Forteljingar & minne
Litt lengre forteljingar om ting eg sjølv har vore med på, har opplevd eller høyrt om – frå notid og fortid.
-
Eit halvope brev til Harald Slettvoll
Written by
Til skilnad frå dykk sein-patriarkane borte på Gloppestad er som du veit Bukta-mannen ferdig reformert og medviten si rolle i det nye samfunnet. Som ein representant for denne gruppa er eg såleis jamnleg å finne på kolonialvareforretningar i små og mellomstore ærend. I går ettermiddag, medan eg stod på Rema og reflekterte over kva grønsaker…
-
Rasmus Bergheim 1932-2017
Written by
Folk går bort heile tida men det å misse ein far er ei bru ein kryssar berre ein gong i eitt menneskeliv. Sjølv om det gjev oss sorg at han er borte, er det samstundes også ei lette at han no har funne varig fred etter eitt halvår då tilværet var tungt for han. Når…

-
Godt Nyttår 2013/14
Written by
Vyrde frendar, nye som gamle, med 12 små gløtt frå eitt minnerikt 2013 vil eg ynskje deg og dine eitt retteleg godt 2014. I romjula for fem år sidan, medan eg sat og skreiv reiserekningar, gjorde eg ei oppdaging som sidan den gong har utvikla seg frå å vere ein fiks ide til å bli…
-
Anna Fitje 1910 – 2012
Written by
Kjære Anna Du vart nesten 102 år gamal. Du levde eit uvanleg langt liv – eit liv som var vitne til store endringar Du var fødd i grend der det var hest og kjerre som rådde vegane Du var fødd i ei grend der ljoset kom frå stearin og oljelampar Du levde gjennom to verdskrigar…
-
Oppskrytt kamelromantikk
Written by
Sidan 2009, då eg for fyrste gong sette meg oppå ein kamel, har eg leika med tanken om å dra på ein fleirdagstur i selskap med dette noko underlege men trivelege dyret. httpvh://www.youtube.com/watch?v=s3_BhFKaLm4 Førre helg, tre år og fire smertefulle kameltimar seinare, vakla eg bort frå kamelen min fast bestemt på aldri å utsetje meg…
-
Are Frode Søholt 1974 – 2012
Written by
Kvil i fred kjære ven Minne eg ikkje visste at eg hadde strøymer på: hyggjelege kveldar; turar til fjell og fjerne strender; planar vi la – men ikkje gjennomførte. Du utretta meir på dine 37 år enn eg – meir enn mange etter eitt fullevd liv Verda står ikkje tom etter deg. Sorga vi kjenner…
-
Drosjetur til ettertanke
Written by
– “Good morning sir, where to?”, spurde ein framoverlut sudanesar, medan vi kjempa ein kamp om kven som skulle lempe kofferten min inn i bagasjerommet. Som Gloppar er eg ikkje så komfortabel med folk som ynskjer å hjelpe meg med å bere eller flytte ting. – “To the airport, please”, mumla eg søvndrukken. Det er…
-
Draumen om Bukta Trim & Sykkelklubb
Written by
Som “ung mann” på Kleiva var ikkje organisasjonslivet eit spesielt mangfaldig landskap å navigere i. Den fyrste sosiale rita ein kunne verte initiert i som ung i Mardal Krins på byrjinga av ‘80-talet var barneforeininga. Dette var eitt langtrakt intermezzo frå barneforeiningsbasar til barneforeiningsbasar der dei unge under tilsyn frå fromme samaritanar kunne malpraktisere disiplinar…
-
Den brente jords problematikk
Written by
Ein fin ettermiddag då vi var i 10-11-årsalderen fann granne Håvard Nordvik og eg ut at vi skulle freiste å sanke mat slik forfedrane våre hadde gjort før oss – lenge før oss; vi skulle skyte – og deretter steike ein av desse ståkete måsane som det var så mange i det som seinare skulle…
-
Eit pølseskinn til besvær
Written by
No skal ein naturlegvis ikkje tru på media, statistikk og politiske festtalar, men om ein hadde gjort det, kunne ein lett ha fått inntrykk av at det norske helsevesenet er mellom dei fremste helsevesena i verda. Om så hadde vore, er det til å undre seg over at barnevernet aldri avla ein visitt heime hjå…