Grand Canyon, småbyen Williams og Route 66

Grand Canyon sett frå Mather Point

Grand Canyon ved solnedgong, utsyn frå Mather Point.

Det var ettermiddag, vi var midt i ørkenen i Arizona og hadde to og ein halv time att å køyre før vi ville vere framme ved Grand Canyon. Det var nett byrja å demre for oss at vi kanskje ikkje ville rekke fram før solnedgong og såleis ville måtte nøye oss med å sjå eit stort mørkt juv der Grand Canyon skulle vore om det berre hadde vore dag. Samstundes demra det for oss kor utruleg dumt det ville vere å fortelje dei der heime at vi hadde køyrt to heile dagar i ørkenen utan å ha sett Grand Canyon i det heile.

Vi skulle nemleg ikkje overnatte oppe ved det store elvegjelet. Vi hadde leita etter hotell på Internett og ikkje fått treff på nokon av dei stadane som låg nær sørsida av Grand Canyon. Vi hadde måtta strekke oss heilt ned til Williams, ein småby heile 93 kilometer lenger sør. Om vi skulle reise oppatt neste dag for å sjå på elvegjelet ville heile denne dagen også gå med til køyring – og vi ville ikkje få med oss noko som helst i Las Vegas om kvelden. Her var det med andre ord berre å trakke gassen i botnen (eller snarare justere opp cruise-controllen), sleppe lett opp kvar gong vi såg blinkande politisirenar – og så trø til att.

Fjella i Arizonaørkenen

Fjella i ørkenområda på grensa mellom Arizona og Nevada

Takka vere dei lengste beine strekningane eg har sett i mitt liv (god oversikt over eventuelle politisirener) nådde vi fram i god tid. Og det var verd det. Grand Canyon lever verkeleg opp til namnet sitt. Når ein står på kanten er det meir enn dobbelt så langt ned til Coloradoelva som det er ned i Langedalen når ein står på Svarte Kari heime i Gloppen. Det er mellom 6 og 29 kilometer over til den andre sida, avhengig av kvar du står langs kanten og unekteleg eit mektig og vakkert syn.

Vi fekk med oss det siste ettermiddagslyset og solnedgongen som “sette eld på” klippeformasjonane i Grand Canyon som skein raudt mot oss. Vi fekk ikkje tid til nokon lengre spasertur ned til elva – eller nokon eseltur, slik det er mogleg å få om ein har meir tid om hendene, men vi fekk “prøvesmakt” Grand Canyon til ei seinare vitjing.

Grand Canyon sett frå Desert View Road

Grand Canyon like etter solnedgong sett frå Desert View Road

Småbyen Williams synte seg å vere ein attraksjon som stod på eigne bein. Overnattingsstaden vi hadde funne heitte the Red Garter Bed & Bakery og hadde som namnet indikerte ei mangslungen forhistorie som omfatta både saloondrift, opiumsomsetjing og bordellverksemd – det siste opphav til namnet.

Williams, Arizona

Småbyen Williams, Arizona. Som snytt ut av nasen på ein amerikansk film.

“Det raude sokkebandet ” var ikkje berre ein overnattingsstad men også eit bakeri, noko som lova vel for frukosten, men før frukost måtte vi imidlertid få oss middag. Det ordna vi på naborestauranten, med det eksotiske blandingsnamnet Pancho McGillicuddys, der dei serverte utmerkt mexikansk mat i litt for store porsjonar og utmerkt Grand Canyon Brewerys Wheat Beer i litt for store muggar. Ein tre-rettar sat som sement i magen etter ein dag meg kvilelaus køyring og ein liten lur på rommet før vi skulle ut for å feire “Halloween” synte seg å vere fatal. Sjølv å liggje rett ut på ryggen opplevdest som tungt der og då – og før eg visste ordet av det sov eg.

Som ein bonus spøkte det også på the Red Garter. Bed & breakfasthotellet var rekna for å vere ein av dei meir aktive stadane for paranormal aktivitet i heile Arizona i følgje både ein artikkel i dagens avis og ei bok som låg på gongen. Kona i ekteparet som hadde lege i naborommet hadde vore plaga av spøkelse heile natta, nokon som kom inn og sette seg på senga hennar slik at ho ikkje fekk fred, mannen hadde imidlertid sove uforstyrra.

