I 32 år har eg lukkast med å gå ikring utan å vite kva ein kalipper er for noko. Har knapt høyrt ordet, men sidan den 9. februar har eg knapt trefft eit menneske som ikkje talar med stor entusiasme om kalipperar!
Eg veit enno ikkje heilt kva ein kalipper er men eg har fått forståinga av at det er ein mekanisk del med nokre stempel og greier som går sund for eit godt ord.
Kjekt å vite!?
Det var i alle fall dette som var gale med bilen min då den streika i Hemsedal.