Eg hadde ein oppvekst som i stor grad var skjerma frå deltaking i gardslivet på Labakken. Verken mor Asgjerd eller far Rasmus la utilbørlege band på fritida mi; ved fylte tretten år måtte eg framleis ha både godt ljos og bruke alle åndsevner for å skilje mellom storfe og sau.
Mitt møte med landbruket sine realitetar kom fyrst som dreng i Knute, noko som snart vart smerteleg klårt for både meg sjølv og gardbrukar Knut K. Fitje. Same kor godt eg tykkjer om meg sjølv er det vanskeleg å sjå at motivasjonen hans for å hyre meg dei påfølgjande åra kan ha kvilt på agronomiske vurderingar.
Snarare dreia det seg nok om at Knut K., til liks med engleskaren i Juleevangeliet næra eit ynskje om fred på jorda. Å vere dreng i Knute kravde nemleg tett og jamleg omgang med farbror til brukaren, Gunnar K. Fitje; ein mann med ei rekkje klåre og endelege syn som han delte generøst or, både når dei var etterspurde og elles. Dette hadde ført til ein del relativt korte karrierar for tidlegare drengar.
Til skilnad frå eit utplukk av forgjengarane mine, hadde eg lukkast med å føre ein fredeleg sameksistens både med styresmaktene og den andre faksjonen på garden.
Gunnar K. Fitje var om lag 85 år gamal på denne tida og kunne såleis med rettferd gjere krav på ein viss senioritet. Han svarte til fleire variantar av namnet sitt der dei vanlegaste i daglegtale var Knute-Gunnjen, Gunnjen eller han Gunnja. Eg heldt meg vesentleg til det siste.
Knut K. kunne gjennom blodsband tillate seg eit breiare repertoir, og på dagar då han Gunnja uttrykte syn som ikkje var foreinlege med småbruket og/eller samfunnet sine interesser, vart han frå tid til tid referert til som ‘Ayatollahen’ eller ‘mannen med ljåen’.
Det er forbausande kor mykje av det han Gunnja fortalde, formante og forkynte eg har hatt nytte av seinare i livet. Han var ein uvanleg kunnskapsrik og reflektert mann. Han ville likevel ikkje ha vore eit naturleg val, om ein skulle finne nokon til å de-eskalere ein konflikt.
Også Knut K. var ei rik kjelde til kunnskap. Men, på det tidspunktet denne forteljinga vart nedskriven, gjekk han framleis ikring i vegane – og det har aldri vore god skikk å snakke for fint om dei levande i Mardal Krins. Såleis kviler ikkje denne forteljinga på det punktet.
Det var ikkje mine eigne kvalitetar som gjorde til at eg og han Gunnja kom overeins. Dette hadde med arv og genetikk å gjere – nærare bestemt at eg var nedætta frå Anders P Fitje, ein samfunnsrefsar frå grannegarden som var støypt i mykje same skeia som han Gunnja.
Ingen av desse karane såg eigentleg at Nye Testamentet tilførte noko som ikkje allereie var handtert godt nok i Mosebøkene. Og om dei ikkje alltid var samde om verken kva som var problemet eller løysinga så fann dei båe stor glede i å påpeike at noko var gale.
Eg var også nedætta frå Asgjerd Bergheim som hadde drive med pelsdyr. Medan pelsdyroppdrett i dag er eit kapittel av norsk landbrukshistorie som samfunnet freistar å leggje lok på, var det ikkje alltid slik. Etter han Gunnja sitt syn var dette eit virke som skilde alminnelege folk frå skikkelege folk.
Til sist var eg son til Rasmus Bergheim, ein langtransportsjåfør som jamleg—til skilnad frå han Gunnja—kryssa kommunegrensa. Reising var ikkje så vanleg den gong som no; ein trengde ikkje ri baklengs gjennom Gobiørkenen på ein ikkje-binær kamel for å for å vekkje merksemd. Ein tur til austlandet kvar veke var nok til å hauste inntrykk frå ei verd som var mindre.
Knut K., eller ‘Knutta’, som han Gunnja kalla han, hadde uvanleg sterke gåver for diplomati. Såleis var det for det meste ei harmonisk oppleving å vere dreng i Knute, sjølv om ein aldri var langt unna minst ein sterk meiningsfront.