Sleeping with Ghosts

I følgje boka “Sleeping with Ghosts” og ein artikkel i ei av dei større avisene i Arizona er the eks-bordellet the Red Garter ein av dei mest aktive stadane for paranormal aktivitet i heile delstaten.

Etter ei handelsrunde i Williams, der eg kom i skade for å kjøpe ein cowboyhatt, ei cowboyskjorte og ei seddelklemme, gjekk vegen attende til Las Vegas. Ved Seligman halvveges mellom Williams og Kingman fann vi ut at vi skulle følgje den historiske Route 66 i staden for hovudvegen. Dessutan låg det noko spanande som heitte Grand Canyon Caverns langs denne sidevegen – dette kunne vi ikkje la gå ifrå oss.

Grand Canyon Caverns synte seg å vere eit underjordisk holesystem som ikkje hadda anna til felles med Grand Canyon enn at det skulle finnast ei eller anna form for luftgjennomgang mellom den og holene. Namnet var med andre ord skikkeleg svindel – men holene var ein interessant attraksjon på sine eigne premissar dei. Guiden vår, ein kar med namn Ray, sakna nok imidlertid litt når det kom til entusiasme og innleving. Dei andre turistane som var på turen saman med oss var ein countrysongar med namn Thad Foster og familien hans – inklusive svigerfar som var til forveksling likna på Formann Mao – men som visstnok var mexikanar.

Idar i Grand Canyon Caverns

Å kalle holene Grand Canyon Caverns er utan tvil svindel. Men ein fin stad i sin eigen rett uansett!

Route 66 var også ein attraksjon i seg sjølv. Store, flate ørkensletter omkransa av bratte, westernfilmaktige fjellknausar – og nesten ingen bilar. Berre eitt og anna godstog, med styggeleg mange vogner, seig forbi.oss på horisonten. Ørkenen var også annerleis enn eg hadde førestelt meg: ikkje berre uendelege sandsletter, men også fjellknausar, buskvegetasjon – og bubilar. På dei underlegaste stader, midt ute i ingenting, var det store, store bubilparkar.

Route 66

Route 66 mellom Seligman og Kingman, Arizona.

Ørkenen

Ørkenen er ikkje berre sand, den er også westernfilmaktige fjell og buskvegetasjon. Eit fascinerande landskap for meg som er oppvaksen med fjell og fjordar.

Eg hadde fram til då kjøpt ideen om at folk som bur i bubil, i USA, gjorde dette utav naudsyn snarare enn eige ynskje – men etter å ha snakka med ei dame over frukost i Williams var eg ikkje lenger så skråsikker. Ho budde i Williams om sommaren, sa ho. Her kunne ho reise opp til Grand Canyon for å sjå solnedgongen og ete middag utanfor bubilen sin – og nyte den friske, klare fjellufta (Williams ligg omlag 2 000 m o.h.). Om vinteren var her for kaldt – då pakka ho “huset sitt” og flytta heilt sør i Arizona der det er varmare. Dette er vel ikkje så heilt ulikt det vi driv med her i Noreg, berre at vi kjøper leilegheiter i “syden” i staden for å bu i bubilar.

Siste stopp for dagen var Hooverdammen som var bygd tidleg til midten av 1930-talet. Etter å ha blitt fråsvindla sju dollar i parkeringsavgift tok Idar og eg ein spasertur over demninga og konkluderte med at dette nok var eit imponerande byggverk sett i høve til si tid og sin teknologi – men som idag minnte mest eit kraftanlegg med ei høg – men slett ikkje eineståande – demning. Eg vil her legge til at Itaipudammen, på grensa mellom Argentina, Brasil og Paraguay, er eit betre val for dei som likar demningar.

Hooverdammen

Hooverdammen. Den kvite randa kring dammen syner høgste vasstand.

Coloradoelva nedanfor Hooverdammen

Coloradoelva held fram nedanfor demninga. Kanskje like imponerande som sjølve dammanlegget er hengebrua som er i ferd med å bli bygd over gjelet.

No venta Las Vegas att – denne kvelden var det stripa, “the Las Vegas Strip”, som stod for tur.