Shiraz, Persepolis og eit "noko annerleis" Iran

Januar 2012: Skal ein tru internasjonale media finst det ikkje den Iranar som ikkje anten skrur saman bomber, anrikar uranium, finansierar terrorisme – eller på anna vis bur seg til krig; fyrst og fremst mot Israel, dernest mot grannelaget i Midt-Austen og sist, men ikkje minst, mot utvalde kjenningar i Europa og USA. Dette gjer Iranarane, i følgje kristen-konservative Amerikanarar, av di dei er vonde menneske. Eg undrast no litt.

Gravfeltet Naqsh-e Rustam, nær Persepolis

nO (eller aldri)!

Etter eitt kort rådslag vart kollega Øystein Grønning og eg samde om at tida var overmogen for ei vitjing til Iran, før eventuelle aksjonar, reaksjonar og motreaksjonar måtte gjere dette vanskeleg. Etter å ha blitt orienterte om rådslaget slutta også frendane AVS Shankar og Olav Hauge seg til reiseplanane – og med det var vi på veg.

Som ein Kamel gjennom eitt nålauge EI låvedør

Det var mykje enklare å kome inn i Iran enn det ein kunne få inntrykk av når ein snakka med jenta i innsjekkingsskranken i Muscat – eller når ein las kva Lonely Planet hadde å seie om saka:

Iran introduced the visa-on-arrival (VOA) in 2005 … In theory, you can fly into Tehran, Esfahan, Shiraz, Mashhad or Tabriz and be issued a seven-day visa at the airport. In practice, this service is unreliable, at best … All up, these [VOA] are only good for desperate last resorts.

Allereie før vi var igong var ein av grunnsteinane i reiseopplegget vårt stempla som ein “siste desperat utveg”.

Det synte seg likevel at det ikkje skulle meir til å kome inn i Iran enn å: syne fram eitt pass som var gyldig i minst seks månader; fylle ut eitt skjema, som spurde etter slik radikal informasjon som ‘bestefars fulle namn’; og sist men ikkje minst – betale 50€. Med dette vart vi utstyrte med kvart vårt 15-dagars turistvisum. Det tok likevel noko tid – nærare ein time – ettersom visakontoret berre hadde ein mann i arbeid.

Det var elles lite fiendtleg ved flyplassen i Shiraz. Med unnatak av eitt enkelt A3-ark med påskrifta “Down with Israel” kunne dette ha vore kvar som helst i verda.

Byen Shiraz

Til å vere busett av berre menneske som kjenner hugen til det vonde i hjarta sine er Shiraz ein forbausande moderne by. Som alle moderne byar flaut den over av apotek, frisørsalongar og skoforretningar – samt eitt urimeleg antal bankar.

Moderne, ja; men heller rufsete å sjå til.

Trygg Trafikk

I Shiraz køyrer alle bil i eitt “dynamisk vegsystem” der kvar sjåfør sjølv bestemmer seg for kor mange køyrefelt han meiner det er der. Av og til er to sjåførar usamde om talet – dette medfører konflikt.

40 cm djupe og 40 cm breie stikkrenner kantset alle vegar, noko som medfører ytterlegare spaning. Den alminnelege avstanden mellom to køyrety er 20-60 cm – avhengig av fart, klimatiske tilhøve og dagsform.

Dei mest populære bilmerka var vere lisensproduserte Peugeot 405 og  “heimelaga”  Pars Samand frå Iran.

Fotgjengarar hadde så langt vi kunne sjå ingen borgarrettar og måtte pent bu seg på å bli kvesta av støtfangarar og sidespeglar i vissa om at dette ikkje ville få noko som helst slag konsekvens for gjerningsmennene.

Vindaugsviskarane virka jamt over å vere antikke og hadde nok  større affeksjonsverdi enn bruksnytte . God sikt var andreprioritet for Iranske sjåførar – etter  trua på det evige livet.

Tak over hovudet

Vi var busette på eitt hotell med namnet “Hotel Pars International”, ein sjuetasjers boks, av det ikkje alt for fotogene slaget, men med rimeleg store, velhaldne og reine rom.

Dei andre turistane glimra med sitt fråvere – og vårt minimalistiske reisefylgje på fire utgjorde omlag ein tredjedel av gjestene på hotellet dei to døgera vi budde der.

Vegen til hjarta

Maten i Shiraz var unekteleg god – men kvar vi gjekk og kva vi enn bestilte kom det til sist grillspyd med ris og grønsaker på bordet. For at gjestene skulle få kjensla av eit omfattande utval var denne eine retten utstyrt med mange ulike namn i menyane.

