Ting som gler meg
Stundom er det noko å feire, stundom er det noko kjekt og andre gonger skjer det noko som er så rørande dumt at eg ikkje veit om eg skal le eller gråte. Då ler eg helst.
-
Eit spørsmål om orv og miljø
Written by
Eg hadde ein oppvekst som i stor grad var skjerma frå deltaking i gardslivet på Labakken. Verken mor Asgjerd eller far Rasmus la utilbørlege band på fritida mi; ved fylte tretten år måtte eg framleis ha både godt ljos og bruke alle åndsevner for å skilje mellom storfe og sau. Mitt møte med landbruket sine…

-
Godt nytt år 2015/16
Written by
Vyrde frendar, nye som gamle, Like brått som det byrja er året 2015 kome til ende — og 2016 står for døra, reint og ubrukt. Eg vonar det nye året vert rikt på framgang og opplevingar, at det vert fylt av lukke men at det vert fattig på motgang og svartsyn. Eg vonar livet i…

-
Godt Nyttår 2013/14
Written by
Vyrde frendar, nye som gamle, med 12 små gløtt frå eitt minnerikt 2013 vil eg ynskje deg og dine eitt retteleg godt 2014. I romjula for fem år sidan, medan eg sat og skreiv reiserekningar, gjorde eg ei oppdaging som sidan den gong har utvikla seg frå å vere ein fiks ide til å bli…
-
17. Mai!!!
Written by
Til lukke med dagen Noreg! Til dei som ser ljost på det: vi har eitt eineståande land som vi har all grunn til å vere nøgde med. Til dei som ser svart på det: det er mykje i Noreg som er gale, men eg er styggeleg redd at det er meir som er bra! Til…
-
Are Frode Søholt: Ho står i rommet mitt og brenn
Written by
Det er ikkje til å legge lok på at eg vert uroa når eg såg frende Are Frode Søholt gjere diktdebut på forlaget Tiden – samstundes vart eg vàr ei snikande og utilfreds kjensle av ikkje sjølv å ha utretta noko av tilnærmingsvis same proporsjon. Forlaget si omtale av diktsamlinga: ho står i rommet mitt…
-
Korleis korte ned møta: litt ukomfortable stolar…
Written by
Eit knippe litt ukomfortable stoldesign som etter alt å døme vil kome til å korte ned tida ein brukar på unaudsynt småprat under forretningsmøte. Eg kjøper desse! Sjå fleire her. http://www.todayandtomorrow.net/2008/11/25/the-slightly-uncomfortable-chair-collection/
-
-
Juleførebuingar i UAE
Written by
På hotellet Le Meridien er dei travelt opptekne med å montere opp juledekorasjonen sin. Den består av eit isslott, ein Tysk-Austeriksk alpelandsby og ein skog av plasttre med falsk snø. Det kan vere verd å stanse og tenkje seg om i religionsdebatten heime i Noreg når ein ser dette. Midt i eit strengt muslimsk land…
-
Status: 45% ferdig – 55% att
Written by
Hermetisk cheeseburger frå tyske Trekking-Mahlzeiten: eit av dei mest uforståelege produkta som nokon sinne har blitt lansert på den opne marknaden. Eg mottok to eksemplar frå mine utmerkte kollegaer Per, Frode og Richard i går kveld! Det er 11. desember og eg har jebussdag att… Den 34 i rekkja. I følgje Statistisk Sentralbyrå sin tabell…
-
Skilt og plakatar i UAE
Written by
Adgang forbudt for andre enn bønder og turistar. Eit kjekt skilt å sjå for ein bondeson som er turist. Vanlegvis er det omvendt… Denne stranda er berre for familiar. Eigentleg ingen dum idé, men for Tor Gunnar, Mike og meg betydde det at vi ikkje fekk overnatte på det lokale hotellet. Khat Politistasjon. Ein tornefull…