Som “ung mann” på Kleiva var ikkje organisasjonslivet eit spesielt mangfaldig landskap å navigere i. Den fyrste sosiale rita ein kunne verte initiert i som ung i Mardal Krins på byrjinga av ‘80-talet var barneforeininga. Dette var eitt langtrakt intermezzo frå barneforeiningsbasar til barneforeiningsbasar der dei unge under tilsyn frå fromme samaritanar kunne malpraktisere disiplinar …
Tag Archives: Fitje
Den brente jords problematikk
Ein fin ettermiddag då vi var i 10-11-årsalderen fann granne Håvard Nordvik og eg ut at vi skulle freiste å sanke mat slik forfedrane våre hadde gjort før oss – lenge før oss; vi skulle skyte – og deretter steike ein av desse ståkete måsane som det var så mange i det som seinare skulle …
Då fanden heldt fest i Fitjefjella
Livet så langt har vore prega av ein serie underlege val. Til dømes valde eg i ein sein fase i oppveksten å byrje å spele toradar, og å vere open om dette, lenge etter at eg var gamal nok til å ha skjøna konsekvensane av det. No, etter 21 år i relativ sosial isolasjon, er …
Veslejulaftan, 5. januar 2008
Gjengen samla utanfor Bar & Cigar i Oslo, 5. januar 2008. Frå venstre: Are Frode, Eirik, meg sjølv, Kåre, Kjetil og Anders. Anders, Are Frode, Eirik, Kjetil, Kåre og eg sjølv, byrja i 1988 å samlast på Veslejulaftan for å røyke sigarar, utveksle gåver og elles oppsummere året vi hadde vore gjennom. Samlinga oppstod som …
Fiskarane i Stilleelva
Det var eit relativt lite problem vi hadde, Håvarden og eg, samanlikna med problemet Jesus og læresveinane hans var plaga med i Markusevangeliet, 6. kapittel, vers 31-44. Der måtte dei mette 5 000 menneske med fem brødleivar og tre små fiskar. Vi var berre to, og ein av oss hadde vel knappast rukke å bli …
Feige drengar og feite rotter
I ungdomsåra, frå eg var 14-15 og fram til eg var ferdig på høgskulen i Sogndal, arbeidde og som dreng på Knutebruket om somrane. Her laut eg lære det eg på Labakken hadde sluppe unna når det kom til gardsarbeid, mjølkeproduksjon og husdyrstell. Som med så mange små vestlandsbruk, var ikkje Knutebruket innbringande nok til …
Paintball med blåbær og luftgevær
Då eg var liten, i den grad eg nokon gong har vore skikkeleg liten, hadde eg ei uvanleg sterk interesse for skyting og våpen. Eg snakka om våpen, eg teikna våpen, eg spikka våpen og eg bygde våpen på sløyden. Eg hadde i lange tider gått kring og stirra, med eit lengtande blikk, på den …