Om å reise med buss

Gjekk gjennom Galleri Oslo i dag, hovudstaden sin største busstasjonen. Har sjeldan sett så mange bistre menneske på ein stad som eg kan minnast.

Det er ganske tarveleg å reise med buss. Eg hadde gløymt dette då det er mange år sidan eg nytta denne forma for transport. Eg trur det er tre år sidan sist eg reiste mellom Aust- og Vestlandet med buss.

Det virkar som om medpassasjerane mine delar oppfattinga mi. Utan at dei seier noko om det. Dei ser alle ut som om dei sit og forfattar nekrologar for nokon som dei var svært glade i medan dei levde.

Har fått eit sete med sensasjonell beinplass. Det hjelper. Passar også på å sjå bitter og inneslutta ut kvar gong bussen stansar for å ta på nye passasjerar. På denne måten vonar eg å behalde dobbeltsetet mitt i fred gjennom heile reisa.

Gulsvik Sør no. Har aldri skjøna vitsen med å operere med Nord og Sør på ein stad som er meir eller mindre usynleg for eit utrent auge.

Bussjåfør, ta meg bort herifrå – eg vil heim.