Blog

  • Eit halvope brev til Harald Slettvoll

    Til skilnad frå dykk sein-patriarkane borte på Gloppestad er som du veit Bukta-mannen ferdig reformert og medviten si rolle i det nye samfunnet. Som ein representant for denne gruppa er eg såleis jamnleg å finne på kolonialvareforretningar i små og mellomstore ærend.

    I går ettermiddag, medan eg stod på Rema og reflekterte over kva grønsaker som best kunne tenkjast å stette ernæringstrongen gjennom julehøgtida, vart eg merksam på noko som rørte seg ute i periferisynet. Imot meg, vakker som ein vårdag, og etter det eg kunne sjå utygd av tida si tann, kom Ingrid Apalset.

    Som ein kvar tilrekneleg Gloppar tenkte eg på eit ordskifte med Ingrid som ei oppleving svanger med glede. Men kva opplevinga enn måtte ha vore svanger med nedkom den i alle fall ikkje med glede… for Ingrid hadde førebudd ein annan liturgi denne dagen.

    Ho kunne fortelje meg at i eit liv som fram til då hadde vore prega av velstand, progresjon og lukke hadde alt gått i hundane etter sist gong vi møttest – då eg med forsett, kaldt blod og under særs skjerpande omstende hadde gjeve henne COVID.

    Denne vendinga i samtala var uventa.

    Eg stotra fram noko om at eg ikkje hadde noko minne om eit slikt hendingsforløp. Eg skøytte også på at eg tykte det ikkje høyrdest heilt rimeleg ut at eg med overlegg, vitande vilje og kirurgisk presisjon skulle ha gått etter HENNE med sjukdomen min.

    Det skulle eg visst IKKJE ha sagt – for då smalna augene hennar og ho gjorde det tydeleg at ho på si side ikkje fann det urimeleg i det heile teke.

    Med eit tonefall som var fritt for nestekjærleik, men som hadde klare notar av syre, spurde ho om det var slik at eg gjekk ikring og trudde at eg var eit “godt menneske”? Om så var, kunne ho korrigere denne vrangførestelligna på staden!

    Som tilfellet alt for ofte er kom eg ikkje på noko kraftfullt å seie som kunne stille meg sjølv i eit betre ljos. I staden stod eg der som ein skårfast dalasau og tok innover meg påtalemakta si prosedyre utan avbrot eller motsegn. Når Ingrid etterkvart hadde sett ord og tone til det vesentlege av kjenslene sine, avrunda ho med å seie at ho ikkje var betalt godt nok til å stå og snakke med slike som meg, og rusla vidare utan seremoni eller høgtid.

    (Om du måtte innvende at dette ikkje høyrest HEILT ut som som orda eller gjerningane til DEN Ingrid Apalset DU kjenner, vil eg presisere at det som er skrive ovanfor er ein nøyaktig reproduksjon av den sentrale bodskapen hennar – i ÅND om ikkje naudsynlegvis i BOKSTAV.)

    Til skilnad frå Katolikkane som kan få tilgjevnad for ugjerningane sine langsmed, lyt vi Lutherianarar forvalte porteføljen gjennom heile livet. Etter eit halvt århundre som syndar kan søvnen min knappast karakteriserast som verken rein eller skuldlaus. Men… mellom dei talrike menneska eg har gjort urett oppgjennom åra trudde eg IKKJE at Ingrid Apaleset skulle tårne høgst og fremst.

    Dette plaga meg – og utover ettermiddagen klarte eg ikkje å sleppe tanken på at det var noko ved dette dette som ikkje verka heilt rett.

    Etter å ha fylgt tråden attende i tid kom eg til at skuldinga må vere knytt til Jula 2021.

    Den jula var meir enn to tusen Glopparar vekselvis butikkgåande, sengeliggjande, kinogåande og juletrefestdeltakande med den aktuelle sjukdomen. Medan eg hadde site pandemifast i Belgia i 18 månader med portforbod og kohortavgrensingar, agerte Glopparane for alle praktiske føremål som om sykja ikkje fanst.

    Rett skal vere rett; eg VAR sofabunden eit par dagar den Jula – men utan at det på noko tidspunkt var stilt nokon diagnose. Likevel var det EG, mellom desse 2000 som var peika ut som den uomtvistelege rota til alt som hadde gått gale i livet til Ingrid i tida etterpå; ikkje det at det såg ut til at mykje hadde gått gale med henne – men det fann eg det klokast å ikkje poengtere under omstenda.

    Medan eg gjekk og grunna på dette kom eg på ein detalj Ingrid hadde supplert i ei innskoten relativ undersetning, men som eg ikkje hadde teke innover meg før: ho sa at “Harald Slettvoll” hadde fortalt henne dette.

