Helga frå 4. – 6. August 2006 skjer det igjen. Hyarar, Jølstringar og andre som kjenner at dei har utvida rettar knytt til fiskevatn og utmarksressursar i “smuttholet” mellom Fitje, Gjengedal og Årdal kan med fordel leggje vegen om Fagredalen om dei ynskjer å skrive ut nokre velfortente – men for lengst inntente – fiskeførelegg.

Ein beklageleg trend om ein tek eit statistisk tilbakeblikk på dei årlege fisketurane er den dominerande mangelen på fisk – og i einskilde år – også fisketid. Dette er likevel ein stolt tradisjon som vi tenkjer å vidareføre. Verd å merkje seg for året er at vi har blitt svikne av vår fram til no så nære ven Anders A. Fitje. Han feilprioriterar ein ussel jebussdag i ein slektslekk på feil side av Langfjella. Vi vil ynskje han eit godt jebussdagslag – og lukke til vidare i livet.