Til lukke med dagen Noreg! Til dei som ser ljost på det: Vi har eitt storarta land som vi skal vere svært nøgde med – og som vi har all grunn til å vere stolte av idag. Til dei som ser svart på det: vi har mykje i Noreg som er gale også, men vi …
Category Archives: På Norsk
Anna Fitje 1910 – 2012
Kjære Anna Du vart nesten 102 år gamal. Du levde eit uvanleg langt liv – eit liv som var vitne til store endringar Du var fødd i grend der det var hest og kjerre som rådde vegane Du var fødd i ei grend der ljoset kom frå stearin og oljelampar Du levde gjennom to verdskrigar …
Hyderabad, India
I 2001 då eg fyrste gong møtte Shankar planla vi at eg ein dag skulle vitje han på heimebane i Hyderabad i India. Shankar kallar byen Hyderabad “heime” men er eigentleg frå ein “landsby” med namnet Vijayawada nær 300 km aust-søraust om Hyderabad. Med sine usle 1,048,240 innbyggjarar er ikkje denne “grenda” stor nok til …
Tørrmjølk og Tax-Free?
I butikkane til «Muscat Duty Free» er det ikkje berre brennevin som står på Tax-Free-menyen. Her kan du velje mellom tre ulike merke tørrmjølk i pakningar på 2 til 5 kg. Mellom andre eksotiske varer finn vi «gul» saft og vaskepulver. Som småbrukarson frå eitt nedlagt mjølkebruk er det kjekt å sjå at også mjølkeprodukt …
Oppskrytt kamelromantikk
Sidan 2009, då eg for fyrste gong sette meg oppå ein kamel, har eg leika med tanken om å dra på ein fleirdagstur i selskap med dette noko underlege men trivelege dyret. Førre helg, tre år og fire smertefulle kameltimar seinare, vakla eg bort frå kamelen min fast bestemt på aldri å utsetje meg sjølv, …
Are Frode Søholt 1974 – 2012
Kvil i fred kjære ven Minne eg ikkje visste at eg hadde strøymer på: hyggjelege kveldar; turar til fjell og fjerne strender; planar vi la – men ikkje gjennomførte. Du utretta meir på dine 37 år enn eg – meir enn mange etter eitt fullevd liv Verda står ikkje tom etter deg. Sorga vi kjenner …
Shiraz, Persepolis og eit “noko annerleis” Iran
Januar 2012: Skal ein tru internasjonale media finst det ikkje den Iranar som ikkje anten skrur saman bomber, anrikar uranium, finansierar terrorisme – eller på anna vis bur seg til krig; fyrst og fremst mot Israel, dernest mot grannelaget i Midt-Austen og sist, men ikkje minst, mot utvalde kjenningar i Europa og USA. Dette gjer …