No skal ein naturlegvis ikkje tru på media, statistikk og politiske festtalar, men om ein hadde gjort det, kunne ein lett ha fått inntrykk av at det norske helsevesenet er mellom dei fremste helsevesena i verda. Om så hadde vore, er det til å undre seg over at barnevernet aldri avla ein visitt heime hjå […]
Det er ikkje eit skikkeleg år om eg ikkje har vore inn på Fagredalsreset og sett utover Fagredalen, Blådalen og Måsedalen. Då frende Ove var på (relativt) sørlege breddegrader for nokre dagar, nytta vi høvet til å ta ein tur på Granekupa for å fiske – og meditere over nok eit år utan at vi […]
Var med frende Anders på “sauepatrulje” i Fitjefjella i tjukk skodde no på Søndag. Hadde med fiskestang og fotoapparat, resultat: 0 fisk og 50+ bilete. Rusa på fiskelukka i Måsedalen to dagar før let eg likevel ikkje dette gå inn på meg. Sjå album her.
Eg og frende Ove Drageset avla vår årlege vitjing i Måsedalen denne helga og ein biletserie frå turen er lagt ut i galleriet. Vepna med både fiskekort og lovleg leigd båt fiska vi for fyrste gong med (skikkeleg) reint samvit i Måsedalen. Det kjendest underleg – men gav godt resultat: 70 fiskar på tre og […]