    – “Harald Slettvoll”, tenkte eg. Hm.

    Kunne det vere “Harald Slettvoll”, den framståande eksperten på smittsame sjukdomar ho refererte til? Eit raskt søk på Google synte at det ikkje fanst nokon slik Slettvoll der ute og at det såleis lite truleg var han.

    – “Harald Slettvoll”, tenkte eg att. “Eg kjenner då verkeleg ein slik ein, men han er no bankmann, og det kan no vel ikkje vere HAN som går ikring og framstiller seg sjølv som nokon autoritet på sjukdomspreiing?”

    – “Eller… kan det det?”

    Ettersom ettermiddagen vart til kveld byrja tvilen å gnage i bakhovudet. Under dei rette omstenda kan han vere svært meddelsam denne Harald Slettvoll, men at DEN VONDE SJØLV skulle ha fått slikt eit tak om sjelsdjupet hans at han no gjekk ikring og kveikte eld under skjøre venskapsbruer mellom Nord- og Sørstranda det hadde eg vanskeleg for å tru.

    Som ettermiddagen hadde blitt til kveld vart kvelden til natt og som myrkret tjukna om husnovene vart tvilen erstatta av visse. Det måtte vere DEN “Harald Slettvoll” det var snakk om.

    • Den “Harald Slettvoll” som er kjend for å spring vitlaust i motbakkar i utrengsmål og dårleg ver?
    • Den “Harald Slettvoll” som utan anger, skam eller blygsel har busett seg hjå dei vantru i Førde?
    • Den “Harald Slettvoll” som går ikring og proklamerer dom over årsaks-verknadstilhøve innan ålmennmedisin utan noko form for kvalifikasjon i det heile?

    No… no vil eg gjerne høyre kva han har å seie til sitt forsvar, eventuelt mitt.

    (Stein) Runar Bergheim
    (inntil nyleg, og for eige vedkomande framleis, ven av Ingrid Apalset)

  • I Unåde hjå Gud i Gloppen

    I Unåde hjå Gud i Gloppen

    Grannen sende meg ein artikkel her ein dag som omhandla ein kjenning som var blitt avskjediga i unåde av Gud sin administrative representant i Gloppen — kyrkjevergen.

    Eg har ikkje nærare kjennskap til Dorothee Raschwitz enn at vi har site på kvar vår side av ein pizza ein gong – men basert på den bordseta samt eit halvt hundreår i omgang med folk i 100 land på fem kontinent vil eg påstå at det ikkje var så mykje meir gale med ho enn det er med dei fleste andre  — meg sjølv irekna — og at ho var ein god del betre enn somme. Vi er ALLE ufullkomne.

    No er ikkje konfliktar folk imellom noko uvanleg. Nokre menneske er ganske enkelt ikkje kompatible og det treng ikkje alltid seie noko vondt om nokon av partane. Og hadde arbeidsgjevar her hatt vit til å svare «eg har ikkje høve til å kommentere personalsaker» hadde det ikkje vore mogleg for verken meg eller andre lesarar å gisse kva som låg bakom.

    Men no hadde ikkje arbeidsgjevar vit til det… og når eg las tilsvaret, vart eg på det næraste rørt; for det var eit slikt meisterstykke av sjølvrettferd, insinuasjon og hersketeknikk som ein berre kunne vone å kome over nokre få gongar i eit menneskeliv.

    I ei tid der velutvikla evner til bortforklaring er ein ettertrakta kvalifikasjon slo det meg at ein analyse av svaret frå arbeidsgjevar kunne ha didaktisk verdi — kanskje spesielt for slike som måtte ha ambisjonar om å ta på seg dobbeltroller i politikk og næringsliv og som såleis treng å styrkje seg i dementifaget.

    Denne saka har funne stad i eit særs lite kontor i Gloppen som tel høgda 4-5 personar. I eit så lite arbeidsmiljø er personlege sym- og antipatiar viktige faktorar. Men om det er sympatiar eller antipatiar vi fell ned på i møte med kollegaer er tufta på mange faktorar: kor vidt vi har felles interesser; kva personlegdom eller lynne vi har; korleis vi kommuniserer; kor viktig sekundvisaren på klokka er for oss; opplevd ulikskap i status og makt; eigen erfaringsbakgrunn og meir til.

    Det kan såleis vere god grunn til å gå inn i slike saker med ein god porsjon audmjukheit. Ikkje så her; her har vi med ein arbeidsgjevar som med lett hjarta og utan skuld kan stille seg fyrst i køen når det skal kastast stein.

