Draumen om Bukta Trim & Sykkelklubb

Som “ung mann” på Kleiva var ikkje organisasjonslivet eit spesielt mangfaldig landskap å navigere i.

Den fyrste sosiale rita ein kunne verte initiert i som ung i Mardal Krins på byrjinga av ‘80-talet var barneforeininga. Dette var eitt langtrakt intermezzo frå barneforeiningsbasar til barneforeiningsbasar der dei unge under tilsyn frå fromme samaritanar kunne malpraktisere disiplinar som tresløyd, hekling, strikking, korgfletting og liknande adrenalinmoro.

Under den årlege basaren kunne eg tydeleg sjå at godt vaksne folk vart skuffa når dei vann ting eg hadde laga – og at sjølv foreldrene mine såg skamfullt i golvet når vi før utloddinga paraderte forbi min årsproduksjon på gevinstbordet.

Hovudpremien var det stort sett ein eller annan overytar inne på Mardal som hadde laga.

Det fanst for dei litt eldre 4H som var ein stad der landbruksungdom kunne kultivere sunne interesser utan at desse utvikla seg i feil retning (eller utvikla seg i noko retning) ettersom dei til ei kvar tid var under strengt oppsyn frå gamletestamentlege men ikkje-religiøse vaksne leiarar.

Det kom få uynskte graviditetar frå 4H miljøet i Bukta. Få ynskte også.

I likskap med frimurarlosjane var 4H ei foreining ein melde seg inn i – men ikkje melde seg ut av. Då eg i ein alder av 13 oppdaga at det var ein timeplanleggingskonflikt mellom framsyninga av Ghostbusters i Vonheim Kino og øving til haustfesten i Bukta 4H, leia eg an i ein Septemberrevolusjon som utløyste tre fråfall frå ordenen: Halvarden, Andersen og meg sjølv.

Kjellrun i Kvia og mor Asgjerd var nok glade til. Året før hadde dei for å berge æra til sønene måtta skrive 4H oppgåver om “Katten min” – medan Anders og eg nytta dei “klåre hovuda” våre til å leike i rommet ved sidan av.

Anne Huus var truleg også letta: Halvard hadde under mottoet “flinke hender” same året skamklippt kokeboka hennar på jakt etter gode illustrasjonar til si avhandling om “Mat med Mjølk” – han hadde jamvel sykla inn på Søreide for å gå på epleslang i samband med ei kake han skulle bake.

For spreke Buktarar fanst det også ulike idrettsalternativ som fremja fysisk helse som den eine vegen til framgong og lukke. Det ortodokse trussamfunnet Sandane Turn- og Idrettslag (STIL) la si klamme hand på mang eit ungt sinn i denne tida.

Av årsaker som til denne dag står for meg som uklare stillte eg ved fleire høve opp på ein aktivitet som vart kalla “guteturn”. Medan eg utvilsamt kunne legge beslag på tittelen “gut” var “turn” noko verken eg sjølv eller andre utan vidare assosierte med meg.

Turnkarieren min kulminerte under ei framsyning i Firdahallen der dei skamlause idrettsleiarane hadde fått oss til å itre kvite, ettersitjande klede medan vi marsjerte kringom i hallen og stupte kråke til skam for oss sjølve – og til stor underhaldning for alle som såg på.

Under eitt halvt gjennomført kråkestup fekk eg uventa kjenning med tyngdekrafta og slo – eller snarare rulla – over på sida. Dette var i det privateigde videokameraet sin barndom og det var få – men beklagelegvis somme – som kunne dokumentere denne hendinga for ettertida.

Medan foreldreskapet fram til då hadde oppmuntra til deltaking vart temaet aldri meir nemnt. Eg drog aldri meir på guteturn. Dei hadde ikkje noko å leggje til.

Så kom Bukta Trim & Sykkelklubb. Dette var ein klubb som braut med dei tradisjonelle grensene i det lokale organisasjonelivet. Sykkelklubben lånte ord som “trim” og “sykkel” frå lag som sysla med fysiske aktivitetar og ord som “klubb” frå 4H. Innhaldet, som på ingen måte var relatert til namnet, vart henta frå heilt andre kjelder.

Eg var aldri medlem av Sykkelklubben. Kvar gong eg var ute og sykla velta eg. Det gjorde somme i Sykkelklubben også; her kom skadane alltid på heimreisa etter uheldige tilsetjingsstoff i kaffien. Eg på mi side velta alltid i edru tilstand og like ofte på utreise som på heimreise.

Medan S.T.I.L. hadde signalblå treningsdrakter (i nesten min storleik) og 4H kunne skilte med senterpartifarga t-skjorter hadde Sykkelklubben ei marineblå skuggehue. På fronten var det eitt broderi som synte bumerket til klubben – det var i det heile ei overmåte tiltalande hue tykte eg.

Far Rasmus sat i “sykkelstyret” og var varelagerforvaltar for ikkje-utdelte skuggehuer som han hadde tjuverisikra på øvste hylla i skåpa på vaskerommet heime på Kleiva.

