Skjermdump frå Enrio sitt kontaktskjema

Etter å ha prøvd talrike gonger å få endra ei oppføring i Telefonkatalogen via noko så passande som telefonen freista eg i dag “kontakt oss” tenesta på nettsidene til Eniro.

Eg nytta Mozilla Firefox 2.0.0.6 og alt virka som det skulle – fram til eg freista å sende inn skjemaet når det var ferdig utfyllt. Dette er naturlegvis det mest irriterande tidspunktet eit skjema kan skjære seg på – etter at eg har fyllt ut alt.

Eg tok meg bryet med å fylle inn noko i alle felta fram til og med ‘fakturanummer’ der eg skreiv inn ein serie nullar. Då fekk eg til alt overmål opp ei feilmelding “processing error” med to undertekstar, ein på Engelsk og ein på Tysk med litt ulikt innhald.

Eg skifta til å syne sida i Internet Explorer – då fungerte det på fyrste forsøk. Det er forsåvidt hyggjeleg, men kan de ikkje berre skrive Javascript som fungerer på kryss av nettlesarar – det er då ikkje så vanskeleg. Særskilt ikkje når ein tenkjer på kor mykje pengar de nyttar på denne tenesta dykkar!