    La oss ta føre oss teksten:

    Kva arbeidsgjevar skrivKva arbeidsgjevar eigentleg seierMerknad
    Mundal viser til teieplikta og viser til forvaltningslova §13.  Arbeidsgjevar understrekar at han veit ting som lesaren ikkje veit men ikkje kan, vil eller treng fortelje om.Forsåvidt ok. Burde gjeve seg her.
    Vi er kjende med at det finst ulike oppfatningar og versjonar av det som har skjedd, og det er naturleg i slike saker.Lesaren må ikkje tru at det er noko uvanleg i at ein person som vert sagt opp er misnøgd. Det er berre naturleg at ein slik person vil dikte opp ein «versjon» som passar seg sjølv – men røyndomen, den er det «vi» (eg) som sit på.Hersketeknikk.

    Samstundes gjev arbeidsgjevar utilsikta inntrykk av at det er svært vanleg med avskjedingssaker ved det vesle kyrkjelydskontoret.
    Samstundes vil eg understreke at vi som arbeidsgjevar har plikt til å handle i tråd med dei rettslege rammene som gjeld for personalsaker. Det omfattar òg korleis interne prosessar og kommunikasjon skal gjennomførast«Vi» (eg) er flink når det gjeld alle formalitetar og gjer ikkje feil.Ansvarsfråskriving
    Dette betyr at vi ikkje kan gå inn i ein diskusjon om detaljar, sjølv om vi meiner at framstillinga ikkje nødvendigvis gir eit dekkjande bilete av saka. Vi opplever at fleire av spørsmåla som vert stilt, legg til grunn ei bestemt forståing av saksforhold.Dersom «vi» (eg) kunne ha delt sanninga med lesaren, noko «vi» (eg) ikkje kan, hadde lesaren skjøna kva som eigentleg skjedde og vore samde med «oss» (meg).

    «Vi» (eg) avviser alle skuldingane i artikkelen – dette er berre sutring frå ein tidlegare tilsett.
    Insinuasjon
    For å sikre ei balansert framstilling, er det viktig at også spørsmål som gjeld arbeidsgjevars handtering, vert stilt på ein måte som opnar for at det kan finnast ulike forklaringar og vurderingar.Dersom journalisten endra spørsmåla litt ville lesaren sjå kvifor «arbeidsgjevar» (eg) har rett. «Vi» (eg) såg helst at de ikkje stilte spørsmål i det heile teke. Tåkeleggjing
    Eg vil elles understreke at vi tek teieplikta på alvor i alle interne vurderingar, inkludert kommunikasjon som vert delt med tilsette eller samarbeidspartnarar.Trass det lesaren kan sjå svart på kvitt i artikkelen vil «vi» (eg) på det sterkaste understreke «vi» (eg) tek teieplikta svært alvorleg.Alternative fakta
    Vurderinga av kva som kan delast, vert alltid gjort med omsyn til lovverket og føremålet med informasjonen.«Vi» (eg) har fylgt lova der den passa med det «vi» (eg) tykte var rett og elles har «vi» (eg) vurdert «våre» (mine) syn til å ta presedens over lova..Tåkeleggjing
    Vi har tillit til at både den tilsette, representantar for arbeidsgjevar og fagforeiningar har fått høve til å fremje sine synspunkt gjennom dei formelle kanalane som lov- og avtaleverket opnar for.«Representantar for arbeidsgjevar» (eg) høyrde kva den tilsette og den tillitsvalde ho dragsa med seg sa men «representantane» (eg) hadde allereie bestemt «seg» (meg). Ekstrem ansvarsfråskriving.

    Arbeidsgjevar har i det minste skam nok i livet til å ynskje å distansere sin eigen person frå saka. Dette gjer han ved å referere til seg sjølv i fyrste person fleirtal, «vi», for deretter å gli over i tredjeperson, «representantar for arbeidsgjevar», når ting byrjar å bli vanskeleg.

    Skuldingane som var framsette var om ikkje anna underhaldande. Eg ville bli svært forbausa om det ikkje har vore kyrkjelydsmøte då det har vore synda grovare mot dei ti boda enn at ein av deltakarane spela Candy Crush. Eg vil også tru at det er spørsmål i drifta av ein kyrkjelyd som ikkje krev musikkfagleg kompetanse. Men det festelegaste var likevel skuldinga om underslag. Dersom nokon aspirerer til ein kriminell karriere der dei tenkjer seg at underslag skal utgjere ein vesentleg del av omsetninga trur eg dei bør satse på ein annan næringsveg enn den Norske Kyrkja.

