Om (Stein) Runar Bergheim

Portrait of Stein Runar Bergheim
Stein Runar Bergheim

(…in English)

(Stein) Runar Bergheim er direktør for forsking og utvikling samt ein av grunnleggjarane av Asplan Viak Internet, eitt teknologiselskap i Asplan Viak-gruppa. Asplan Viak er eitt solid norsk konsulenthus med røter attende til 1958. Utanom Europa arbeider Bergheim gjennom konsulentpartnerskapen NORPLAN.

Bergheim studerte landskapsforvaltning, arealplanlegging og GIS ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og tok sidan til som GIS-ekspert ved Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Her arbeidde han med GIS innan arealplanlegging og fekk interesse for Internett og kart som kommunikasjonsform. I 2001 var han med på å grunnleggje Asplan Viak Internet (AVINET) med det føremål å levere Internettkarttenester til den norske marknaden.

Frå 2002 var Bergheim dagleg leiar i verksemda før han i 2008 gjennom NORPLAN tok til på ein serie større prosjekt i dei Sameinte Arabiske Emirata og i Sultanatet Oman.

Bergheim har vore med på meir enn 200 prosjekt i 20 land og har lang erfaring innan design, overvaking og styring av informasjonsteknologiprosjekt med fire profesjonelle fokuspunkt: samfunns- og arealplanlegging, eigedomsforvaltning, natur- og kulturarv samt læring. Hans personlege styrke er å byggje bru mellom tekniske og ikkje-tekniske tanksett og såleis syte for at løysingar og problem svarar til kvarandre. Bergheim er ofte nytta som føredragshaldar på nasjonale og internasjonale konferansar og har tidlegare vore gjesteførelesar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Tromsø.

Reint Personleg

Det å vere utrusta med eitt særnorsk tredelt namn er ikkje ei ublanda signing for ein som arbeider mykje utaskjærs, dei fleste han kjenner — og alle han likar — kallar han “Runar”.

Nordfjordnaturen han voks opp har sett sine spor og samtalar med Runar pensar fort inn på fjell og fjellturar — eller som i Belgia, mangel på fjell og fjellturar.

Om ein kjem over han med ei bok i hendene er den gjerne relatert til historie eller reiser — eller det kan vere letthjarta skjønnlitteratur av det slaget som ikkje er meint å framprovosere djupe tankar. Fotografi er eitt anna tema som interesserer Runar; det er ikkje uvanleg å kome over han medan han leitar etter det perfekte motivet — samt dei rette innstillingane på det alt for kompliserte kameraet sitt. Sjølv om kroppsfasongen og -storleiken hans ikkje var designa med tanke på lange flyreiser er Runar glad i å reise og har førebels ikkje sett seg mett på nye destinasjonar.

Når det gjeld musikk høyrer ‘Runar’ gjerne på det som breitt vert kalla ‘klassisk’ men også Opera, Blågras, Irsk folkemusikk og storbandmusikk frå 1920-talet. Sjølv meistrar han i avgrensa grad blekkfløyter, trefløyter, diatoniske trekkspel og i enno meir avgrensa grad — piano. Han er altetande når det gjeld film og på lange flyturar ser han gjerne ein eller fleire sesongar av ein TV-serie