Ting som gler meg
Stundom er det noko å feire, stundom er det noko kjekt og andre gonger skjer det noko som er så rørande dumt at eg ikkje veit om eg skal le eller gråte. Då ler eg helst.
-
Sand, sand, sand…
Written by
Sanddyne i ørkenen mellom Abu Dhabi og Al Ain i låg kveldssol Handling er ein fin ting, men det finst grenser for kor lenge ein kan rusle kringom i Abu Dhabi og handle. Ein kan naturlegvis variere med å ta seg ein tur til Dubai for å handle. Men det er, når alt kjem til…
-
Veslejulaftan, 5. januar 2008
Written by
Gjengen samla utanfor Bar & Cigar i Oslo, 5. januar 2008. Frå venstre: Are Frode, Eirik, meg sjølv, Kåre, Kjetil og Anders. Anders, Are Frode, Eirik, Kjetil, Kåre og eg sjølv, byrja i 1988 å samlast på Veslejulaftan for å røyke sigarar, utveksle gåver og elles oppsummere året vi hadde vore gjennom. Samlinga oppstod som…
-
God jul og godt nyttår!
Written by
Ei tynn hinne av is har lagt seg over vikane langs Gloppefjorden. Biletet teke i byrjinga av desember 2007 ved “Knutenaustet” på Ytre Fitje. Eg vil ynske alle ei retteleg god jul og eit godt nytt år i 2008!
-
Gloppen Boksete: Per Sivle, Alfred Fidjestøl – og Anders A Fitje
Written by
Etter å ha flytt attende til Sandane frå synda sin eigen heimstad, Oslo, har frende Anders A Fitje teke initiativ til ei tilstelling i litteraturen sitt namn, Gloppen Boksete. Boksete er, til liks med “beverpelsen” til Agnar Mykle, eit vakkert ord som det ikkje utan vidare er lett å bli klok på – om du…
-
Frelse eller fortaping?
Written by
Eitt av dei store vegvala i livet: gudsteneste (til høgre) eller flakedans (til venstre) – frelse eller fortaping? Teke under friluftshelga i Hyen, sommaren 2007. Foto: Asgjerd Bergheim (http://asgjerd.bergheim.dk).
-
Til lukke, Gunhild & Roy
Written by
Fyrste september gifte Gunhild og Roy seg i Bygstad kyrkje med påfølgjande fest på Åmot gard. Eit storveges bryllaup som varte frå fredag til søndag – og som seint vil bli gløymt.
-
Hjort på Kleiva: ein som lever farleg i haust
Written by
Denne hjorten stod uforstyrra og åt i hagen heime på Kleiva i dag ettermiddag. Om han ikkje lærer seg at ikkje alle menneske ynskjer han godt innan ein månad eller to, spøkjer det for om han kjem til å oppleve ein “betre vår eingong” som det heiter i songen. Sjå også: Rein på Labakken
-
Fakta om bryllaup
Written by
Medan eg for nokre dagar sidan fortvila leita kringom på verdsveven i håp om å finne gode forslag til korleis ein toastmaster skulle te seg fann eg ei utømeleg kjelde til fordummande vitsar og grundig utbrukte idear. Som kjent kan fantasien kan sjeldan eller aldri konkurrere med røyndomen så eg byrja å leite i historiske…
-
Gloppen Musikkfest 2007
Written by
Min gamle frende og svirebror Are Frode Søholt tok for fire fem år sidan initativet til ein festival for kammermusikk i heimbygda vår Gloppen. Dette var ikkje nokon enkel idé å kome på – sjølv om det er betydeleg lettare å tenkje den enn det må ha vore å realisere den. Are Frode har altså…
-
Når trekkspelet vaknar
Written by
Toradaren har i Noreg ubrytelege band til gammaldansemusikk i 4/4 takt og med melodilinjer utan dei heilt store overraskingane for dei som høyrer på – eller dei heilt store utfordringane for utøvarane. Denne musikkforma er reservert for paria- og halvkastar. Representantar for det “ekte” og “høgverdige” kulturlivet, og då gjerne konsumentane snarare enn utøvararane, er…