Ting som gler meg
Stundom er det noko å feire, stundom er det noko kjekt og andre gonger skjer det noko som er så rørande dumt at eg ikkje veit om eg skal le eller gråte. Då ler eg helst.
-
Hjarteleg til lukke Edle og Kåre!!!
Written by
Mine gode vener Edle og Kåre gifte seg i Øre kyrkje, 4. August 2007 og feira med ein durabeleg fest på Håholmen Havstuer etterpå! Tusen takk for ei storveges oppleving og all mogleg lukke vert ynskt dykk!
-
Gratulasjonar til Hege, Ane og Anders!
Written by
Ane, den fyrstefødde (av ei lang rekkje?) til mine gode frendar Hege og Anders gjorde sin entré på Kvia på Ytre Fitje 20. Juli 2007 grytidleg om morgonen! (Biletet er teke 2 veker etter “ankomst”)
-
Arbeidsmarknad: Kommunistar vs Nazistar
Written by
Det er vanskeleg å sjå føre seg kven som skulle ville tilsetje “Einar” til noko som helst. Ikkje eg i alle fall!
-
Varedeklarasjon: Commodore 1541 II
Written by
I Januar 1988 kjøpte eg mi fyrste skikkelege datamaskin, ein Commodore 64 – “ny utgåve”! Det var like over Jul, eg hadde nyleg fyllt 13 år og hadde “lagt meg opp” pengar frå både “jebuss” og Jul før eg som “avlasting” for mor mi skulle på besøk til tante Kjellfrid i Oslo. Tysdag, 12. Januar,…
-
Forklaringa ligg truleg oppstraums
Written by
Her om dagen kunne ein i Sogn Avis lese denne fascinerande historia om ein stramtluktande foss med misfarga vatn. Grannane vil ikkje spekulere i årsaka, men heller lære seg å leve med stoda slik den er.
-
Rein på Labakken
Written by
Då eg var liten var det sjeldan å sjå rein i Fitjefjella i det heile. Ivrige fjellvandrande grannar kunne rapportere å ha sett reinstammen borte på Vona i Naustdal eller kanskje så nære som i Steinbotnen, i Hyemarka eller på Granekupa. Nede i tuna på Fitje var dei aldri som eg kan hugse. No går…
-
Mor Asgjerd på nett
Written by
Mi kjære mor har teke steget ut på verdsveven i ein alder av sytti-noko. Det er kanskje ikkje så uvanleg i våre dagar men eg vil likevel gratulere ho med framsteget og oppmuntre ho til å halde fram å skrive i bloggen sin. Følgjande er saksa frå bloggen hennar: … Asgjerd vart hekta på bruk…
-
Ringdrotten
Written by
Kom heim i går kveld etter ei veke på vegen og fann nynorskutgåva av “The Lord of the Rings” liggjande pent innpakka på kjøkenbordet. Til no har det berre funnest bokmålsomsetjingar av dette verket på Norsk. Eg må medgje at piggane kom ut med ein gong eg såg tittelen, Ringdrotten, men etter å ha bladd…
-
Syden var ikkje så gale likevel!
Written by
Har for fyrste gong vore i ‘Syden’. Nærare bestemt på Tenerife, ei av dei største øyane i Makronesia. Det var ei openberring. Eg er ein av dei som alltid har smykka meg med aldri å ha gjeve etter for masseturisten i meg og reist til det vulgære, ekle, turistifiserte ‘Syden’. No har eg altså vore…
-
Rapport: Fjellfiske 2006
Written by
I selskap med frendane Harald på Jensbakken og Håvard i Gunnja gjekk årets fisketur av stabelen frå 4. til 6. August. Etter fleire år med ambisiøse, kostnadsdrivande og sørgjeleg fiskelause turmål utanlands gjekk turen denne gongent til Granekupa. Anders i Kvia var ikkje med og vi konkluderte som George Bush at dei som ikkje er…