seie om hotellet. Meir å seie om kjelda til musikken som synte seg å vere entertaineren “Edy” som med stor innlevnad og eineståande mangel på skamkjensle vandaliserte kjende populærmusikalske verk i hotelldiskoteket annankvar kveld.

Trøytt som eg var heldt eg ut ein halvliter med øl før eg slo retrett til lyden av Edy sin versjon av “Y.M.C.A”, ein versjon som med unnatak av vokalisten si seksuelle legning hadde lite til felles med originalen.

Vi kom seint og drog (relativt) tidleg frå Bad Reichenhall. Ikkje noko å seie om den grenda eigentleg.

Hytta til Hitler

IMG_3576_4_5-1

Utan tvil ein svinepels, men fin hytte hadde han.

Det er ikkje tvil om at han var eit dårleg kort denne Hitler. Men sjølv blinde høner kan ribbe eit strå – og Hitler sitt strå må truleg ha vore Kehlstein Haus – eller Ørnereiret som vi kjenner det som.

Denne “hytta” ligg på ein fjellkam ovanfor Berchtesgaden og har eit storslagent utsyn i alle retningar. Skulle vore kjekt å gå på fjelltur her ein gong – vart ikkje tid til det denne gongen.

Salzkammergut

Vi ville vidare austover og hadde blinka ut Hallstatt som neste overnattingsstad. På vegen la vi inn stopp ved Gosausjøen, ein idyllisk innsjø mellom høge fjell av den typen som stort sett finst i turistbrosjyrar og filmar – men som ikkje finst i røynda.

IMG_3677_5_6

Dalen innover mot Gosausjøen. Det nyinnkjøpte digital-kameraet til Harald Slettvoll ein eller annan stad i biletet.

Dette var ein særs suksessrik avstikkar med unnatak av at Haralden forla kameraet sitt ein eller annan stad langs vegen og at han såleis gjekk glipp av nokre skikkelege blinkskot av meg og Øyvinden (kvar for oss og påkledde må det leggjast til).

Hallstattersjøen var også slik den skulle vere. Badetemperaturen var kanskje ikkje optimal – men snikane drog av og bada utan meg så det leid ikkje eg noko vondt utav.

Hr Derrick aus der Kriminalpolizei

Dag vart til natt og natt vart til dag den tredje dagen. Vi ville no vidare til sørsida av alpane, til landsbyen Heiligenblut som såg ut som ein fin stad å ta bilete på.

På vegen hit måtte vi fyrst innom Bischofshofen. Inndoktrinerte frå barnsbein av med at dette var ein eksotisk vintersportstad var eg og Haralden tylne nok til å gå opp unnarennet medan Øyvind fingerte ein kneskade og klokeleg heldt seg i flata.

IMG_3752

Bischofshofen. Meir for Kjetil Bergheim enn for Runar Bergheim – men ein bra stad likevel.

Nede i sentrum måtte Haralden som vanleg ha seg kaker. Trass eit tettpakka sentrum med bilar fann han til sist ein ledig parkeringsplass med eitt svært skilt der det stod Verboten. Haralden antok at Verboten ikkje var på arbeid denne dagen og tok risken på å parkere der.

Etter endt bekaking returnerte vi til bilen for å finne at politiet hadde avlagt oss ein visitt og invitert oss til å donere 15 € til klubbkassa deira. Dette medførte at vi måtte oppsøke politistasjonen, spele dumme turistar (ei rolle vi eigentleg gjekk forbausande godt inn i) og betale oss ut av klemma.

Bad Gastein

Bad Gastein var neste post på programmet. Her skulle det vere varme kjelder. Vi fann eitt spa med varme kjelder – men det var fullt av folk som såg ut som amerikanarar i badedrakt – og speedos.

På sommarferie må ein bade så ofte det er råd. Vi la oss difor på hjarta at vi MÅTTE bade her. Sola skein, vinden var av det lune slaget og sjølv om det ikkje var nokon “forhete” bestemte vi oss for å freiste ein kunstig dam som var laga attmed elva nokre kilometer nedanfor byen.

Kaldt.

Forfriskande.

Men mest kaldt.

