Hooters: Laura & Idar

Idar og Hooters-servitrisa vår, Laura.

San Francisco: Å gjere ingenting over lengre tid er krevjande. Etter ein halv dag med intens “ingentinggjering” la difor Idar og eg turen innom den amerikanske nasjonalinstitusjonen Hooters for å få oss ein styrketår. Som ein konsekvens av den gode tonen mellom Idar og salskreftene vart det innimellom 14 forbausande lettdrukkne øl også kjøpt inn både T-skjorte og babe-kalendar – den siste skal Ellen Johanne (Lunde) få – ettersom vi fann ut at dette var den einaste måten vi kunne forsvare innkjøpet på.

Idar såg uskarpt

Runar på veg frå baren med ei ny ladning øl for N’te gong.

Uklart: Då eg såg gjennom bileta på kameraet tenkte eg fyrst at Idar var dårleg til å ta bilete. Så skjøna eg at han faktisk trudde dette var skarpt då han tok det. Biletet skulle ha synt meg (i Panamahatt) på veg frå baren vi gjekk til etter Hooters, der hadde dei 68 sortar øl på fat. Vi kom omlag halvveges.

USA er også langt tryggare enn ein skulle tru. Både eg og Idar sov godt på trikken heim frå baren – utmerkt ransoffermateriale skulle ein tru – men vi fekk sove i fred og behalde alle eignalutane våre!

Seglbåt framom Alcatraz

Ein seglbåt framom Alcatraz, nord i San Francisco-bukta.

Alcatraz: Fengselsøya ute i San Francisco-bukta har idag blitt grundig synfaren av Idar og meg. Kombinasjonen av etterverknaden etter gårdagens talrike litrar med øl og dagens bratte (men korte) motbakkar gjorde til at vi fekk ei svært autentisk kjensle av korleis det må ha vore å sone på denne anstalten. Pinsle. Ivar (Henjum) ville ha vore skjemd av oss båe.

På den positive sida, frå eit Henja-perspektiv, har vi tenkt å leige syklar i morgon for å få take Golden Gate-brua og byen Sausalito som ligg på nordsida. Dette er førebels ein tanke – vi får kome attende til rapporten…