Ting som undrar meg

Stundom skjer underlege ting. Det har så vore, det vil så vera!

  • Eit halvope brev til Harald Slettvoll

    Written by

    , ,

    Til skilnad frå dykk sein-patriarkane borte på Gloppestad er som du veit Bukta-mannen ferdig reformert og medviten si rolle i det nye samfunnet. Som ein representant for denne gruppa er eg såleis jamnleg å finne på kolonialvareforretningar i små og mellomstore ærend. I går ettermiddag, medan eg stod på Rema og reflekterte over kva grønsaker…

  • I Unåde hjå Gud i Gloppen

    Written by

    ,

    Grannen sende meg ein artikkel her ein dag som omhandla ein kjenning som var blitt avskjediga i unåde av Gud sin administrative representant i Gloppen — kyrkjevergen. Eg har ikkje nærare kjennskap til Dorothee Raschwitz enn at vi har site på kvar vår side av ein pizza ein gong – men basert på den bordseta…

  • “Jernteppet”

    Written by

    ,

    Framom “Jernteppet” (skiltet og plastsløyfene på trea) Bakom “Jernteppet” Den kalde krigen gjekk ikkje så hardt inn på meg. Eg var meir oppteken av barne-TV og neste middagsmåltid. Det å unngå fiskekaker var for meg eitt viktigare mål enn å forstå kvifor Noreg engasjerte seg i noko eg ikkje visste heitte NATO eller kva var.…

  • Eit attraktivt prospekt frå Widerøe

    Written by

    , ,

    Fekk desse forslaga frå Widerøe idag då eg freista å booke meg eitt sete attende til Oslo. Slo likesågodt på stortromma og kjøpte “full flex”.

  • Outsourced – når billeg arbeidskraft vert for dyr

    Written by

    , ,

    I Muscat har dei nyleg byrja å erstatte billeg arbeidskraft frå Sør-Aust Asia med utstillingsdukker. Stundom vert billeg arbeidskraft for dyr… Menneskelege traffiklys er no ein ting som høyrer fortida til.  

  • Oppskrytt kamelromantikk

    Written by

    ,

    Sidan 2009, då eg for fyrste gong sette meg oppå ein kamel, har eg leika med tanken om å dra på ein fleirdagstur i selskap med dette noko underlege men trivelege dyret. httpvh://www.youtube.com/watch?v=s3_BhFKaLm4 Førre helg, tre år og fire smertefulle kameltimar seinare, vakla eg bort frå kamelen min fast bestemt på aldri å utsetje meg…

  • Are Frode Søholt: Ho står i rommet mitt og brenn

    Written by

    , ,

    Det er ikkje til å legge lok på at eg vert uroa når eg såg frende Are Frode Søholt gjere diktdebut på forlaget Tiden – samstundes vart eg vàr ei snikande og utilfreds kjensle av ikkje sjølv å ha utretta noko av tilnærmingsvis same proporsjon. Forlaget si omtale av diktsamlinga: ho står i rommet mitt…

  • Protected: Aktlaust dikt

    Written by

    , ,

    There is no excerpt because this is a protected post.

  • Juleførebuingar i UAE

    Written by

    , ,

    På hotellet Le Meridien er dei travelt opptekne med å montere opp juledekorasjonen sin. Den består av eit isslott, ein Tysk-Austeriksk alpelandsby og ein skog av plasttre med falsk snø. Det kan vere verd å stanse og tenkje seg om i religionsdebatten heime i Noreg når ein ser dette. Midt i eit strengt muslimsk land…

  • Å verne om heimen

    Written by

    Inne i Sogn har eg ein kollega som for nokre år sidan vart kalla inn til øving i Hans Majestet Kongens Heimevern. Han vart tildelt eit relativt lågt embete i ei gruppering som hadde til føremål å øve vern mot pansra køyrety – i Luster. Tenk etter, kor mykje skal ikkje ha gått gale før…