Anders A Fitje stava ut i fiskI selskap med frendane Harald på Jensbakken og Håvard i Gunnja gjekk årets fisketur av stabelen frå 4. til 6. August. Etter fleire år med ambisiøse, kostnadsdrivande og sørgjeleg fiskelause turmål utanlands gjekk turen denne gongent til Granekupa. Anders i Kvia var ikkje med og vi konkluderte som George Bush at dei som ikkje er med oss då må vere…

Med Håvarden som sjefsplanleggjar for turgjennomføringa går ikkje noko gale utan at det på førehand er planlagt å gå gale. Skøyter ein på med den teoretiske og praktiske fiskevitskapen til Haralden er grunnen reidd for ein sensasjonelt vellukka fisketur.

Den fyrste motburden møtte vi på Langedalen der Byrge Fitje hadde samla eit større tal Moldensarar o.l. Desse virka etter eit kort overblikk å vere både kjekke og sympatiske menneske, det vil seie – heilt inntil vi fann ut at ein av dei hadde fått borti 20 fiskar i Granekupa tidlegare på dagen. Dette førte til betydeleg auka prestasjonspress på oss fiskarane som inntil då ikkje hadde hatt anna å konkurrere mot enn våre eigne høgst diskutable suksesshistorier frå Skottland og Irland. Etter å ha tenkt oss om litt bestemte oss for at storfiskaren for med dikt og løgn og at bakom det sympatiske, men grunne, ytre budde det ein vond og kjenslekald økokriminell.

Nokre fisketurfølgje plar fokusere på spesifikke fiskefilosofiske retningar. Det vere seg disiplinar som flugefiske, spinnarfiske eller agnfiske. I vårt lag har vi funne at slike avgrensingar er kunstige og kan ha dramatisk innverknad på fangstvolum, sjølvkjensle og generell sinnstilstand. Det fyrste vi gjorde etter ankomst til Granekupa var difor å strekkje tre garn over sundet, slengje ut ein makkedopp, ete oss sprengmette på medbrakte protein- og sukkervarer før vi kollapsa.

Garnfisket var berre moderat effektivt og vi stod att med ein (liten) fisk på kvar til frukost før vi la vegen utetter Storskrefjellet for å prøve fiskelukka der. Harald kasta fluger, eg kasta spinnar og Håvard kasta not. Til all lukke synte stangfisket seg å vere meir suksessrikt, så industrifisket vart fort lagt bort. Fem uheldige aurar måtte bøte med livet med opsjon på ein femte som framleis sym kringom i vatnet med flugedoppen til Håvarden hangande or kjeften, venteleg noko mindre lukkeleg enn før.

Neste stopp var Ytste Granekupvatnet der den heilt utilreknelege Moldensaren hadde skrytt på seg storfangst dagen før. Her beit fisken livleg og etter å ha landa nokre fine aurar sette eg meg ned og tenkte vakre tankar om Jon Otto. Eigentleg ein heiderskar han der nede på Skreddarbakken, som eigenhendig har sytt for at det framleis er fisk å få i desse vatna!

Vi hadde fiska og vi hadde fått fisk. Attåt sjølve fisket er den viktigaste aktiviteten på fisketurane våre å sende hatske og spotske nidvers som er meinte å såre, salte og svi skikkeleg. Det einaste faste grupperingsmedlemmet som hadde feilprioritert dette året var Anders. Dette er handsama i eit tidlegare innlegg og treng ikkje repeterast her. Nidverset han mottok lydde slik:

NIDVERS

Ein småbrukarson ifrå Ytre Fitje
skulle på fjelltur, men “kunne” ikkje

Humanetikaren let det nok vere,
fordi teltet var så tungt å bere

Og kven treng no vel vener og slikt
vere omtykt og mykje godt likt

Vi er ei bitre at han ikkje let seg vende
men opplyser hermed at tre vennskap er til ende

Etter kløa kjem vanlegvis svida,
og denne gong kjem den til Anders i Kvia

Helsing 2/6, 5/5 og 5/8