Kom heim i går kveld etter ei veke på vegen og fann nynorskutgåva av “The Lord of the Rings” liggjande pent innpakka på kjøkenbordet.

Til no har det berre funnest bokmålsomsetjingar av dette verket på Norsk. Eg må medgje at piggane kom ut med ein gong eg såg tittelen, Ringdrotten, men etter å ha bladd litt i boka kjenner eg meg trygg på at dette er ei omsetjing som både eg vil – og Tolkien sjølv ville ha sett pris på.

Soga tek til med ei innføring om Hobbitane i Heradet (The Shire). Dette vert god lesnad.