Blog

  • Anna Fitje 1910 – 2012

    Anna Fitje, August 2011
    Anna Fitje, August 2011

    Kjære Anna

    Du vart nesten 102 år gamal.

    Du levde eit uvanleg langt liv – eit liv som var vitne til store endringar

    • Du var fødd i grend der det var hest og kjerre som rådde vegane
    • Du var fødd i ei grend der ljoset kom frå stearin og oljelampar
    • Du levde gjennom to verdskrigar
    • Du opplevde å få innlagt vatn, straum og telefon
    • Du levde i ei verd der enorme avstandar krympa til overkomeleg dagsreiser
    • Du døydde i ei verd der folk lever av å sitje og framom dataskjermar – og der gardsarbeidet som var det viktigaste i din oppvekst for mange har blitt ei utgiftsbør meir enn eitt levebrød.

    Frå det tidlegaste eg kan minnast deg var du alltid arbeidsam. Oftast kledd anten i eitt blått- eller oransje-raudt plastforkle, på veg til – eller frå – fjøsstell og anna gardsarbeid på Labakken.

    Du var ikkje alltid den som treiv ordet – men du var snakkesalig når du “tok laust”. Spesielt var du vyrk for slektstilhøve og var umetteleg på stoff frå Bygdeboka.

    Du var gåvmild og full av omsut for oss gutane oppe på Kleiva som hadde større auge enn vi hadde lommebøker.

    Du var heller aldri tung å be om vi trengde hjelp eller ville ha deg med på noko.

    Du var også den einaste på “mi side” når det vart kalla inn til «kappleik» i Labakkestova og veslebror tykte felespelet skar i marg og bein.

    Det var ikkje så mange åra du «støylte» – men «støylslivet» var likevel noko du ofte kom attende til når vi snakkast. Vårstøylen og Langedalen var stadar som hadde ein viktig plass i hjarta ditt – ei kjensle vi delte og som knytte oss saman.

    Ein gong tok du Kjetilen og meg med på støylen, noko du truleg må ha angra på – ettersom vi den gongen “skapte oss” så vrange at det ikkje var anna å gjere enn å pakke sekken og ta på heimveg.

    Du hadde ei sterk Gudstru, og tok samvitsfult del i foreiningsarbeidet i grenda.

    Eg såg deg sjeldan utan ein heklekrok og eitt nøste – og i hendene dine tok løparar og dukar form og fann vegen frå “Yste Salen” på Labakken til basarborda nede på skulehuset.

    Tilværet ditt var ikkje berre solskin – stundom fall livet deg tungt. Då trengde du omsorg og vern frå dei som stod deg nær.

    Å leva under vengjene åt ein velmeinande bror gav tryggleik men mangla nok litt når det kom til personleg fridom. Difor var det så ekstra kjekt å sjå deg stå på eigne bein – i full bløming – siste delen av livet.

    Etter at du var 80 byrja du å reise til Oslo for å vitje Kjellfrid. De drog på turar til nær og fjern – og du var like mykje “heime” på Grand Cafe som du var på på Gloppebua. Du sette deg på bussen åleine – og eg trur ikkje du lea så mykje som ein finger på vegen mellom rutebilstasjonen på Sandane og Galleri Oslo der Kjellfrid – eller Kjetilen venta.

    I ein alder av 92, då du flytte “heimanifrå” og inn på Kleivedammen fekk du, kanskje for fyrste gong, oppleve å vere den sterkaste i di eiga hushaldning.

    I staden for å vera den som trong omsorg var du her den som styrte ordet; den som tok initiativ og tinga drosje ned på Sandane – og som fekk med deg dei du budde saman med på dette.

    I ti år var dette heimen din og ein stad der du vart kjend med mange nye menneske som kom til – og som gjekk bort.

    Samhaldet med Kristiana, som var fødd og oppvaksen i akkurat den same verda som du, var viktig for deg – og eit hundre-år langt venskap som var vakkert å sjå for oss som kom på vitjing.

    Til hjelp gjennom opp- og nedturar var nok brordotter Asgjerd den viktigaste støtta i tilværet ditt. I solskin som i regn, i helg som i “ørke” var ho tett på “hyblane” for å “søgje”, sjå til deg eller berre sitje saman med deg og vere stille.

    Kjære Anna

    Du skilde lag med oss på Langfredag

    Det er lengje sidan eg huka av 26. April i kalenderen – og eg eg hadde sett fram til å vitje deg på 102-årsdagen.

