Eg er to meter høg, ein meter brei, ein meter djup, og har såleis eit volum på omlag 2 kubikkmeter – og vekt deretter. Til små menneske som klagar over kor ubehageleg det er å reise med fly har eg berre ein ting å seie: de anar ikkje kva de snakkar om!

På fly er det gunstigare å reise som bagasje enn som storvaksen! Dersom du til dømes sjekkar inn ein stor koffert, så må ikkje den reise på “økonomiklasse”. Den vert plassert i lasterommet på ein stad der det er plass til den. Litt lenger framme i flyet er det andre reglar som gjeld. Her har det ingenting å bety at eit sete fysisk er for lite for den som skal sitje der, der er det kun billettklassar og innsjekkingstidspunkt som gjeld.

Kabinpersonalet vel, av omsyn til eige (u)behag, ikkje å sjå dette – og prøve å sjå til at store passasjerar får sitje der det er plass til dei. Vanlegast vert eg fortalt ved innsjekk a ‘om eg vil ha god sitjeplass så må eg kjøpe dyrare bilettar, eller i beste fall at eg kan spørje nokon om å få byte plass. Dette er naturlegvis noko eg ikkje gjer!

Til alle dykk som ikkje er nøgde medan de er ute og flyg: her er mi liste på 29 ting som irriterar meg ved å reise med fly som ein STOR passasjer:

  1. Den korte jævelen som sit framfor meg, med seteryggen i bakre stilling
  2. Små menneske med korte bein som sit ved naudutgongane og strekkjer seg
  3. Det tronge setet mitt
  4. Kantar og “saumar” på stolryggen framfor meg som gneg mot knea mine (sjå punkt 1)
  5. Seteryggar som sig bakover, uavhengig av om justeringsknappen er inntrykt eller ikkje
  6. Knapp for justering av seteryggen på innsida av armlenet som konstant vert inntrykt, og som fører til at seteryggen sig bakover
  7. Kortare og kortare seteavstand dess lenger bak i flyet du kjem, sjølv innad i same kabin/billettklasse
  8. Alt styret rundt å kome seg ombord: køyring, parkering, flytog, flybuss, innsjekk, tryggingskontroll, kroppsvisitasjon og passkontroll
  9. Overprisa billettar, berre av di eg bestemte meg for å reise kort tid før avgong
  10. Å hamne i eit midtsete, der eg anten vert skvist mellom to andre passasjerar, eller der eg skvisar to andre passasjerar oppetter vindauget og ut i midtgongen
  11. At eg må skru av MP3-spelaren min under avgong og landing – hadde eg trudd ein augneblink at eitt så enkelt instrument som ein MP3-spelar ville kunne få flyet til å krasje hadde eg aldri gått ombord
  12. Serveringstraller som slår borti albogen og kneet mitt, når flypersonalet er på tur “rundt” i kabinen
  13. Smale sete med armlene som ikkje let seg løfte, slik at eg kan snike eine foten under og ut i midtgangen
  14. Dårleg luftkvalitet, fordi flyselskapet sparar pengar ved ikkje å køyre det på “full guffe” heile tida
  15. Folk som sit innanfor meg og som skal ut heile tida som har ADHD, eller som har ungar som sit i nærleiken som har ADHD
  16. Andre slike som meg sjølv, som tek opp meir plass enn det er i eit sete
  17. Bord som vert folda opp frå armlenet, som generelt er så låge at det er umogleg å få dei til å liggje flatt framfor meg
  18. Toalett som eigentleg er for små til at eg kjem inn
  19. Utydelege og uforståelege meldingar over intercomanlegget, som flygarane og kabinpersonalet etterkvart må ha opparbeidd vesentleg erfaring i å bruke
  20. Falsktsmilande og overvennleg kabinpersonale
  21. Tørr og kald mat, eventuelt underleg varm mat
  22. Teatralsk tryggingsdemonstrasjon
  23. Det faktum at einaste tryggingsutstyret for passasjerar ombord i flyet er flytevestar, som i tillegg ligg slik til at eg er ute av stand til å nå tak i dei.
  24. Det faktum at det alltid virkar til å bli turbulens etter at kabinpersonalet har vore rundt med kaffi
    • (resten av lista gjeld berre for flygingar med underhaldningsanlegg ombord)
  25. Høyretelefonuttak som er plasserte på innsida av armlenet, og som dermed gneg mot låret når eg pluggar i høyretelefonane
  26. For små videoskjermar som er plassert for langt unna
  27. Spelefilmar som er redigerte for å passe til flypublikum, der vesentlege delar er utelatne.
  28. Alt for låg plassering av LCD-skjermar i seteryggen framom meg, slik at innsynsvinkelen frå mi høgde gjev eit matt og dårleg bilete
  29. Ubrukelege høyretelefonar, som nesten aldri gjev meir enn monolyd – og som gjev plent med statisk støy i bakgrunnen.