Det låg rettnok eitt par der nede. Som tysktalande flest (hugs Edy) var det heilt skamlause. Han låg stortsett oppå henne så det var ikkje så vanskeleg å skjøne korleis ho heldt varmen. Korleis han opprettheldt dei 37 veit eg ikkje – ikkje brydde eg meg heller. Han måtte gjerne fryse for meg.

Dei termiske kjeldene som Bad Gastein er kjend for gjorde imidlertid ikkje noko inntrykk på oss. Vi drog frosne men fornøgde vidare opp dalen for å ta eitt biltog gjennom alpane og ut på sørsida av Grossglockner til Heiligenblut.

Heiligenblut

Heilagt blod var det ikkje så mykje av i grenda – men ein likeleg bed & breakfast hadde Haralden forhandla seg fram til på utmerkt høgtysk.

Vi kom litt for seint til å ta del i dei store kulinariske gledene i Heiligenblut denne kvelden. Det meste var stengt, men vi fann ein pub som serverte pizza og smårettar. Dette heldt i lange banar.

Her møtte vi også ein norsk motorsyklist. Han hadde køyrt heilt frå Noreg på ein og ein halv dag. Mesteparten i dårleg ver.

Han hadde nok sett føre seg at i alle fall eg måtte vere “biker” med bakgrunn i min generøse fysikk – men vart stygt skuffa etter å ha kome i prat med oss.

Då Haralden fortalde han at vi var her for å gå i fjellet byrja han å le så fælt at vi var redde han hadde fått eitt epilepsianfall.

Det hadde han ikkje.

Han hadde heller andri gått ein motbakke etter at han fekk seg motorsykkel.

IMG_4008_6_7

Kyrkja i Heiligenblut er karakteristisk smal og høg – passar godt inn med dei kringliggjande fjella.

Vi vakna neste dag til lett yr og overskya. Planen var å køyre over Grossglocknermassivet og ned på andre sida til Krimmlfossen og over Tyrol.

Grossglockner

Kryssinga av Grossglockner, høgste fjellet i Austerrike, var meint å vere eitt av høgdepunkta på turen og vi var ikkje så ivrige på å legge iveg før skodda hadde letta. Vi tok difor eitt par avstikkarar på vegen oppover fjellet. Den fyrste leia oss til ein så måteleg interessant gullgravarlandsby høgt oppe i ein fjelldal – den andre leia oss pokker-i-vold bortgjennom nokre gardsområde og, etter mykje om og men, attende til hovudvegen nokre kilometer nedanfor Heiligenblut.

Omsider var det ikkje fleire ting vi kunne gjere for å utsetje fjellovergongen – og vi ga oss i kast med fjellet.

Ein sideveg nær toppen av fjellet førte til eitt utsiktspunkt over breen framom Grossglockner med sjølve fjellmassivet i bakgrunnen. Her hadde dei laga til ein del forståelege og ein del uforståelege turistattraksjonar der ein av representantane for den siste gruppa var ein 300 meter lang tunnel som freista å formidle ei eventyrforteljing med støtte i usamanhengande plakatar og bakgrunnslyd.

Denne attraksjonen kan på det varmaste frårådast. Prioriter utsynet over breen og fjellet – og kom deg så derifrå.

IMG_4046_4_5

Øyvind og Harald på ein pynt framom Grossglockner

På høgste punktet på fjellovergongen var det så tjukk skodde at vi ikkje såg meir enn nokre få meter. I tillegg var det ei “bikerbu” der oppe. Ei varmestove for slike som Nordmannen vi hadde treft nede i Heiligenblut. Ikkje mykje heilagt ved motorsyklistar.

Vi måtte såleis bite i det sure eplet, akseptere at det for vårt vedkomande ikkje var noko utsyn å snakke om frå “einer der schönsten Pässe in Europa”.

Vi sette no all vår lit til Zillertal.

På vegen køyrde vi forbi Krimmlerfossen – som med sine 380 fallmeter er den høgste i Austerrike. Eidsfossen er imidlertid langt finare.

Zillertal “leverte” i tråd med forventningane. Dette er vel kanskje eitt dalføre som er betre kjent for vintersport men det var ikkje ulikeleg på forsommaren heller.

