Fitje

  • Røyking er farleg

    Written by

    Harald på Jensbakken, som no er både røykfri og fråhaldsmann, var ein føregangsmann innan alkohol og nikotin i Bukta. Sjølve innføringa var det vel helst Håvard i Gunnja som tok seg av, men introduksjonen for substansane skal Harald ha æra for. Dette skjedde då eg var omlag 10-12 år gamal. Eg og Anders i Kvia…

  • Då eg skulle på besøk i Huus!

    Written by

    På hammaren ovanfor Labakken stod det ei lita, gul leikestove innimellom nokre gamle apallar. Den var ikkje ofte i bruk – og inni var det heller smått med inventar, berre ein underleg utsjåande stol som var halvrund i ryggen, underleg smal og helst litt vaklevoren. Det var her eg søkte tilflukt ein sumarleg ettermiddag før…

  • Haust på Granekupa

    Written by

    ,

    Det er ikkje eit skikkeleg år om eg ikkje har vore inn på Fagredalsreset og sett utover Fagredalen, Blådalen og Måsedalen. Då frende Ove var på (relativt) sørlege breddegrader for nokre dagar, nytta vi høvet til å ta ein tur på Granekupa for å fiske – og meditere over nok eit år utan at vi…

  • På sauepatrulje i Fitjefjella (bilete)

    Written by

    ,

    Var med frende Anders på “sauepatrulje” i Fitjefjella i tjukk skodde no på Søndag. Hadde med fiskestang og fotoapparat, resultat: 0 fisk og 50+ bilete. Rusa på fiskelukka i Måsedalen to dagar før let eg likevel ikkje dette gå inn på meg. Sjå album her.

  • Rein på Labakken

    Written by

    Då eg var liten var det sjeldan å sjå rein i Fitjefjella i det heile. Ivrige fjellvandrande grannar kunne rapportere å ha sett reinstammen borte på Vona i Naustdal eller kanskje så nære som i Steinbotnen, i Hyemarka eller på Granekupa. Nede i tuna på Fitje var dei aldri som eg kan hugse. No går…

  • Rapport: Fjellfiske 2006

    Written by

    ,

    I selskap med frendane Harald på Jensbakken og Håvard i Gunnja gjekk årets fisketur av stabelen frå 4. til 6. August. Etter fleire år med ambisiøse, kostnadsdrivande og sørgjeleg fiskelause turmål utanlands gjekk turen denne gongent til Granekupa. Anders i Kvia var ikkje med og vi konkluderte som George Bush at dei som ikkje er…

  • Storhending i emning: Den årlege (industrifiske)turen i Fitjefjella

    Written by

    Helga frå 4. – 6. August 2006 skjer det igjen. Hyarar, Jølstringar og andre som kjenner at dei har utvida rettar knytt til fiskevatn og utmarksressursar i “smuttholet” mellom Fitje, Gjengedal og Årdal kan med fordel leggje vegen om Fagredalen om dei ynskjer å skrive ut nokre velfortente – men for lengst inntente – fiskeførelegg.…