The Las Vegas Strip

Caesars Palace og Forum Romanum, Las Vegas

Caesars Palace, eitt av dei mest vidgjetne casinoa i verda, komplett med ei utgåve av Forum Romanum i forgrunnen.

Freemont Street ligg i det som vert kalla “downtown” Las Vegas. Det var her gamblingeventyret tok til, men dei mest vidgjetne casinoa i Las Vegas i dag ligg ironisk nok ikkje i det som formelt sett er Las Vegas men i nabobyen Paradise. Det var her vi budde, på Sahara Hotel & Casino, når vi kom attende frå the Grand Canyon for å tilbringe nok ein kveld i spelehovudstaden.

Las Vegas prova for meg det eg lenge har mistenkt, nemleg at etikk og moral berre er viktigare enn pengar dersom umoral er ulønsamt. Prostitusjon er ulovleg i sjølve Las Vegas – men lovleg i resten av Nevada. På kvart eitt gatehjørne står det avisautomatar stuande fulle av reklame for escorttenester med bilete av heil- og halvnakne jenter på framsida. Verre er det likevel med lastebilane som køyrer kringom med svære reklameskilt som reklamerer for jenter som ynskjer å bli kjende med deg – og som du kan få “sendt rett til rommet”. Venteleg for å bli betre kjende der.

Ute i ørkenen sør om Las Vegas, omlag tre kilometer frå næraste hus, hadde vi dagen før, til vår store muntrasjon, sett eitt enormt motorvegskilt med påskrifta “Adult books and DVDs sold here”. Dette tykte eg såg ut som ein klar parallell til etablissementet Hönan Agda i Strømstad der småkåte austlendingar, som enno ikkje har fått opp augene for Internett, får dekt sine behov for erotisk lektyre.

Dei mest berømte casinoa i verda ligg langs the Strip som perler på ei snor: Mandalay Bay; Luxor komplett med Pyramide- og Sfinxreplikaer; Bellagio med den overdådige fontenen sin; Paris med kopiar av Triumfbogen og Eiffeltårnet; Caesars Palace med sitt Forum Romanum; The Mirage med dei kvite tigrane til Siegfried og Roy; Treasure Island med seglskuter og the Venetian med gondoltrafikkerte kanalar. Kvart casino med sitt eige hotell, sitt eige parkeringsanlegg og sine eigne kjøpesenter og show.

Paris, the Las Vegas Strip

Eiffeltårnet finst i Paris i Frankrike men også i “Paris” ved Bally’s Hotel & Casino på “the Las Vegas Strip”

Trump Towers

Mannen med den fælslege hårhatten, Donald Trump, har også eitt tårn/hotell på “the Strip” i Las Vegas.

The Mirage Hotel & Casino

The Mirage Hotel & Casino på “the Las Vegas Strip”, “heimstaden” til Siegfried, Roy og dei kvite tigrane deira. Ein av desse vart dugeleg lei Roy i fjor – og beit han. Godt jobba!

Apropos show: Idar og eg fekk oss billettar til den nederlandske illusjonisten Hans Klok si førestilling i teateret på den innandørs handlegata “the Miracle Mile” inne på Planet Hollywood-anlegget. Denne gata var åleine større enn Sogndal og når vi spurde om vegen til trylleshowet vart vi spurde om kva for eitt vi meinte, dei hadde fleire. Nederlendaren var ein flink illusjonist men hadde ganske høg MacGyver-faktor på framtoningen sin. Som kompensasjon for dette hadde han med Pamela Anderson i nokre av illusjonane sine. Anten er ho like dum som eg har trudd eller så har ho ein svært velutvikla sjølvironi, i alle fall tillet ho regissørane å gjere mykje moro utav det faktum at ho er blond, svak for kokain og primært er ei som menn vil liggje med snarare enn å høyre på. Eg vel å tru det fyrste, at ho er dum.

Metta på underhaldning var det no tid for å få seg middag, ikkje noko problem å få middag berre fordi det er etter midnatt i Las Vegas. Så var det av til pengespelet att. Denne kvelden gjekk det i hundane med meg, kanskje av di Idar ikkje hjelpte meg slik han gjorde forrige kvelden vi var i byen. Eg gjekk totalt 80 dollar i minus på heile prosjektet – det er ikkje ille om eg samanliknar meg med einskilde andre som sat der.

Elvis var ikkje daud men er trøytt og vil heim

Det var det eg visste, Elvis var ikkje daud likevel, han var berre trøytt og ville ha seg ei drosje heim for å sove. Ikkje lett å vere entertainer 24 timar i døgeret 7 dagar i veka.