    Eg har vakse opp med musikarar på alle kantar. Somme av dei har vore organistar i Gloppen, og om Dorothee Raschwitz  ikkje måtte vere i heilt lodd har i alle fall ingen av dei vore i vater. Eg ynskjer ho lukke til i sin nye jobb og vonar at ho vil sjå attende på Gloppen som ein fin stad — sjølv om utgongssalmen var av det mindre hyggjelege slaget.

  • Postcard from Cappadocia

    An early morning over Cappadocia

  • The Great Indoors of Arabia

    The Great Indoors of Arabia

    I knew a couple living in Dubai who expressed great joy and happiness about their living arrangements. In their building, they had a mall, a gym and a cinema complex, and in their apartment, they had a large balcony. On weekends, they said, they NEVER HAD TO leave the building.

    I had never thought of incarceration as something to be coveted before and was puzzled by their exaltation.

    A colour pattern to die for – or from?

    But heat is to the Emirates what cold is to Norway. Back home, I could dress up and go out on cold days. In the Emirates, where there are weeks when the temperature does not dip below 40℃ at night, neither the penal code nor the public opinion favours nudity. Thus, only ‘the great indoors’ remains if one wishes to escape the heat.

    And the Emiratis treasure their ‘indoors’.

    There exists no interior designer alive—male, female or otherwise—who in their wildest, wettest dreams could conjure up designs to match those of the Emiratis. There is no such thing as too much gold; function is optional—form is mandatory.

    And money, well, money is no object. And, by the way, could we fit some more diamonds somewhere?

    During one of my early years in the Emirates, a public auction was held for vehicle registration numbers. The auction sold license plate number ‘1’ to a local businessman in exchange for a modest 14.3 million USD.

    An interview with the new owner stated that he thought the price to be fair because: “… who wouldn’t want to be number one …”. Also, he didn’t intend to put the license plate on a car. Instead, he said, he would frame it and mount it on the wall in his office.

    You can’t buy publicity like that, the article stated. But, I think that is not factually correct. You can—and the buyer of license plate number 1 did.

    But, even golden toilets need plumbing, and where there are seven-star hotels, there must by necessity be seven-star building demolition services.

    And in the Emirates there are!

    Not eye-catching – but read the construction board in the rear: “Seven Stars Building Demolishing”

  • Life in the Desert

    Life in the Desert

    Life in the desert is inspiring. The sort of things that live here are focussed; they seize every chance—act on every opportunity.

    Hanging on, against hope

    That behaviour stands in sharp contrast to my own life since I became a smartphone owner nearly twenty years ago. Desert-dwellers do not hear a beep, read a message, follow a link and fall into a rabbit hole, only to wake up on YouTube hours later—unable to recall why.

    I do, but I try to improve.

    I am no longer one of those people who put off things until the last minute. These days, without pause, delay or hesitation, I instead procrastinate.

    Now, THAT is what I call progress.

    Must find food, no time to talk
  • The Value of Being Best

    The Value of Being Best

    A ‘societal value’ shared by Norway and the United Arab Emirates is the importance of being ‘best in the world’.

    It is quite possible to be ‘best’ at something without actually being good at it. The key is to find a field that is so narrow as to eliminate competition.

    That is why Norwegians have brought the world such accomplishments as the world’s largest sushi mosaic or the world’s fastest backwards skier. These and other achievements of a similar magnitude help us collectively maintain our disproportionate self-esteem as a nation.

    In contrast, the Emiratis mean what they say, keep their eyes on the target, and put their considerable amounts of money where their mouths are.

    They have results to show for, too. Among them, Burj Khalifa—with its 828 meters, the world’s tallest building.

    Burj Khalifa bathed in evening light as seen from Jumeirah Beach Park

    Norwegians nod in recognition at this. We are much alike, the Emiratis and us. After all, it was Norwegians that gave the world its longest gingerbread train.

  • The Incomparable Dubai

    The Incomparable Dubai

    Dubai was the first and only thing I thought I knew about the United Arab Emirates before arriving there. What little I might have learned of Arabia during my school years had not trampled the virgin snow of my ignorance.

    At that time, no photo of Dubai existed that did not include Burj al Arab—the tower of the Arabs. That building is a testament to what can only be achieved by vision, leadership, determination, hard work—and cash; lots and lots and lots of cash.

    Burj al Arab and many of Dubai’s other developments looked more like advertisements for design software than places where people lived and worked. I got a distinctive feeling of walking around in a 3D-model, but it should be said that it was a nice 3D-model.

    Burj al Arab as it looks from Madinat Jumeirah – a retro design for a time that never was

    The self-righteous and culturally enlightened tourist, a species that in no shape, way or form is endangered, heaps many allegations at Dubai. Chief among these is its lack of ‘authenticity’.