Vi tok losji i landsbyen Mayrhofen på hotellet Villa Knauer. Vertinna, Erna, visste ikkje kva godt ho skulle gjere eller seie for å få oss til å trivast – så ho sa likesågodt alt ho kunne kome på heile tida.

IMG_4585

Villa Knauer, Mayrhofen.

Harlden briljerte med tysken sin og la ut om det eine og det andre som ho i sin tur la ut til dei andre hotellgjestene.

Mellom desse fanst det eitt eldre tysk par som ikkje kan ha budd så langt frå grensa til Flandern. I alle fall hadde dei den same vanen med å gje frå seg eitt underlege langtrakt “Jååå – jååå”  (ja – ja) som respons til alt som vart sagt.

– “Der kleine Kerl läuft in den frühen Morgenstunden”, høyrde vi Erna fortelje tyskarane.

– “Jååå – jååå”, smilte tyskaren

– “…die Großen nur schlafen”, heldt Erna fram

– “Jååå – jååå”, sa kona til tyskaren fordømmande

Det var tydeleg at Haralden hadde gjort eitt stort inntrykk under frukosten. At han også hadde stillt meg og Øyvinden i eitt dårleg ljos var det ikkje mykje tvil om.

Språksvake som vi var kunne vi ikkje rette på dette og slo oss til ro med at før eller sidan måtte Gloppestadguten trø over ved eiga hjelp.

– “Jååå – jååå”, kom det lakonisk frå nabobordet.

Vi hadde ikkje fanga opp kva Erna hadde sagt til dei i mellomtida – men at det var om oss og at det ikkje var fordelaktig kjende vi oss trygge på.

Det eldre tyske pareet var ikkje berre fordømmande overfor nordmenn som søv frampå. Dei var også seksuelt aktive.

Vi var busette i etasjen under dei – og når kvelden skreid fram kom “jååå-ane” tettare og tettare i selskap med lyden av sengegavl mot vegg. Dette heldt på urimeleg lenge før dei skifte toneart og gjekk til kvile.

Zillertalruta

Vi hadde sett oss ut ei fotturrute som heitte Zillertalruta, og som byrja ved eitt stort regulert kraftmagasin med namn Schlegeisspeicher og som gjekk oppunder Hintertux fjella.

Dette var ei fin runde som vi nytta ein fem-seks timar på og som tok oss godt opp i høgda. Etter omlag 20 minutts gange vart tempoet mitt for sniglete for Haralden som føreslo at han kunne springe litt i førevegen og rekognosere.

Øyvinden heldt meg med selskap i solidaritet og medan Haralden gjekk frå å vere ein prikk på horisonten til å bli ingenting sleit vi oss oppetter fjellsida omlag 1000 høgdemeter.

IMG_4270

Utsyn over den regulerte innsjøen Schlegeisspeicher frå “balkong-gangen” på Zillertalruta.

Austerrikarane likar komfort – og sjølv om dette var så “villt” som landskapet vert i Alpane var det ikkje mindre enn to serveringsstadar langs ruta.

På den fyrste sette eg til livs ein dugeleg tallerk med gulasj, på den neste vart det med ein halvliter øl.

På høgste punktet på ruta såg vi at fjellet bakom hadde ei taubane til toppen. For ein Gloppar er ikkje dette bra. Det skal ikkje vere taubaner til fjelltoppar.

Som ein konsekvens byrja det å velle inn hjartepasientar og anna svineri som ikkje hadde gått ruta nedanfrå slik skikkeleg folk ville ha gjort – men som i sine nyinnkjøpte vandrarklede kom ovanfrå etter fyrst å ha teke taubana til toppen.

Hintertuxer Gletscher

Neste dag freista vi oss opp Tuxtal for vitje fjelltoppen vi hadde sett dagen føre. Denne nådde vi ved å ta tre ulike taubaner til vi nødde ei høgd på 3250 m o.h.

IMG_4397

“Skikkelege” turistar.

Her trefte vi til vår store skuffing tyskarane frå hotellet att.