Lovnadene om at yngstesonen skulle verte den stolte eigar av ei Sykkelklubbhue sat imidlertid lausare enn evna og kanskje spesielt viljen til å innfri.

Tolmodet mitt, som frå før av ikkje var kjent for å vere særskild godt, vart snart tynnslite.

Ein kveld bestemte eg meg for at nok var nok. Eg tok lovnaden i eigne hender, utstyrte meg med ein klappstol og la i veg i retning vaskerommet. Her opna eg skåpdøra, sette opp klappstolen, steig opp og strakte meg etter plastposen som romma dei lova skuggehuene.

Stolen var ikkje høg nok og sjølv om eg stod på tå og strakte meg det beste eg vann – var det ikkje nok til å nå huene. I eitt siste desperat forsøk tok eitt godt tak i skåpdøra og lyfte meg dei siste naudsynte centimetrane opp mot øvste hylla.

IKEA er ei suksessrik verksemd som har selt mykje billege møblar av tilsynelatande høg kvalitet. Dette har imidlertid primært skjedd i åra etter den hendinga som vert skildra her.

I denne stunda fann det stad eitt uheldig møte mellom kvalitetsmåla til eks-Nazisten Ingvar Kamprad, vekta til eks-turnaren, eks-4H-aren, eks-barneforeiningsdeltakaren Runar – og den før nemnde tyngdekrafta.

I det høgrehanda mi nådde tak i plastposen løsna IKEA hengslane frå IKEA skåpdøra samstundes som IKEA klappstolen gjorde det IKEA klappstolar gjer best – klappa saman.

Livet mitt passerte ikkje akkurat revy på den beskjedne vegen mot vaskeromsgolvet – landinga markerte likevel eitt viktig vendepunkt i tilhøvet mitt til den venstre vesletåa mi som til då hadde vore min faste følgjesvein gjennom livet.

Lite brukt men alltid tilstades.

Som ein ivrig konsument av teikneseriar visste eg at det einaste som hjelper mot akutte fotsmerter er å halde den skadde foten mellom hendene medan ein hinkar kringom og utstøyter høge lydar. I sjokket hadde eg imidlertid ikkje heilt klart for meg kva for ein fot som gjorde vondt så for å kome igong treiv eg likesågodt den høgre og gav meg til å hinke og hoie.

Etter å ha drive med dette ei tid kom mor Asgjerd ut i gangen for å sjå kven som uinvitert dreiv og slakta grisar der. Her fann ho yngstesonen hinkande, beljande og med eitt kjølvatn av jamt fordelte blodflekkar etter seg der han hadde vore.

Mor Asgjerd, som gode mødre flest, vart fælen over å sjå avkomet i ein slik tilstand. Etter fyrst å ha overtydd meg om at hinkinga og skrålinga ikkje var instrumentelle i smertelindringsprosessen gjekk ho i gang med å stille diagnose.

Ein viktig del av dette arbeidet var å få av meg sokkane for å ta ulukkestaden nærare i augesyn. Det var under avdukinga av høgrefoten det vart klart for meg at det ikkje var denne men derimot grannen som var skadd. Eg kjende fornya trong for å gjenta hinke- og skrikeritualet. Det vart ikkje.

Eg vart buksert til lækjaren på Sandane som såg til skaden. Han plukka dei skamfarne beinsplintane ut or tåa og byrja å sy den saman att. Omlag halvferdig rette han seg opp såpass at eg såg kva han dreiv med.

Om det hadde vore gale å knuse tåa var det verre å verte sydd. Ikkje det at eg kjende noko – eg var godt bedøvd – men minna frå barneforeininga strøymde på. Eg visste kva det var å sy. Det var ikkje noko ein skulle gjere med ei vesletå.

Eg har vore i betre humør andre gonger i livet enn eg var denne kvelden når eg vart transportert heimatt på Kleiva etter at lækjaren hadde
sagt seg nøgd med saumen sin og tåa mi.

Det var ei lita trøyst – men likevel ei trøyst – at eg denne kvelden kunne gå til kvile med ei flunkande ny Bukta Trim og Sykkelklubb-skuggehue liggjande på nattbordet attmed meg.

***

Ajman (UAE) 6. Februar 2010

2 Comments

  1. Asgjerd

    Litt av ei historie.
    Mor hugsar det litt onnorleis……….men ho viste ikkje alt.
    Fantasien har ikkje lide mykje under solvarmen i UAE.
    Den er like livfull som før i tida, kanskje eit hakk vidare, og overgår alt din broder presterte under si deltaking i “På fantasiens vinger” som var av musikalsk art.
    Får sjå om eg finn meir……….spennande

  2. asgjerd bergheim

    Gamle soger vert som nye for ho som set heime og les og mimrar over sonen si heimeside ………………..medan ho stadig ventar på
    brev (mail) frå Muscat eller Abu Dhabi.
    Kjensla, lik dei som i si tid venta på Amerikabrev….ikkje noko i dag heller,………….. kanskje i morgon???

Comments are closed.