Shiraz var ikkje nokon god stad for vegetarianarar. Sjølv folk som snakka godt Engelsk kunne ikkje kome på å ha høyrt om folk som ikkje åt kjøt – og langt mindre kva du skulle gjere om du kom over ein. Følgjeleg enda Shankar stort sett opp med heller stusselege grønsaksrestar frå salatbaren.

Te, te og atter te

Te er truleg den viktigaste drykken i Shiraz – tett fylgd av pulverkaffi.

I mangel av “the real deal” var alkoholfritt øl populært. Likeeins vatn servert i lerkeforma plastflasker av det slaget vi finn på Vinmonopolet heime. Færre skilt med Coca Cola-reklame enn dei fleste andre stadar eg har vitja tel positivt.

VasspipeSEMANTIKK

Om kvelden ville vi ut og røyke vasspipe. Overtydd om at dette var noko folk gjorde rett som det var i Iran, la vi problemstillinga fram for dama i resepsjonen:

– ‘Where can we go to smoke water pipe?’ spurde eg sjølvsikkert.

– “’Sorry?’ svara dama.

– ‘Øh – shisha?’ sa eg noko mindre sjølvsikker.

-‘Hm?’ undra resepsjonøsa.

– ‘Nargileh?’ heldt eg  fram.

No spurde ho ikkje eingong oppatt men berre stirra blankt på meg.

– ‘Hookah?’ freista eg, og tenkte med meg sjølv at om ho ikkje skulle vere kjend med dette ordet, kunne eg lett verte oppfatta som ein person av tvilsam moral.

– ‘Aaaaah, “ḡalyān”’ sa ho og lysna opp, tydleg letta over at det ikkje var noko verre den svære turisten framom ho ville.

Kjært barn mange namn.

Etter denne semantiske “renessansen” lyfte ho telefonen og ringde dei 10 metrane over golvet til hotellet si drosjeskrank der ho gav ein kar beskjed om å køyre oss til ein høveleg stad for ei pipe. Turen enda ved eitt røyktungt telt borgøymd i ein bakgard. Teltet var fullsett av fotballentusiastar – dette var dei fyrste “vonde menneska” eg trefte i Iran – og unge par, som i mangel av betre stadar å la kjærleiken å bløme, møtast her over ei vasspipe.

Ting å sjå på

Det er mykje å sjå i Shiraz; så mykje at det var ytterst fortærande ikkje å ha meir enn to dagar til rådvelde.

Arg-e Karim Khan

Både Olav, Shankar og Øystein vitja dette festningsverket. Etter å ha konstantert at eg ikkje hadde vore der vart dei samde om at, for deira del, var det Arg-e Karim Khan som hadde vore høgdepunktet på turen. Svinepelsar. Moglegvis verd ei vitjing – men eg er slett ikkje sikker.

Vakil Bazaar

Sjølv vonde menneske må handle mat og klede – og når Shiraziane er ute i slike ærend søkjer dei gjerne til den gamle basaren, Vakil Bazaar.

Her vart det svært tydeleg for meg at den jamne Iranaren er omlag to-tredjedelar så lang som Øystein og halvparten så tjukk som meg. Dette tykte dei Iranske ungane var ustyrteleg morosamt. Dei såg opp på oss med store auge; fyrst oppetter og så nedetter før dei byrja å skratte.

Foreldra deira, som  freista å lære ungane av med å peike på og le av  folk, snudde seg ikring for å orsake åtferda til yngelen; men etter å ha stege som fjetra nokre sekund og glodd storøygd, oppetter og nedetter,  byrja også dei å le.

Eg kan ikkje nokon gong tidlegare hugse å ha sett så mange undrande og smilande fjes på så kort tid.

Det er mogleg at vondskapen til Iranarane set inn noko seinare i livet.

Nashq-e Rustam

Nashq-e Rustam er eitt gravfelt noko nord om Persepolis. Fire gravkammer hoggne inn i fjellet og ei frittståande grav minnte mykje om  strukturane i Petra. Det var også her vi opplevde den store, men tidsavgrensa, gleda av det eine kvarteret med opphaldsver vi hadde på turen.

Persepolis

Persepolis er det viktigaste arkeologiske området i Iran og eitt av dei mest kjende i verda. Eg hadde sett meg føre å dra hit etter å ha lese Karsten Niebuhr si bok  “Reisebeschreibung von Arabien und anderen umliegenden Ländern” frå 1778. Niebuhr var den einaste som overlevde den Danske ekspedisjonen til Arabia og nytta mykje tid på å kopiere inskripsjonar i Persepolis medan han var på veg attende til Danmark.

