Abu Dhabi skyline

Bylandskapet i Abu Dhabi, sett frå piren ved Marina Mall.

Då eg på fredag tok farvel med kollegiet på Leikanger gjorde eg eitt stort poeng utav kor meiningslaust det er å vere i Noreg i tidsrommet november til mars, så la eg til noko om solbriller, varme dagar og bading, før eg la beina på nakken og strauk på dør.

To dagar seinare, etter eit ualminneleg suksessrikt rakfisklag hjå Siri (Benjaminsen) og Per (Bjørkum) i Vikadalen, fann eg altså meg sjølv på Abu Dhabi International Airport; ein travel og trang flyplass som openbart hadde gapt akkurat så høgt som den kunne svelje, men som hadde gløymt at også måtte tygge.

Vel ute av terminalen kunne eg konstantere at det her var eit mindre avvik mellom dei paradisiske vertilstandane eg hadde ført i marknaden – og den noko meir sosialrealistiske røyndomen ikring meg.

Det var kjølig og regn. Høljeregn. Meir regn enn på lenge – og medan regnet og realitetane kom strøymande ned over meg, jubla arabarane som stod ikring meg. For dei var nok regn ei meir eksotisk og gledeleg oppleving enn for ein som er fødd og oppvaksen i Sogn og Fjordane. Så regna det i to dagar og tre netter og så vart det tørt att. Og tørt er det no, torsdag ettermiddag.

Vart særs godt imotteken av Oskar (Henriksen) ved ankomst. Oskar er ein ringrev som i kortare og lengre periodar har halde til i Abu Dhabi sidan midt på 80-talet, og som har eit vidunderleg kontaktnett, er dyktig i arbeidet, er godt selskap og attpåtil ein utsøkt kokk. Oppdragsgjevaren, byplanavdelinga i Abu Dhabi kommune, har også mange oppegåande og interessante folk, i det heile må eg seie at eg har fått eit svært positivt inntrykk av organisajonen.

Eg har ikkje hatt gleda av å arbeide i eit muslimsk land før, og har difor ikkje opplevd å ta helg på ein torsdag før – eg har derimot rike erfaringar med å arbeide på søndagar. Båe delar skal nok gå bra. Har ikkje klart å bestemme meg om eg skal dra til Dubai eller Al Ain i morgon – eller ganske enkelt halde med i Abu Dhabi. Tida vil vise, og vonaleg vil kameraet mitt fortelje.

Manipulated colors, Abu Dhabi Skyline

Detalj av bylandskapet i Abu Dhabi sett frå same stad som over.

Vannscooter

Arabarane fornektar seg ikkje ein tur på vannskuteren sin midt på dagen!

2 thoughts on “Vermelding frå Abu Dhabi

  1. Veldigt bra!
    Du er suveren, med pennen
    Misunnelsesverdig bra !

  2. Ventar på nye innspel………………..
    Om du har regn og kjølig har vi det surare til vanleg her på Vestlandet!

Comments are closed.