Anna Fitje 1910 – 2012

Anna Fitje, August 2011
Anna Fitje, August 2011

Kjære Anna

Du vart nesten 102 år gamal.

Du levde eit uvanleg langt liv – eit liv som var vitne til store endringar

  • Du var fødd i grend der det var hest og kjerre som rådde vegane
  • Du var fødd i ei grend der ljoset kom frå stearin og oljelampar
  • Du levde gjennom to verdskrigar
  • Du opplevde å få innlagt vatn, straum og telefon
  • Du levde i ei verd der enorme avstandar krympa til overkomeleg dagsreiser
  • Du døydde i ei verd der folk lever av å sitje og framom dataskjermar – og der gardsarbeidet som var det viktigaste i din oppvekst for mange har blitt ei utgiftsbør meir enn eitt levebrød.

Frå det tidlegaste eg kan minnast deg var du alltid arbeidsam. Oftast kledd anten i eitt blått- eller oransje-raudt plastforkle, på veg til – eller frå – fjøsstell og anna gardsarbeid på Labakken.

Du var ikkje alltid den som treiv ordet – men du var snakkesalig når du “tok laust”. Spesielt var du vyrk for slektstilhøve og var umetteleg på stoff frå Bygdeboka.

Du var gåvmild og full av omsut for oss gutane oppe på Kleiva som hadde større auge enn vi hadde lommebøker.

Du var heller aldri tung å be om vi trengde hjelp eller ville ha deg med på noko.

Du var også den einaste på “mi side” når det vart kalla inn til «kappleik» i Labakkestova og veslebror tykte felespelet skar i marg og bein.

Det var ikkje så mange åra du «støylte» – men «støylslivet» var likevel noko du ofte kom attende til når vi snakkast. Vårstøylen og Langedalen var stadar som hadde ein viktig plass i hjarta ditt – ei kjensle vi delte og som knytte oss saman.

Ein gong tok du Kjetilen og meg med på støylen, noko du truleg må ha angra på – ettersom vi den gongen “skapte oss” så vrange at det ikkje var anna å gjere enn å pakke sekken og ta på heimveg.

Du hadde ei sterk Gudstru, og tok samvitsfult del i foreiningsarbeidet i grenda.

Eg såg deg sjeldan utan ein heklekrok og eitt nøste – og i hendene dine tok løparar og dukar form og fann vegen frå “Yste Salen” på Labakken til basarborda nede på skulehuset.

Tilværet ditt var ikkje berre solskin – stundom fall livet deg tungt. Då trengde du omsorg og vern frå dei som stod deg nær.

Å leva under vengjene åt ein velmeinande bror gav tryggleik men mangla nok litt når det kom til personleg fridom. Difor var det så ekstra kjekt å sjå deg stå på eigne bein – i full bløming – siste delen av livet.

Etter at du var 80 byrja du å reise til Oslo for å vitje Kjellfrid. De drog på turar til nær og fjern – og du var like mykje “heime” på Grand Cafe som du var på på Gloppebua. Du sette deg på bussen åleine – og eg trur ikkje du lea så mykje som ein finger på vegen mellom rutebilstasjonen på Sandane og Galleri Oslo der Kjellfrid – eller Kjetilen venta.

I ein alder av 92, då du flytte “heimanifrå” og inn på Kleivedammen fekk du, kanskje for fyrste gong, oppleve å vere den sterkaste i di eiga hushaldning.

I staden for å vera den som trong omsorg var du her den som styrte ordet; den som tok initiativ og tinga drosje ned på Sandane – og som fekk med deg dei du budde saman med på dette.

I ti år var dette heimen din og ein stad der du vart kjend med mange nye menneske som kom til – og som gjekk bort.

Samhaldet med Kristiana, som var fødd og oppvaksen i akkurat den same verda som du, var viktig for deg – og eit hundre-år langt venskap som var vakkert å sjå for oss som kom på vitjing.

Til hjelp gjennom opp- og nedturar var nok brordotter Asgjerd den viktigaste støtta i tilværet ditt. I solskin som i regn, i helg som i “ørke” var ho tett på “hyblane” for å “søgje”, sjå til deg eller berre sitje saman med deg og vere stille.

Kjære Anna

Du skilde lag med oss på Langfredag

Det er lengje sidan eg huka av 26. April i kalenderen – og eg eg hadde sett fram til å vitje deg på 102-årsdagen.

I staden er vi altså her ved båra di to veker tidlegare – for å følgje deg til grava.

Du hadde ikkje noko ugjort – og kvila er deg vel unnt – men saknet fell likevel tungt.

Takk for alt du var for oss – og kvil i fred.

2 Comments

Comments are closed.