Drosjetur til ettertanke

– “Good morning sir, where to?”, spurde ein framoverlut sudanesar, medan vi kjempa ein kamp om kven som skulle lempe kofferten min inn i bagasjerommet. Som Gloppar er eg ikkje så komfortabel med folk som ynskjer å hjelpe meg med å bere eller flytte ting.

– “To the airport, please”, mumla eg søvndrukken.

Det er lite truleg at eg var godt selskap denne morgonen – eg hadde slite meg opp i grisotta. Baksetet på drosja eg no klemde meg inn i, ein gamal Toyota Corolla som gjekk livskvelden raskt i møte, var eitt dårleg byte for seng og pute.

– “I drive fast, no?”, spurde sjåføren, tydeleg nøgd med sitt eige arbeid i det vi med eitt naudskrik unngjekk ein kryssande lastebil i eitt lyskryss.

– “Jau du køyrer som ein helvet”, svara eg halvt til meg sjølv, “ehrm… I mean, yes, you do”, la eg til etter at sjåføren hadde snudd seg ei halv omdreiing og sett dumt på meg i fem sekund medan han heldt ein jamn avstand på “eitt-tusen-og-daudsulukke” til bilen framom.

Nøgd med dette svaret trakka sjåføren gasspedalen enno nokre centimeter gjennom golvet og tok laus i retning flyplasen som om Styggen sjølv skulle ha vore etter han.

Abu Dhabi er ikkje eitt land der dei har overskot på vatn. Det finst imidlertid nokre få område der fordampinga er høg nok til at skodda legg seg tjukk om morgonen vinterstid. I tråd med god internasjonal praksis er det her dei har valt å leggje flyplassen sin. Følgjeleg kom vi etterkvart inn i eitt skoddefelt så tjukt at sjølv baklyktene på doningen fem meter framom oss mest ikkje var til å sjå.

– “It difficult see, no?”, spurde sudanesaren, medan han passa på ikkje å lette på gassfoten?

– “It difficult, it difficult indeed!”, svara eg fråverande medan eg freista å tenkje på alle dei gode tinga eg hadde fått med meg i livet. Det demra for meg at med setebeltet på kunne eg kanskje kome frå det med 80-90% funksjonshemningar framfor å misse livet.

– “What you doing, why?”, kom det såra frå førarsetet straks sjåføren vart var arbeidet med setebeltet bakom han. Det vart no viktigare for han enn nokon gong å demonstrere det fortreffelege ved kombinasjonen av høg fart, dårleg sikt og tett trafikk.

– “For God sake!!!”, ropte eg i det vi etter eitt akutt feltskifte, som kom nesten like uventa på meg som på bilen ved sidan av, køyrde forbi ein ny lastebil.

Ordet “God” hadde gjeve sjåføren ei kjærkomen anledning til å skifte temaet til gudstru. Oppøst og glad over denne nye utviklinga i samtalen, som til no i sin heilskap hadde vore einsidig og samansett av einstavingar, kom sudanesaren i vanvare for å slakke eitt par-tre grader på gassfoten.

Dei likar å snakke religion her nede, spesielt om dei kan få klemt inn nokre sjølvproklamerte fulltreffarar knytt til skilnaden mellom dei som har rett (muslimar) og dei som har feil (alle andre – men særskild ætta til Ismael og desse heidenske Hinduistane).

Eg byrja så smått å leike meg med tanken på at eg kunne kome ifrå dette utan sjukehusopphald om eg berre kunne klare å halde samtalen i gong.

Det var imidlertid ikkje mykje trøyst å få gjennom samtalen. I nøkterne 120 km i timen – men framleis med nullsikt – fekk eg passet mitt påskrive: vel og bra var det at eg tilhøyrde eitt av “folka” som var omtala i “Boka” – men når timen kom,  som slett ikkje trengde bli så lenge til tenkte eg med meg sjølv, ville eg ikkje kome til å nyte andre privilegium enn den mest svartsjela Judaist. Eg skulle brenne.

Sudanesaren derimot skulle nyte flaumar av vin i paradis – og jomfruer. Eg måtte ikkje gløyme jomfruene.

Om det var mi eller hans gudstru som gjorde utslaget veit eg ikkje, men ved eitt under, som frå min sitjestad opplevdest fullt på høgde med Jesus sin spasertur på Genesaretsjøen, kunne eg eitt kvarter seinare stige ut av drosja på Abu Dhabi Internasjonale Lufthamn utan fysiske mein.

One Comment

  1. Jan-Christer

    Hei Runar!

    Etter litt opprydding blant mine bokmerker fant jeg igjen bloggen din som jeg påtraff for et par år siden. Nå har jeg lest det meste her og ler så jeg griner 🙂

    Min personlige taxi-fartsrekord ble også satt på strekningen Abu Dhabi Lufthavn og Abu Dhabi sentrum. Det er umulig å anslå nøyaktig hastighet da fartsnåla vibererte så jævlig på Mercedesen, men farten var nærere 180 kmt/t…..

    Ser frem til flere skildringer…..

Comments are closed.