I ausande regn kan eg utan nemneverdig innsats førestille meg mange stadar som er like attraktive som Persepolis. Om staden ikkje synte seg frå si mest fotogene side var dei gamle ruinane eitt mektig syn – nok til å førestille seg korleis det må ha vore i sine glansdagar.

HafEzMausoleet

Iranarane er glade i poetane sine og oppsøkjer jamleg gravstadane deira. Mellom dei fremste av desse finn vi Sufi-mystikaren og poeten Hafez. Det seiest at etter Koranen er verka til Hafez det viktigaste inventaret i ei Iransk bokhylle.

Hafez ligg gravlagd i Shiraz og det er reist eitt mausoleum over grava i ein vakker hage – som truleg tek seg enno betre ut i opphaldsver.

Det seiest at Hafez sjølv hadde næra ein sterk kjærleik til Shirazdrua og at han  henta inspirasjon til dikta sine frå ein lett til variabel raudvinsrus. No for tida var det ikkje anna enn te å få på staden.

Zinat-ol-MOlk House

Iran er eitt stort land med mykje folk – men Shiraz og Farsregionen har likevel gjeve opphav til mang ein kjend skapnad oppgjennom tidene. Dette er temaet for utstilllinga til museet Zinat-ol-Molk. Her kan ein vandre mellom kjende personar og lese om korleis dei påvirka si samtid og historia til regionen.

Det var verd å merkje seg at det ikkje gjekk så  bra for dei som påverka si samtid for mykje.

Museum of Antique Objects

To steinkast unna Zinat-ol-Molk ligg Narenjestan Ghavam – med Museet for Antikke Objekt. Kan ikkje seie at museet fekk sevja til å stige i skrotten – men bygninga det låg i er rekna for å ei av dei finaste Iran. Det ikringliggjande hageanlegget inviterte til fotografisk dokumentasjon.

Allah Akbar Skaret

For å få eitt overblikk over Shiraz fekk eg ein drosjesjåfør til å køyre meg opp til Allah Akbar skaret. Dette er ein av dei attraksjonane ein med fordel kan ta til slutt; heilt til slutt – etter at ein har sett alt anna.

Martyr Chamran Hospital

Sjølv om eitt sjukehus på ingen måte er nokon attraksjon tykte eg likevel at ideen om eit sjukehus med ordet “martyr” i namnet verka til å vere ei forlokkande sjølvmotseiing.

Veret

Det er trist å måtte stadfeste dette, men det finst dårleg ver; og når ein kombinerar “dårlig ver” med “dårlige klær” er det ingen grenser for kor vått og surt det kan verte.

I reint meteorologisk forstand var turen vår meir vellukka for den Iranske landbruksnæringa enn den var for oss sjølve; folk vi snakke med let til at det var tre år sidan det hadde regna slik det gjorde under vitjinga vår.

I dag, dagen etter, er det sol.

Eitt annerleis Iran

Når ein går og ser seg om i Shriaz, og held det ein ser med sine eigne auge saman med det ein høyrer frå internasjonale media, er det ikkje til å nekte for at det er eitt gap mellom lyd og bilete.

Shiraz er ein moderne by. Folk har lite pengar – men arbeider svært mykje, svært hardt og får på eitt vis endane til å møtast. Samstundes er dei imøtekomande, blide, uendeleg interesserte i kvar vi kjem frå – og veit ikkje kva godt dei skal gjere for å få oss til å trivast.

Er det no eigentleg så urimeleg at Iran skal få lov til å utvikle sitt eige program for atomenergi?

– Ikkje som eg kan sjå? Dei driv no med det same rett over fjorden i dei Sameinte Arabiske Emirata med den vestlege verda si signing…

Det er naturlegvis ikkje bra med fleire kjernefysiske våpen i verda – men kor mykje tryggare opplever eg verda å vere ved at Iran ikkje har atomvåpen når eg veit at USA, Russland, Storbritannia, Frankrike, Kina, India, Pakistan, Israel og Nord-Korea(!) har?

– Ikkje så veldig mykje tryggare…

Er det verkeleg slik at Iranarane er så vonde og fanatiske som Amerikanarane vil ha det til?

– Den vesle stunda eg var der opplevde eg det ikkje slik; tvert imot var Iranarane mellom dei hyggjelegaste og mest imøtekomande menneska eg har møtt i Midt-Austen…

Tanken på å leve i skuggen av ei Iransk atombombe er sikkert fæl for Israel– men korleis er det for Iran å leve i skuggen av ei Israelsk ei?

– Truleg ikkje noko å trakte etter det heller…

Eg sår ikkje tvil ved at Iran har sine politiske og økonomiske problem, men om den politiske leiinga objektivt sett er så myke meir vondskapsfull enn den i USA; det ville eg ikkje setje pengar på.