Han Gunnja var millionær etter den definisjonen vi nytta i Mardal Krins. Dels av di han hadde gjort det stort innan minkavl kring midten av førre århundredet, dels av di han hadde eitt uvanleg lågt forbruk.
Vadmålsbuksa hans var like god i Juli som i Januar – og lagerfrakken av blå beavernylon gjorde same nytten til kvardag som til fest. Båe gjorde same nytten på slutten av 80-talet som dei hadde gjort på byrjinga av 60-talet.
Medan Knut K. elles i grannsemda var rekna som ein heidersmann; ein av dei som i størst grad levde i tråd med intensjonane til Eidsvollsmennene, såg han Gunnja brorson sin som ein farleg radikalar. Ein som gjennom ukritisk modernisering var ute etter å velte den etablerte orden.
Medan han Gunnja svor til ein stuttorv han hadde ervt etter far sin, hadde Knut K. sett over styr femsifra pengebeløp på traktorar, forhaustar, tilhengarar, motorslåmaskiner og andre rekasjonære og subversive gardsreiskapar.
I ein svak augneblink, på 70-talet, hadde jamvel han Gunnja sjølv trødd inn i den industrielle alderen og kjøpt ein gardsreiskap. Dette var etter hans syn den einaste fleirfunksjonsmaskina nokon gardbrukar nokon gong ville kome til å trenge. Det var ein tohjuling med så mange tilkoplingsmoglegheiter, bruksområde og ekstrautstyr at det i dei fleste tilfella var snøggare å gjere kva det no enn var ein hadde trong for å gjere utan.
Desse fandenivoldske reiskapane til ‘Knutta’ kom likevel ikkje til overalt – såleis var det framleis ei nisje att for stuttorven. Knut K. visste at om freden skulle rå, ville det vere naudsynt fyrst å ta siloslåtten maskinelt på ei veke—for deretter å nytte tre veker på ljåslått og hesjing.
Han Gunnja mistenkte nok at brorsonen kunne ha rett i trongen for litt modernisering, men sidan den Luthersk-protestantiske kyrkja ikkje tilbaud nokon skriftestol var dette naturlegvis noko han aldri ville vedgå. Stort sett let han likevel missnøyen sin passere med litt lågmælt retorikk. Det vanlegaste var variantar over:
– ‘Hsss hss hss hs – tøske…’
Eller
– ‘Hsss hss hss hs – eg ville ikkje gjort di heilt so om eg hadde fått styrt…’
Han kombinerte desse små refleksjonane med å sjå på oss med eit blikk som sa at om vi alle måtte vere like innfor Gud, så var det annerleis med han Gunnja. Han kunne sjå våre lytar og manglar for det dei var—talrike og grove.
På eitt område var autoriteten hans absolutt, urokkeleg, uttømande, og kompromisslaus. Dette dreia seg om bryning av ljå.
Ein kvar som har freista å slå med ljå veit at dette er ein god del lettare om kniven er skarp. Folk som ikkje er kjende med dei ulike skulane av vanlære innan bryning, trur kanskje at det å skjerpe ein ljå er ei triviell oppgåve.
Det er det ikkje.
Sjølv om eg ikkje kan rekne meg mellom dei ortodokst rettbrynande, kjenner eg meg etter fjorten høy- og hoslåttar med intensiv instruksjon frå han Gunnja, kompetent til å rådgje på feltet. Som den konsulenten eg er, har eg nedteikna læra etter han Gunnja som ein ni-stegsmetodikk:
- Skaff deg ei brok som er vid i livet. Svart eller gråsvart vadmål er best – men andre tjukke ullstoff kan gjere nytten.
- Skaff deg bukseselar; bukselinningen lyt vere laus, eit belte vil vere i vegen.
- Bruk stuttorven etter far din—eller helst bestefar din. Om slekta di ikkje har vore framsynt nok til å nedarve ein stuttorv—så finn deg ein stuttorv etter nokon andre sin far eller bestefar. Knivane som vert smidde ‘i dag’ er laga av dårleg stål og er for harde til at dei let seg skjerpe.
- Hald orvet i 45 graders vinkel og skuv det innom bukselinningen langsmed høgre hofta til det stansar i buksebaken.
- Hald kniven i brysthøgde med spissen vendt opp og mot deg. Stø baksida av kniven med venstre handa medan du held brynet i den høgre.
