“Jernteppet”

20160809-20160809_204042

Framom “Jernteppet” (skiltet og plastsløyfene på trea)

20160809-20160809_204026

Bakom “Jernteppet”

Den kalde krigen gjekk ikkje så hardt inn på meg. Eg var meir oppteken av barne-TV og neste middagsmåltid. Det å unngå fiskekaker var for meg eitt viktigare mål enn å forstå kvifor Noreg engasjerte seg i noko eg ikkje visste heitte NATO eller kva var.

Ordet “Jernteppet” gleid imidlertid jamleg forbi — og feste seg til sist. Det feste seg sterkt å beklage saman med ordet hjerneteppe, slik at dei to sjølv i dag ikkje kan kallast fram uavhengig av kvarandre.

I ettermiddag, under ein spasertur i Sør-Karelen har eg for fyrste gong sett “Jernteppet”.

Det var på mange måtar eitt forbausande og ikkje så reint lite skuffande “teppe” med tanke på kor stor politisk vekt det var, og dels framleis er, tillagt. Når eg tenkjer meg om kan eg ikkje minnast ein einaste grenseovergong som har mindre høgtid og seremoni over seg enn dette.

Hadde eg ikkje vore vár at desse skilta fanst i førevegen, trur eg ikkje at eg hadde reflektert noko vidare over dei. Eg hadde såleis kunna spasert meg inn i ein tung byråkratisk prosess som moglegvis ville krevje involvering frå ein eller fleire Norske utanriksstasjonar før eg kunne vende nasen heimover att.

Trass ein heller vesal fysisk konstruksjon tente “Jernteppet” likevel til å byggje eitt effektivt skille mellom folk; eitt skille som er velfungerande sjølv idag.

‘Gode gjerde gjer gode grannar seiest det 1‘ — kanskje det som trengst her er eitt betre gjerde.

Notes:

  1. Fritt omsett etter ordtaket ‘Good fences make good neighbours’

2 Comments

  1. Kaare Bergheim

    Hi Runar,
    Jernteppet aka iron curtain really belongs in the past. I think it is time to move forward and become friends with those people living on the other side of the iron curtain.

Comments are closed.