    But those who accuse Dubai of being ‘fake’ should take a long hard look in the mirror—and that done, read up on the history of the region.

    Authenticity in Dubai would have been mudbrick houses at the high-end, and very simple huts made from palm-fronds at the other.

    One would get to experience the authentic joy of having no electricity and historically accurate experience of no air-conditioning. When nigh-time temperatures in summer remain above 40℃, one could wrap one’s authentic self in an authentic blanket dipped in authentic seawater and see how that would taste for authenticity.

    Dubai had come a long way in a short time.

    I first came there on the eve of the global recession in 2008. The financial optimism that characterized EVERYTHING in Dubai cannot be better summarized than through the advertisements that could be seen everywhere.

    Buying a property automatically entered you into a raffle where you could win a private jet—or a private island. It was not clear which was the first and which was the second prize. A Bentley (for the rich) and a BMW (for the poor) came as standard with the garage.

    Winning a private jet—or a private island… free Bentley or BMW thrown in for good measure
  • Bull Wrestling in Fujairah

    Bull Wrestling in Fujairah

    There is something attractive about the prospect of seeing an effeminately adorned Spaniard impaled on the horns of an enraged bull. Beyond that, there is little about ‘ordinary’ bullfighting that appeals to me.

    But, come to think of it, I’m not too keen on that bullfighting, regardless of who ends up bleeding. I quite like the Spaniards, on the whole.

    Bulls locking horns and testing their strength on each other in Fujairah

    But, the type of bullfighting where the bull dies is not the only one. There is another type that leaves the animals intact, except—perhaps—for bruised egos.

    One such sport is bull-wrestling, and in Arabia, it is practised in the United Arab Emirates and Oman.

    Two bulls of roughly equal stature are positioned head to head, horns locked. Thus standing, they try to push each other backwards to assert who is the stronger.

    If the pushing becomes too vigorous handlers stand by to pull them apart. If, on the other hand, the bulls take too little interest in each other, the handlers are there to urge them on.

    While for the most part a bloodless event, temperaments occasionally run high in this sport, too. A wrestling-bull may weigh upwards of a metric tonne, much of which is muscle. An Emirati bull-handler would be downwards of 70 kg, most of which is skin and bone.

    Should the bull desire to go in one direction and the handler in another, the handler would serve as little more than a decorative trail to the former.

    A panel of dignitaries adjudicates the competition. They sit cross-legged on the ground along one side of the square where the wrestling occurs. They appear to be aged anywhere between 30 and 210.

    However, when the bulls occasionally decide to go ‘off script’, the judges, to the last man, leap to their feet with surprising agility and speed.

    Those wishing to see a matador receive his well-earned comeuppance or such as who might take pleasure from ‘traditional’ bullfighting, will not find this spectacle to be for them.

    But for those wishing to see a bull push another bull backwards for a while—before losing interest and attacking a nearby Toyota Landcruiser—bull-wrestling might be just what the doctor ordered.

  • Don’t They Know it’s Friday?

    Don’t They Know it’s Friday?

    One of the first issues I came to face when I started working in Arabia was that something was fundamentally wrong with the working week.

    It ended on Thursday—which was good. But then it started on Sunday—which was less so.

    Until then, I cannot in good conscience say that I knew what a Sunday morning looked like, nor indeed if such a thing as a Sunday morning even existed. If I had ever experienced one, it must have been that I hadn’t gotten to bed yet.

    So, Friday became the new Sunday. But that turned out to be impossible to explain to colleagues and clients back in Norway; for them, Friday was the day for meetings. Particularly in the latter part of the day.

    Time-wise, Europe is two or three hours behind the Emirates, depending on the accursed impact of daylight saving time. Around midday, my phone would start behaving in a most un-Sunday-like manner; something that would persist until about seven in the evening.

    But Arabia had more tricks up its sleeve to mess up my work week. After a few years, I became involved in a project in the neighbouring country of Oman. Here the working week at that time started on Saturday and ran through Wednesday.

    Desert sunset near Al Khattim on the Abu Dhabi-Al Ain road

    And, just like that, weekend as I knew it was abolished. I’d work in the Emirates from Sunday to Thursday, have meetings with Europe on Fridays and then fly to Oman to work Saturdays.

    But there was still Thursday nights. Due to the time difference, I could sleep in for a couple of hours on Friday mornings.

    And how better to spend Thursday night than to gather up some camping gear, go to the desert, light a bonfire and watch the sunset. A new scene every time in an ever-shifting landscape of sand.

    Red desert sunset in the dunes near Al Khattim