    I staden er vi altså her ved båra di to veker tidlegare – for å følgje deg til grava.

    Du hadde ikkje noko ugjort – og kvila er deg vel unnt – men saknet fell likevel tungt.

    Takk for alt du var for oss – og kvil i fred.

  • Hyderabad, India

    I 2001 då eg fyrste gong møtte Shankar planla vi at eg ein dag skulle vitje han på heimebane i Hyderabad i India.

    Shankar kallar byen Hyderabad “heime” men er eigentleg frå ein “landsby” med namnet Vijayawada nær 300 km aust-søraust om Hyderabad. Med sine usle 1,048,240 innbyggjarar er ikkje denne “grenda” stor nok til at nokon har høyrt om den. Om eg nytta same reknestykke kunne eg kalle Oslo heime – måtte Gud slå meg til jorda.

    Hyderabad er hovudstaden i den Sør-Indiske staten Andra Pradesh og er med sine 6.8 millionar nnbyggjarar ein noko større stad enn Sogndal, der det fyrste møtet vårt fann stad.

    India har det med å gjere eitt voldsomt inntrykk på folk som vitjar landet, anten dei rusar seg på det, forelskar seg i det eller vert skremde frå vitet av det. I skrivande stund er klokka 04:10 (GMT +5:30) og eg har vore i India i nærare ein time. Eg har såleis ikkje funne ut kva for ein av kategoriane ovanfor eg høyrer heime i enno. Det får vere til i morgon.

    God natt.

    zzz

    Vakning.

    Det er ikkje på langt nær lenge nok sidan eg gjekk til sengs til å rettferdiggjere oppstandelse. Heile skrotten protesterar men arbeid er arbeid.

    Det er lite ved hotellet, Taj Vivanta, som er eigna til å skreme av nokon. Eitt heilt anstending etablissement – kunne ha vore kvar som helst i verda. Dagen går med til intervju av kandidatar til ein jobb i Muscat.

    Seint på ettermiddagen tek vi oss ein tur ut for å strekkje på beina. Hotellet organiserar ein bil med førar til oss. Bilen er liten men har ein del underlege fasilitetar:

    • Massasjesete med fjernkontroll
    • Playstation Portable
    • Seks ulike dame- og livsstilsmagasin
    • Eitt utval av vatn- og fruktjuiceflasker
    • Ein mobiltelefon for lokale telefonsamtalar

    Turen går til Birla Mandir, eitt tempel på ein bakketopp. Til eitt svært monument i gamlebyen, Charminar og til det tidlegare slottet til Muslimherskarane som rådde grunnen i Hyderabad fram til 1949 – eitt år etter frigjeringa, Chowmahalla Palace.

    Skuffande på ein god måte: Stort sett reint og ryddig; ok trafikk utanom rushtida; heilt annerleis enn det India eg hadde førestilt meg og blitt lova/truga med.

  • Tørrmjølk og Tax-Free?

    I butikkane til «Muscat Duty Free» er det ikkje berre brennevin som står på Tax-Free-menyen. Her kan du velje mellom tre ulike merke tørrmjølk i pakningar på 2 til 5 kg. Mellom andre eksotiske varer finn vi «gul» saft og vaskepulver.

    Som småbrukarson frå eitt nedlagt mjølkebruk er det kjekt å sjå at også mjølkeprodukt kan få sevja til å stige i skrotten på internasjonale reisande.

  • GIS training courses in ten minutes

    GIS training courses in ten minutes? A new series of fact sheets from MapIT.biz claims teach you GIS as well as various system and process modeling techniques in only ten minutes.

    Perhaps. While some more time might be required for thorough understanding of this comprehensive topic, the fact sheets are quite informative and would be useful as a reference for managers and people who have to related to GIS experts and who need a strategic overview rather than painstaking detail.

    Download the fact sheet GIS Tutorial 101 in Ten Minutes and have a look for yourself.

  • Friday prayer in Kuwait

    However scary the media tries to make the Middle East look; the Gulf states look very much like Main Street USA.

    Nowhere in the world, New York included, is the density of American brands higher  than in Kuwait City. Between Applebees, Chilis, Fridays Starbucks, Gloria Jean’s Coffee and KFC there is little to remind you that you are standing in the middle of Arabia.

    There is one exception though; the prayer calls which urges worshipers to assemble for prayer at the mosque five times a day. It may take some getting used to, especially in the early morning, but by now I think it is beautiful.

