Sidan 2009, då eg for fyrste gong sette meg oppå ein kamel, har eg leika med tanken om å dra på ein fleirdagstur i selskap med dette noko underlege men trivelege dyret.
Som så mange andre hadde eg sett Lawrence av Arabia og etter å ha blitt introdusert for denne transportforma i form av ein godmodig baktrisk kamel som var tildekka med tjukke og mjuke teppe i Petra, fabla eg i mitt indre sinn om å føreta den same reisa som han, nemleg å ri frå Wadi Rum til Aqaba på kamelryggen.
Førre helg, tre år og fire smertefulle kameltimar seinare, vakla eg bort frå kamelen min fast bestemt på aldri å utsetje meg sjølv, eller nokon eg er glad i, for noko liknande igjen.
Med mogleg unnatak av psykiske etterverknader kan eg ikkje på nokon måte sjå at kamelridning er å føretrekkje framfor å verte skambanka.