Oppskrytt kamelromantikk

Sidan 2009, då eg for fyrste gong sette meg oppå ein kamel, har eg leika med tanken om å dra på ein fleirdagstur i selskap med dette noko underlege men trivelege dyret.

Førre helg, tre år og fire smertefulle kameltimar seinare, vakla eg bort frå kamelen min fast bestemt på aldri å utsetje meg sjølv, eller nokon eg er glad i, for noko liknande igjen.

Med mogleg unnatak av psykiske etterverknader kan eg ikkje på nokon måte sjå at kamelridning er å føretrekkje framfor å verte skambanka.