På Norsk

Velkomen til den Norske delen av www.bergheim.dk. In the event that you are after the English portion of my website, please choose “In English” from the menu.

  • Eit spørsmål om orv og miljø

    Written by

    , ,

    Eg hadde ein oppvekst som i stor grad var skjerma frå deltaking i gardslivet på Labakken. Verken mor Asgjerd eller far Rasmus la utilbørlege band på fritida mi; ved fylte tretten år måtte eg framleis ha både godt ljos og bruke alle åndsevner for å skilje mellom storfe og sau. Mitt møte med landbruket sine…

  • Eit halvope brev til Harald Slettvoll

    Written by

    , ,

    Til skilnad frå dykk sein-patriarkane borte på Gloppestad er som du veit Bukta-mannen ferdig reformert og medviten si rolle i det nye samfunnet. Som ein representant for denne gruppa er eg såleis jamnleg å finne på kolonialvareforretningar i små og mellomstore ærend. I går ettermiddag, medan eg stod på Rema og reflekterte over kva grønsaker…

  • I Unåde hjå Gud i Gloppen

    Written by

    ,

    Grannen sende meg ein artikkel her ein dag som omhandla ein kjenning som var blitt avskjediga i unåde av Gud sin administrative representant i Gloppen — kyrkjevergen. Eg har ikkje nærare kjennskap til Dorothee Raschwitz enn at vi har site på kvar vår side av ein pizza ein gong – men basert på den bordseta…

  • Rasmus Bergheim 1932-2017

    Written by

    ,

    Folk går bort heile tida men det å misse ein far er ei bru ein kryssar berre ein gong i eitt menneskeliv. Sjølv om det gjev oss sorg at han er borte, er det samstundes også ei lette at han no har funne varig fred etter eitt halvår då tilværet var tungt for han. Når…

  • “Jernteppet”

    Written by

    ,

    Over: Biletet syner “Jernteppet” (skiltet og plastsløyfene på trea). Den kalde krigen gjekk ikkje så hardt inn på meg. Eg var meir oppteken av barne-TV og neste middagsmåltid. Det å unngå fiskekaker var for meg eitt viktigare mål enn å forstå kvifor Noreg engasjerte seg i noko eg ikkje visste heitte NATO eller kva var.…

  • Godt nytt år 2015/16

    Written by

    , ,

    Vyrde frendar, nye som gamle, Like brått som det byrja er året 2015 kome til ende — og 2016 står for døra, reint og ubrukt. Eg vonar det nye året vert rikt på framgang og opplevingar, at det vert fylt av lukke men at det vert fattig på motgang og svartsyn. Eg vonar livet i…

  • Godt Nytt År 2014/15

    Written by

    ,

    Det er symptomatisk for 2014 at nyttårshelsinga mi kjem tre dagar på overtid. Det har likevel vore eitt utmerkt år, men det er ei heilt klar moglegheit at 2015 kan kome til å bli enno betre.

  • Refleksjon II

    Written by

    ,

    Det er ein god del som er verre enn dette. – Stein Runar Bergheim, BRU-DOH, 25.11.2014

  • Refleksjon

    Written by

    Det er mykje som kan måle seg med eitt økonomisete på eitt gamalt Lufthansafly – Stein Runar Bergheim, FRA-BRU 21.11.2014

  • Eit attraktivt prospekt frå Widerøe

    Written by

    , ,

    Fekk desse forslaga frå Widerøe idag då eg freista å booke meg eitt sete attende til Oslo. Slo likesågodt på stortromma og kjøpte “full flex”.