– “Jååå – jååå”, nikka dei gjenkjennande og smilte

– “Jååå – jååå”, sa Haralden attende smilande

– “Jååå – jååå”, murra eg irritert.

Det var sommarskisenter på Hintertuxbreen og eg noterte meg at dette var ein stad eg skulle attende til med ski ved eitt seinare høve.

Etter retur frå hovudtoppen hadde vi framleis ikkje fått rørt så mykje på oss. Vi hadde difor sett oss ut ei lita rute som skulle føre opp til ei fjellstove med namnet Tuxer Joch Haus. Her, tenkte vi, måtte det vere råd å få tak i weissbier og gulasj.

Ruta gjekk etter ein bratt grusveg og var ikkje så alt for vakker. Tuxer Joch Haus var stengt.

Ovanfor denne hytta heldt vegen fram eitt stykke – og her opna utsikta seg opp.

Slitet betalte seg.

IMG_4558

Utsynet vestover frå Tuxtal.

Ein Gloppestadgut kryssar sitt spor

Det går ei fin linje mellom det å trene mykje og det å trene for mykje.

Medan det fyrste kan få ein til å framstå som sunn, frisk og med positive interesser – kan det andre få ein til å framstå som ein person med sterkt redusert mentalhelse.

Ved returen frå Hintertux gjorde Haralden det klart at han ikkje hadde behov for noko biltransport. Taubana gjekk også for treigt etter hans smak. Han ville heller springe dei 15-20 kilometrane nedatt til Mayrhofen.

Fyren var i god form – og omlag 5-6 kilometer ned i dalen tok vi han att i bil. Han nekta å sitje på og insisterte heller på å halde fram til fots til han var attende i grenda.

Det var ein varm og solrik dag. Fem-seksogtjue varmegrader vil eg tru. Vatn hadde han ikkje – men stålvilje var det ikkje nokon mangel på.

Lett bekymra for turkameraten vår gjekk Øyvinden og eg for å ete. Medan vi sat der såg vi ein kar som såg ut som han hadde slite seg frå ein konsentrasjonsleir kome prustande ned gata.

Vi ropa han inn og fekk tømt i han noko drykk før han drog på hotellet att der han kollapsa.

Medan Erna hadde vore imponert over favorittgjesten sin byrja det no å gå opp for ho kva vi sleit med i vår midte.

Ved frukost neste morgon var det ny læte på Erna.

– “Die Kleine lief den ganzen Weg von Tuxer Joch Haus nach Mayrhofen gestern”, sa Erna medan ho sirkla med peikefingeren attmed tinningen sin.

– “Jååå – jååå”, sa Tyskarane med eitt bedrøva tonefall.

Neuschwanstein

Det var siste dagen og vi skulle slå retrett til Munchen for å bu oss på avreise neste morgon.

Einaste posten på programmet denne dagen var slottet Schloss Neuschwansetein, eitt Torneroseslott eitt stykkje sør om Munchen som vart bygd av Ludwig II av Bayern.

Som dei fleste turistattraksjonar eg oppsøker var dette under oppussing og eitt svært stillas dekka finaste fasaden. Slottet var imidlertid rikt dekorert og verdt eit syn.

IMG_4633

Schloss Neuschwanstein – naturlegvis under oppussing.

***

Alle gode ting må ha ein ende – og for oss enda dei gode tinga i det vi steig inn på det simplaste flyplasshotellet i Munchen. Eitt hotell eg har freista – og lukkast med – å gløyme.

Vi hadde lagt bak oss ei veke med mange gode minne i vakkert fjellandskap. Vi kunne nok ha brukt fleire dagar på fjellturar og færre på køyring men no var det slutt for denne gongen. No fekk vi berre lene oss attende og fordøye inntrykka: Haralden og Øyvinden på veg attende til Noreg, eg på veg attende til Abu Dhabi.

Sjå bileta frå turen i galleriet mitt…

One Comment

  1. Asgjerd

    Karane har det kjekt,ingen tvil.
    Men gamlemor vert litt “andpusta” over dynamikken i forteljingane.
    Vil tru årets ferie er under oppsegling om ikkje anna enn i draum?
    Gledar meg til å følgje med……vidare.

Comments are closed.