  • Oppskrytt kamelromantikk

    Sidan 2009, då eg for fyrste gong sette meg oppå ein kamel, har eg leika med tanken om å dra på ein fleirdagstur i selskap med dette noko underlege men trivelege dyret.

    Som så mange andre hadde eg sett Lawrence av Arabia og etter å ha blitt introdusert for denne transportforma i form av ein godmodig baktrisk kamel som var tildekka med tjukke og mjuke teppe i Petra, fabla eg i mitt indre sinn om å føreta den same reisa som han, nemleg å ri frå Wadi Rum til Aqaba på kamelryggen.

    ALDRI MEIR: Fire timar balanserande på pukkelen til ein usedvanleg skarp og spesielt uvenleg dromedar markerte eit punktum for min karriere som kamelryttar.

    Førre helg, tre år og fire smertefulle kameltimar seinare, vakla eg bort frå kamelen min fast bestemt på aldri å utsetje meg sjølv, eller nokon eg er glad i, for noko liknande igjen.

    Med mogleg unnatak av psykiske etterverknader kan eg ikkje på nokon måte sjå at kamelridning er å føretrekkje framfor å verte skambanka.

  • Are Frode Søholt 1974 – 2012

    Bakom neste ås

    Kvil i fred kjære ven

    Minne eg ikkje visste at eg hadde strøymer på: hyggjelege kveldar; turar til fjell og fjerne strender; planar vi la – men ikkje gjennomførte.

    Du utretta meir på dine 37 år enn eg – meir enn mange etter eitt fullevd liv

    Verda står ikkje tom etter deg.

    Sorga vi kjenner over å ha misst deg er jamstor med plassen du fylte i liva våre.

  • Shiraz, Persepolis og eit "noko annerleis" Iran

    Januar 2012: Skal ein tru internasjonale media finst det ikkje den Iranar som ikkje anten skrur saman bomber, anrikar uranium, finansierar terrorisme – eller på anna vis bur seg til krig; fyrst og fremst mot Israel, dernest mot grannelaget i Midt-Austen og sist, men ikkje minst, mot utvalde kjenningar i Europa og USA. Dette gjer Iranarane, i følgje kristen-konservative Amerikanarar, av di dei er vonde menneske. Eg undrast no litt.

    Gravfeltet Naqsh-e Rustam, nær Persepolis

    (more…)

  • Google search January 2012: 3 890 000 love, 1 910 000 hates Facebook

    After uplifting results in the late summer of 2010 I find that things have taken a turn for the worse in the cancerous growth of Facebook as a brand.

    • “I love Facebook” returned 3 890 000 results
    • “I hate Facebook” returned 1 910 000 results

    I believe it would have been healthier if the second number would have been larger – significantly larger!

  • Scent of a (burning) woman

    The Shiva temple of Pashupatinath in Kathmandu is popular with tourists as well as devoted Hindus – and – with mourners who come there to cremate their family members. This combination sets the scene for a bizarre experience on the banks of the Bagmati River.

    Pashupatinath cremation ghats

    Just as we arrived, a self proclaimed guide reared his head from behind the ticket office.

    – “Come with me, I’ll show you where they burn human bodies”, he said.

    At a slightly less than culturally sensitive distance the gentleman, or perhaps I should say man, informed us about the specifics of cremation and why the woman, whom was close enough too to reach out and touch, was crying her heart out.

    Just as a cloud of ashes from the remnants of a nearby funeral pyre rose into the air, we backed off. This view was somewhat more eccentric than anticipated and we also nurtured a sneaking suspicion this couldn’t be entirely right.

    The guide begged to differ though – and In time a morbid curiosity snuck upon us. From the far side of the river we gazed back at the  funeral ghats. The guide was not easily swayed from the topic of cremation and persisted commenting on the ceremonies with disturbing and unceasing enthusiasm. From our observations and his commentary we took away the following with us:

    1. A fixed time was allotted to each funeral pyre independent of the size and shape of the corpse being burned. At the end of the time slot,  whatever remained was showeled unceremoniously into the river.
    2. Even in death, the different walks of life were reflected through dedicated funeral ghats for each caste. The casteless being disposed of furthest downstream with the Brahmins upstream, thereby avoiding to high caste ashes intermix with that of the lower ranks.
    3. The smell of a freshly expired human beings’ burned flesh had disturbing a similarity to that of a barbeque

    Fascinating – no question about it – but not for the faint hearted.