Har for fyrste gong vore i ‘Syden’. Nærare bestemt på Tenerife, ei av dei største øyane i Makronesia. Det var ei openberring.

Eg er ein av dei som alltid har smykka meg med aldri å ha gjeve etter for masseturisten i meg og reist til det vulgære, ekle, turistifiserte ‘Syden’.

No har eg altså vore der. Men i staden for at pioneren i meg fekk banesær meiner eg altså å ha oppdaga noko. Noko gamalt for andre – men nytt for meg.

Tenerife er ikkje ein tørr holme med engelske turistar med kvite joggeskor. Tenerife er ein grøderik holme med variert natur, høge fjell, skumle vegar OG engelske turistar med kvite joggeskor.

Det gjer heile forskjellen det!