- Brynet bør vere etter far din (sjå punkt 3)
- Legg brynet flatt mot kniven og skrå det forsiktig slik at det dannar ein 15 graders vinkel til kniven. Det treng slett ikkje vere nøyaktig, både 14 og 16 grader er akseptabelt— større avvik vil derimot vere ei skam for deg sjølv og ætta du let etter deg.
- Du skal til ei kvar tid bryne på tvers av egga i 90-graders vinkel til kniven — du må ikkje føre brynet langsetter egga.
- Om du skulle kjenne trong for å væte brynet, la være. Om brynet skal vere vått av noko, skal det vere av blod som følgje av misslukka men velmeinte forsøk på å gjennomføre stega 1-8
I ein open men stille protest mot ‘ayatollahen’, spytta Knut K. samvitsfult på brynet før han drog det fram og attende langs egga. Eg hadde gjort det same i hans stad. Eg trur ljåen hans vart skarp den også.
Av omsyn til maktbalansen såg eg meg likevel nøydd til å følgje metodikken til han Gunnja. Det skal seiast, til hans forsvar, og ære, at ei skarpare egg enn ein kunne finne på stuttorven hans, har ikkje funnest i verda korkje før eller sidan.
Det same kan ikkje seiast om min stuttorv.
Det heiter å slå med ljå, sjølv om målet snarare er å skjære. I mitt tilfelle var feilnemninga svært så passande. Eg slo så mold og grasrøter dreiv ikring meg. Eg slo så det gneistra i rydningsrøysene. Eg slo så eg raudna i andletet. Eg slo så det hadde vore nett det same kva eg hadde slege og kva eg hadde slege med. Av skulle det – og av kom det.
Han Gunnja såg gjennom fingrane med dette, han var av den oppfatning at det var viktigare å bryne rett enn at kniven vart skarp—og han sette pris på det vonlause strevet mitt med å etterleve hans ideal.
I alle fall hende det at han såg på meg og sa – ‘Hsss hss hss hs‘ utan å skøyte på nokon av dei vanlegare nytta adjektiva sine. Ein gong trur eg til og med at han smilte medan eg brynte — men det kan ha vore heten.
Etterord, Knut K. Fitje til minne

I vår gjekk Knut K. Fitje bort.
Eg minnast han som ein mann med ei bugnande bassrøyst og ein velbrukt bunad; ein som hadde eit større djupn, ein breiare kunnskap og meir mangfaldige interesser enn eg kunne ha førestilt meg – og ein som eg hadde stor glede av å vere saman med og lærte uendeleg mykje frå.
Det er steinar lange ræser som i hugen min for alltid vil kalle fram minna etter min barndoms granne, mangeårige arbeidsgjevar — og frende.
Kvil i fred Knut.
Denne teksten vart påbyrja i November 2014 medan sat i eit fly over Irak. Den gong var det berre ei nedteikning av eit flogvit.
Den vart ferdigskriven halvanna år seinare, i August 2016, ved ein innsjø nær Imatra, heilt aust i Finland. Eg gjorde innhogg i ferieaviklinga for å supplere innhald til ei utgåve av Buktabladet etter sterkt, og i tiltakande grad utilbørleg, påtrykk frå redaktør Anders A. Fitje.
Gjennom dei mange åra publikasjonen hadde eksistert hadde Buktabladet inntil nyleg fornekta at både mor Asgjerd og eg sjølv fanst. Vi åleine mellom Buktarane, var verken publiserte eller omtalte. Vi var jamvel utelatne frå jebussdagslistene.
Attåt irritasjon over maset frå redaktøren var eg såleis aldri så lite byrg over at eg endeleg skulle få innpass. Det var difor med blanda kjensler eg mottok meldinga om at redaktøren hadde valgt å legge ned bladet to dagar etter at eg hadde sendt inn manus.
Forutan at eg gjorde meg eit mentalt notat om at Redaktør Fitje kunne klare seg med ei nok billegare julegåve dette året, tenkte eg ikkje meir på det og la bort teksten.
Ti år seinare, når eg høyrde at Knut K. Fitje hadde gått bort, plukka eg fram att utkastet, gjorde nokre små grep og trykte ‘publiser’.
Resultatet er det som står å lese ovanfor.
Leave a Reply