Gjengedalsmarka og Tabanidae Hybomitra (klegg)

Byrkjeneset

Klegg © biofoto.noLaurdag tok eg turen over frå Gjengedalsstøylen til Fitjestøylen. Ein fredegleg syssel tenkjer du kanskje, men ei. Etter meg ligg det eit hundretals daude kleggar.

Ein klegg er ei stor og blodtyrst fluge som som lever i store tal langs Storevatnet i Gjengedalen i Hyen. Eg veit dette. Eg har vore der før. Men det er også svært fint for inste enden av Storevatnet, så fint er det faktisk at eg gløymer kleggen frå gong til gong.

Medan vanlege fluger og mygg har skam nok i livet til å døy når ein klaskar til dei med flathanda hjelper det ikkje med anna enn hammar og ambolt når ein skal få livet av ein klegg.

Eg kan ikkje anna enn å beundre kleggen for pågangsmotet sitt. Gevinsten er rett nok stor om han skulle få has på meg men sjansane for det er helst små. Enno.